12.04: Kanonstart for Selje i Firdaligaen

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Apr 2008

Selje fekk ein fantastisk seriestart i Firdaligaen på heimebane i dag. Selje vann fullt fortent 4-2 mot Fjøra, etter 1-1 ved pause. Då superveteran Roger Hamre sette inn 4-2 to minutt før slutt, vart det ville jubelscener på Selje Idrettspark.........   Les kva Fjøra skriv om kampen: www.fjora.no og på www.haugenfotball.no

Les om alle kampane i 1.runde i Firda: www.firda.no

 

Selje gjorde førhandstipsa til skamme i serieopninga. Etter kanoninnsats og fire flotte mål, tok Selje ein fullt fortent seier mot Fjøra. Heimepublikummet (164 stk) fekk full valuta for inngangsbilletten. Det var nerve og dramatikk frå start til slutt, og elleville jubelscener då seieren var sikra.....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

5 min: 1-0 Andre Kupen scorar frå 10-12 meter, etter assist frå Ole Andreas Solheim.

10min: 1-1 Fjøra får eit svært billeg straffespark, som Frode Kvåle set sikkert i mål og 1-1.

11min: 2-1 Endre Kupen tek ballen med seg frå sidelinja og forserer på skrå innover mot 16 meteren. Skyt hardt frå 17-18 meter og ny Seljeleiing.

20min Werner Kupen knallar ballen i krysset frå 16 meteren, ballen sprett ut att og treverket ristar... 

25min: 3-1 Endre Kupen vert spelt igjennom av Werner Kupen, og set ballen sikkert ved sida av keeper.

27min: 3-2 Arild Underdal får ballen i klynga innanfor 16 meteren og skyt hardt i hjørnet frå skrått hald.

41min: Ken Olav Kupen skyt frå ca. 20 meter i krysset og ut.

45min: Ole Andreas Solheim spelar fram på innbyttar og evigunge Roger Hamre (47 år!), som fintar vekk ein Fjøraforsvarar på hjørnet av 16meteren, og sender ballen i motsett kryss med venstrefoten. Fantastisk! Elleville jubelscener då Selje sikra seieren både på og utanfor bana.

Dommaren bles av kampen og publikum storma bana for å gratulere gutane våre med innsatsen og 3 velfortente poeng.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Jon Aage Riksfjord, Peter Bergesen, Andre Kupen, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Ken Olav Kupen, Endre Kupen, Trond Hamre, Werner Kupen.

Benytta reservar: Roger Hamre, Runar Nøstdal, Martin Hove

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Andre Kupen

Dagens maskottar Martine Nøstdal og Sofie Hove.

At alder ikkje er nokon hindring visste Roger nok en gang i dag:)

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.