26.03/04.04: : Rekruttdommarkurs i Selje i april

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Mar 2008

Selje IL, Fotball i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer rekruttdommarkurs i Selje 11.-12.april + ein dag seinare. Påmelding snarast og seinast innan søndag 6.april til: atles@vestdata.no eller tlf. 99247687.

Meir info. om kurset, les under...........              

             

 

REKRUTTDOMMARKURS I SELJE

Selje IL, Fotball i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, tek sikte på å arrangere rekruttdommarkurs i Selje i løpet av april. Slik det ser ut no, på desse dagane:

FREDAG 11.APRIL (ca. kl. 18.00-21.00)

LØRDAG 12.APRIL (ca. kl.9.00-11.30)

Denne dagen er det seriestart i 3.divisjon. Kursleiar skal avgarde og dømme kamp, difor sluttar kurset så tidleg. Selje serieopnar heime mot Fjøra kl.14.00.

+ EIN KVELD/DAG SEINARE SOM PASSAR

Nytt frå i år er at klubbane har førehandsbetalt utdannings-kontingent til fotballkretsen for m.a. dette kurset.

Dette er eit tiltak som vart vedteke på kretstinget i 2007, for å stimulere til auka utdanning i klubbane.

Selje IL vil også i sesongen 2008 ha stort behov for dommarar, både i 7-ar og 11-ar kampar. For å dømme 11-ar kampar, er det krav om at ein skal vere rekruttdommar.

Det er eit klubbansvar å skaffe dommarar. Har vi fleire å dele på, vert det ikkje så stor belastning på enkelte.

For å få lov til å arrangere rekrutdommarkurs må vi ha minst 8 deltakarar.

Vi håpar at du kan delta på dette og hjelpe klubben.

Info. frå SFFK si heimeside om kurset:

Rekrutteringsdommerkurs

Kurset er for deg som er over 15 år og som ønsker å dømme elleverfotball. Det stilles ikke krav om gjennomført klubbdommerkurs i forkant.

Kurset består av fire moduler med innføring og opplæring i spillereglene for elleverfotball.

Hovedmålet med kurset er å gi deltakerne gode holdninger og grunnleggende kunnskaper i spillereglene for elleverfotball, slik at disse kan bli benyttet av kretsen til å dømme kamper primært i fotballkretsens regi.



PÅMELDING SNARAST OG SEINAST INNAN FREDAG 4.APRIL TIL UNDERTEIKNA:

Pr. mail: atles@vestdata.no eller tlf. 99247687

For Selje IL, Fotball

Atle Solheim


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.