26.04: Firdaligaen, Selje - Årdal 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Apr 2008

Selje berga eit poeng mot Årdal i Firdaligaen i dag. Etter ein forholdsvis jamn 1.omgang, med sjansar til begge lag, leia Årdal 1-0. Endre Kupen utlikna til 1-1 etter 8 min. i 2.omgang. Utover omgangen vart det eit stort Årdalpress, men Selje forsvarte seg heroisk og berga eit poeng.........

Ikkje mange hadde levna heimelaget store sjansar i dag. Heile 4 av spelarane som starta forrige kamp mot Eid, var ute pga skade eller jobb, så Selje sitt utgangspunkt var ikkje det beste......... Årdal hadde fått tilbake nokre av sine spelarar som har vore ute........Men fotballen er heldigvis framleis like rund som før.......

Kampen starta med høgt tempo og mange duellar. Årdalspelar Preben Strypet fekk sjå det gule kortet alt etter 1 minutt. Etter 9 min hadde Årdal ein stor sjanse. Så følgde tre store Seljesjansar, i det 13., 14. og 15.minutt. Endre Kupen skaut fyrst rett på keeper, før han på neste sjanse dempa ballen på brystet og smelte til frå 10-12 meter så Årdalkeeper Sirokski måtte ut i full strekk. Eit minutt seinare var Endre frampå igjen, men ein god Sirokski kasta seg og redda.

Årdal hadde ballen mest i ein periode, men Selje fekk ein ny kjempesjanse etter 24. minutt. Roger Hamre la inn, men Endre Kupen var nokre centimeter for kort og headinga gjekk like over på blankt mål. Årdal hadde også ein stor sjanse etter 37 minutt, med avslutning frå sekstenmeteren som strauk rett utanfor stanga. Så, eit minutt seinare vart det 0-1. Ein Årdalspelar vart spelt igjennom, og Terje Andreas Jevnaker lobba over Tom-Øyvind Solheim. Denne scoringa burde heilt klart vore avvinka for offside, men målet vart godkjent og dermed kunne Årdal gå til pause med 1-0 leiing. Selje hadde absolutt vore med på notane i fyrste omgang, og burde hatt uavgjort med seg i garderoben.

2.omgangen starta med Årdalovertak, som no pøsa på med lange ballar. Men det var Selje som scora. Werner Kupen spelte glimrande gjennom Endre Kupen, som sette ballen lavt ved sida av keeper og i mål, til stor jubel frå heimepublikummet. Endre Kupen var ein konstant trussel heile kampen, og gjorde veldig mykje bra med ballen. 

Årdal trykte meir og meir på utover omgangen. Årdal hadde ein kjempesjanse etter 11 minutt, men Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim rykka ut og blokkerte skotet. Ny stor Årdal-sjanse etter 28 minutt. I det 29.minutt er Tom-Øyvind igjen ute og stoppar eit skot frå skrått hald.

Siste halve omgangen hadde Selje meir enn nok med å forsvare seg, mot eit Årdal-lag som jaga tre poeng. Årdal var farleg nær ved fleire høve, og publikum "såg" ballen i mål fleire gonger. Men Selje hadde turen på si side, i tillegg til ein formidabel defensiv jobb av samtlege, med ein svært god keeper Tom-Øvind Solheim bakerst (som vart kåra til dagens seljespelar). Av utespelarane i forsvaret vil vi spesielt framheve midtstoppar Andre Kupen som rydda opp i stor stil.

Publikum såg på klokka og håpte at Selje skulle klare å berge eit poeng. Det ville difor vore urettferdig om Endre Kupen hadde scora på ein av Selje sine få sjansar i 2.omgang, då han i det 44.minutt avslutta frå sekstenmeteren og ballen strauk like over tverrliggaren.

Endeleg, etter 49 og eit halvt minutt spel i 2.omgang, bles dommar Øyvind Grindheim av kampen. Selje jubla for eit nytt poeng, og fortel med det endå ein gong at nedrykksdømde Selje er å rekne med.......... 

Vi takkar for ein ny spennande kamp, og gratulerer gutane våre med ein utruleg flott innsats der samtlege gjer manns jobb! 

Selje-trenar Idar Taklo var glad for poenget mot Årdal, og skrytte av jobbinga som gutane la ned. "Det er igjen ein kollektiv laginnsats som det står respekt av, og som har gitt oss tre gode kampar med fire poeng så langt", seier ein fornøgd Selje-trenar. 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Peter Bergesen, Andre Kupen, Jon-Aage Riksfjord, Ole Andreas Solheim, Werner Kupen, Kristoffer Hove, Martin Hove, Endre Kupen, Roger Hamre.

Benytta reservar: Kennet Honningsvåg, inn for Peter Bergesen etter 78 min.

Andre reservar: Anders D. Rekdal, Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik, Rikard Rekdal, Kristoffer Nøstdal, Kjell Omar Åhjem.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Tom-Øyvind Solheim


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.