Fjelltrimmen 2012, Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Mai 2011

Fjelltrimmen 2012:

Under finn du:

les hele saken...........

- Resultatlister fjelltrim Selje IL 2012

- Info. og trimpostar fjelltrim Selje IL 2012

 

 RESULTAT FJELLTRIMMEN SELJE IL 2012

FJELLTRIMMEN 2012


Trekning av 1 GAVEKORT

BYGGER`N SELJE KR 500,-

mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2012.

 

  1. RUNDEREIM, KÅRE 911
  2. WOLD, OLAUG 655
  3. LISTOU, ANDERS 559
  4. ÅRVIK, SØLVI 391
  5. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI 353
  6. BERSTAD, BENTE K. 262
  7. HOVE,OLA 262
  8. TOBIAS, JENS 248
  9. PETERSEN, HEIDI 222
  10. RUNDEREIM, SYNNØVE G. 211

Vinnar: OLA HOVE

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT

COOP PRIX SELJE KR 500,-

Mellom alle som i 2012 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane innan 27.10.12.

  1. AARSHEIM, MADELEN K.
  2. AARSHEIM, SVEIN-KÅRE
  3. AUSTRING, JAN
  4. AUSTRING, MONA
  5. BAKKE,INGE
  6. BARMEN, JETMUND
  7. BARMEN, SVEIN
  8. BERGE,KRISTINA
  9. BERSTAD, BENTE K.
  10. BERSTAD, HÅKON
  11. BERSTAD,ÅSE-BIRGITTE
  12. BØSTRAND,ASBJØRN
  13. ERVIK,HILDEGUNN
  14. ERVIK,LINNEA
  15. FLØLO, BIRGITTE S.
  16. FLØLO, KJELL-MAGNAR
  17. HAMMERSVIK, HALVOR
  18. HAMMERSVIK,JAN
  19. HAMRE,HELGE
  20. HAMRE,MARIUS AAM
  21. HANSEN,SVEINUNG
  22. HATLELID,STEINAR
  23. HATLENES,EVY-ANN
  24. HAUGLAND, EMMA WOLD
  25. HAUGLAND, KNUT
  26. HAUGLAND, NORA WOLD
  27. HJELLE, ODDRUN
  28. HJELLE, SIGBJØRN
  29. HJERTENES,ARNE
  30. HOLE, ÅSE ELIN
  31. HONNINGSVÅG, HILDE
  32. HOPLAND,TURID
  33. HOVDEN, VIGDIS M.
  34. HOVE,OLA
  35. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI
  36. KVERNEVIK, YVONNE
  37. LESTO, JOHANNE M M
  38. LESTO, LEIF
  39. LESTO,OLAV
  40. LESTO,TURID
  41. LIEN, THERESE
  42. LIEN, WANJA KRISTIN
  43. LISTOU, ANDERS
  44. MIDTGAARD,ANN-KRISTIN
  45. MIDTGAARD,ERIK
  46. MIDTGAARD,OLAV
  47. NERLAND,MERETE
  48. NORDPOLL,KARIN
  49. NØSTDAL,ATLE
  50. PEDERSEN,ÅSE
  51. PETERSEN,HEIDI
  52. RUNDEREIM, HELENE
  53. RUNDEREIM, KÅRE
  54. RUNDEREIM, SISSEL
  55. RUNDEREIM,SYNNØVE G.
  56. RUNDERHEIM,ANNE HEMBRE
  57. RØYSET,RANDI M.
  58. RØYSET,TORGEIR
  59. SALT,LEIDULF
  60. SELJEN, ARNE
  61. SELJEN, ÅSHILD
  62. SKORGE, EVELYN
  63. SKÅRBØ,MAGNE
  64. SOLHEIM, KAI-SINDRE
  65. STARHEIMSÆTER,INGER
  66. SÆTREN,VIVIAN N.
  67. TOBIAS,JENS
  68. TVEIT, SOLVEIG W.
  69. VENØY, JAN PETTER
  70. VENØY,KJELLAUG H.
  71. WOLD, OLAUG
  72. ØDEGAARD,KJETIL
  73. AALAND,STEVEN
  74. ÅHEIM, ARVE
  75. ÅHJEM, LIVE
  76. ÅHJEM, SYNNØVE
  77. ÅRVIK, PER KNUT
  78. ÅRVIK, SØLVI

Vinnar: STEINAR HATLELID

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS KR 300,-

Mellom alle født etter 1/1-97 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.

1. BERGE,KRISTINA alle postane

2. ERVIK,LINNEA ” ”

3. HAMRE,MARIUS AAM ” ”

4. HAUGLAND,EMMA WOLD " "

5. HAUGLAND,NORA WOLD " "

6. RUNDEREIM, HELENE ” ”

7. RØYSET,TORGEIR P. ” ”

8. HOVDEN,JULIE 12 postar

Vinnar: KRISTINA BERGE

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 PREMIE VERDI kr 250,- SALONG VI-2 frisørsalong

Mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhusdalen. Vilkår født etter 1/1-97.

1. HOVE,SARA 5

2. HAUGLAND,EMMA WOLD 4

3. HJERTENES,RICHARD 4

4. HODDEVIK,HENRIK 4

5. KRAKEREID,ELISE 4

6. LISTOU,JOSEFINE H. 4

7. AARSETH,LARS-PETTER 3

8. GRYTTING,NICHOLAS 3

9. LISTOU,MATHILDE H. 3

10. NØSTDAL,MARTINE 3

11. OSMUNDSVÅG,MIKAL 3

12. REFVIK,MAREN 3

13. SKÅR,MATHIAS 3

14. SÆTREN,ROBERT 3

15. SØRENSEN,ANN-MARI 3

16. THUNEM,AGNES P. 3

Vinnar: MATHILDE H. LISTOU

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS KR 500,-

Mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska ( frå palmelørdag 31. mars til 2. påskedag 9. april 2012 ).

1. BERSTAD,BENTE K. 6

2. HONNINGSVÅG,HILDE 6

3. RUNDEREIM,KÅRE 6

4. ÅHEIM,ARVE 6

Vinnar: HILDE HONNINGSVÅG

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av PREMIE ( Ryggsekk )

Mellom dei 10 med flest besøk på årets fjelltopp BERSTADHORNET.

  1. WOLD,OLAUG 22
  2. TOBIAS,JENS 20
  3. RUNDEREIM, KÅRE 15
  4. RUNDEREIM,SYNNØVE G. 11
  5. ÅRVIK,SØLVI 10
  6. LESTO,TURID 9
  7. AUSTRING,TORMOD 7
  8. AUSTRING,MONA 6
  9. LISTOU, ANDERS 5
  10. BARMEN,JETMUND 4
  11. BERSTAD,HÅKON 4
  12. ELDE,ANFINN 4
  13. FLØLO,KJELL-MAGNAR 4
  14. HOLE,ÅSE ELIN 4
  15. INGEBRIGTSEN,MAY-RANDI 4
  16. KOSTØL,MARIT 4

Vinnar: OLAUG WOLD

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av premie ( Ryggsekk )

mellom dei med mest besøk på ÅRETS SAGA –post NAUSANE

1. RUNDEREIM, KÅRE 27

2. PETERSEN, HEIDI 23

3. INGEBRIGTSEN, MAY-RANDI 20

4. SELJEN,ÅSHILD 17

5. LISTOU,ANDERS 13

6. BARMEN, SVEIN 13

7. BARMEN, MAGNY 12

8. ÅRVIK,SØLVI 11

9. ELDE,ANFINN 9

10. RUNDEREIM, SYNNØVE G. 9

Vinnar: KÅRE RUNDEREIM

 

FJELLTRIMMEN 2012

Trekning av PREMIE

1 Gåvekort frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan Petter Venøy

Mellom dei 10 trimfamilier som har høgast poengsum samla i 2011.

1. Rundereim, Helene/ Honningsvåg, Hilde/ Rundereim, Kåre 1.107

2. Haugland,Oda/ Nora/ Emma/ Knut/ Olaug Wold 1.033

3. Årvik, Sølvi/ Årvik, Per Knut 599

4. Berstad, Are, Åse Birgitte//Berstad, Bente K./ Berstad, Håkon 523

5. Åheim,Arve/ Åhjem,Live/ Åhjem,Synnøve/ Stender, Marianne 408

6. Hove, Sara/ Hove,Sofie, Refvik,Nina/ Hove,Ola 359

7. Flølo, Birgitte S./ Skorge, Evelyn/ Flølo, Kjell-Magnar 358

8. Seljen,Birgitte/ Seljen, Lise-Marie/ Seljen, Åshild/ Seljen, Arne 319

9. Austring, Aurora/ Mona/ Jan 302

10. Røyset,Sigrun E./ Torgeir P./Tone H/Randi M/ Per S. 272

Vinnar: Hove, Sara/ Hove,Sofie, Refvik,Nina/ Hove,Ola

 

FJELLTRIMMEN 2012

TRIMDAG FOR SELJE

LØRDAG 1. mai 2012

Trekning av premie ( Gavekort Pryd & Mote kr 300 ) mellom dei som har skrive seg inn på ein av trimpostane denne dagen.

  1. BRATTLI,VERONIKA
  2. GRYTTING,FRODE
  3. GRYTTING,PER MARTIN
  4. HAMMERSVIK,JAN
  5. HATLENES,RITA H.
  6. HAUGLAND,NORA W.
  7. HIMLE,JOHN E.B.
  8. HJERTENES,ARNE
  9. HONNINGSVÅG, HILDE
  10. HOVDEN,JULIE
  11. HOVDEN,TERJE
  12. HOVDEN,UNNI E.
  13. HOVDEN,VIGDIS M.
  14. INGEBRIGTSEN,MAY-RANDI
  15. LESTO,TURID
  16. LIEN,THERESE
  17. LISTOU, ANDERS
  18. NORDPOLL,KARIN
  19. OTNES,MAGNUS
  20. RUNDEREIM, KÅRE
  21. SANDE,REIDAR
  22. SMENES,BASTIAN
  23. SMENES,FELIX
  24. SMENES,JAN VIDAR
  25. STAVE,LIV
  26. SUNDE,TORE
  27. WOLD,OLAUG
  28. ÅBØ,ERLING J.
  29. ÅBØ,JOHANNE
  30. ÅBØ,KASPER
  31. ÅRVIK,SØLVI

Vinnar: OLAUG WOLD

 

VINTERTRIMMEN 20101 2012.

mellom dei som har skrive seg inn i vinterbøkene.

Vintertrimpost: TUA

PREMIE ( Termos ) til: JETMUND BARMEN

 

Trimpostane:

A: Klipet 1 p. G: Ryggjajorda 2 p. M: Berstadhornet 6 p.

B: Kvernhusdalen 3 p. H: Liberra 8 p. N: Tua 2 p.

C: Orren 2 p. I: Geitahornet 7 p. O: Løypinga 6 p.

D: Tarvaldseggja 6 p. J: Høgeggja 6 p. P: Kvamefjellet 12 p.

E: Bergshornet 2 p. K: Eidshornet 3 p.

F: Nausane 4 p. L: Steineggja 5 p.

 

 

FJELLTRIMMEN 2012

16 TRIMPOSTAR,sjå nederst 

 

FJELLTRIMMEN 2012

MELDING FRÅ SELJE I.L. - MOSJONSGRUPPA

 

FJELLTRIMMEN 2012

1102 personar deltok i fjor!

År

Personar

Turar

Poeng

Tall postar

På alle postane

1994

593

2601

8

13

1995

625

3670

10

25

1996

714

3807

14214

13

22

1997

707

3989

15428

15

29

1998

1071

6739

26321

16

79

1999

1102

6754

25366

16

81

2000

957

6359

25722

16

93

2001

913

6549

26134

16

85

2002

1166

10291

41522

16

140

2003

1237

9644

39454

16

114

2004

1115

7947

31509

16

105

2005

1152

7528

29352

16

93

2006

1019

7365

28220

16

99

2007

1105

7205

26267

16

76

2008

1122

7796

29198

16

85

2009

1258

7916

28865

16

77

2010

1157

6511

23921

16

81

2011

1102

6296

23732

16

75

Mosjonsgruppa arbeider med å forbetre tilbodet , men tal postar blir ikkje endra i 2012.

Postane/ bøkene blir lagt ut lørdag 17. mars 2012 og ligg ute til 27. oktober 2012.

Bøkene for vintertrimmen blir samtidig henta inn 17. mars 2012.

Når sesongen er over blir triminnsatsen til kvar enkelt mosjonist rekna ut i poeng .

Plakett/skjold

Til dei som har vore minst 1 gong på alle 16 postane. Mosjonsgruppa kan få laga ein plakett i tre til dei som skriv seg inn på alle postane og "nye" som fullfører alle 16 postane i 2012 kan kjøpe plakett til kostpris kr 150,-. Dei 286 som har plakett frå før og har gått alle postane i år kan for kr 10,- få årstalmerke "2012" hos Sølvi Årvik til å lime på.

Premiering

* Trekning av 1 GAVEKORT COOP PRIX SELJE kr. 500,- mellom alle som i 2012 innan 27.10.12 har skrive seg inn på alle 16 fjellpostane .

* Trekning av 1 GAVEKORT BYGGER`N SELJE kr. 500,- mellom dei med 10 beste poengsummane og alle dei som har vore 3 gonger innom alle trimpostane i 2012.

* Trekning av 1 GAVEKORT BUNNPRIS kr. 300,- mellom alle født etter 1/1-97 som har gått på minst 10 ulike fjellpostar.

* Trekning av 1 PREMIE SALONG VI-2 verdi kr. 300,- mellom dei 10 med flest besøk eller som har vore minst 6 gonger innom posten Kvernhus- dalen. Vilkår: Født etter 1/1-97.

* Trekning av 1 GAVEKORT SELJE HOTEL AS kr.500,- mellom dei som har gått på minst 6 ulike postar i påska (frå palmelørdag 31.03 til 2.påskedag 09.04).

* Trekning av PREMIE mellom dei med minst 10 besøk på posten NAUSANE

* Trekning av premie(ryggsekk) mellom dei 10 med flest besøk eller

minst 10 besøk på årets fjelltopp Berstadhornet.

* Trekning av 1 GAVEKORT frå SELJE SPORT OG FRITID v/ Jan

Petter Venøy, verdi kr.300,- mellom dei 10 trimfamilier som har

høgast poengsum samla.

* Trekning av premie: trimdag for Selje 1. mai 2012.

* Trekning av premie: vintertrim2011/ 2012.

* Årets fjelltrimmar:personen med beste poengsum samla . Upremiert.

* Årets trimfamilie:familien med beste poengsum samla . Upremiert.

* RISNAKKEN

Konkurranse med eventuell premiering av Selje Barnehage, mellom alle barn født 2006 til 2012 som har skrive seg i boka på Risnakken.

Konkurranse med eventuell premiering av Selje Skule mellom alle barn født 1996 til 2006 som har skrive seg i boka på Risnakken.

* BERSTADHORNET Årets fjelltopp, trekning blant dei 10 beste eller minst 10 besøk.

* KVERNHUSDALEN Født etter 1/1-97 trekning av premier blant dei beste.

* PÅSKETRIMMEN Loddtrekning av gåvekort mellom dei som har gått 6 ulike postar i påska frå palmelørdag 31/3 til og med 2. påskedag 9/4-2012.

Turmarsjar

Turmarsj: Søndag 29. april

Tur frå Indre Fure til Ytre Fure og ev. over til Hoddevikfjellet. Oppslag. Ytre Nordfjord Turlag.

Trimdag: Søndag 1. mai

Er trimdag for Selje " Heile folket i form". Fritt turval. Alle som skriv seg inn på ein av trimpostane denne dagen blir med på trekning av premie.

Turmarsj: Søndag 20. mai

Tur frå Berstad over Løypinga til Rimstad eller Høgehornet. Oppslag.

Turmarsj: Mandag 28.mai (2.pinsedag)

Fjelltur ut i det fri. Friluftsgudsteneste for alle sokna. Vi går den gamle kyrkjevegen frå Liset (Selje) og frå Dragseidet (Leikanger) og møtest langs ruta og har gudsteneste. Samarbeid mellom sokneråda, Selje IL og Stadlandet IL. Sjå annonsering seinare.

Anna informasjon

* Ein arbeider med eit opplegg med informasjon og bilete på Selje IL sine nettsider, og eit opplegg med kveldsturar med utgangspunkt i Selje – f.eks. 2- 2 ½ time.

Alternativt informasjon ved oppslag i sentrum på Nabben om turar.

* Mosjonsgruppa vil prøve å arrangere fellestur 2012. Kjem tilbake til annonsering og påmelding seinare.

Ytre Nordfjord Turlag arrangerer turar i distriktet, sjå annonsering i avisa.

* Stadlandet Idrettslag har 14 trimpostar på:

Flødevatnet, Nobba, Sjåstadvarden, Vardeberget, Grøtrøysa, Dalskarhornet, Hanekamben, Revjehornet, Kyrnosa,Mosekleivhornet, Liberra, Geitahornet, Lundebrekkhornet og Skjeljevatna.

* Frå 27. oktober 2012 til ca. 20. mars 2013 vil det ligge vinterbøker på alle postane. For å vere med i trekning må du ha vore minst 1 gong på følgjande 4 postar: Klipet, Kvernhusdalen, Bergshornet og Nausane.

Det ligg bok heile året på Risnakken og på toppen av Seljeøya.

OBS : Ein gjer merksam på at hjortejakta tek til 10/9.

* Det går fine stiar til alle desse trimpostane som også er flotte utsiktsstader. For å betre fjelltrim-tilbodet vil mosjonsgruppa halde fram arbeidet med å rydde, klippe og få merka dei ulike turstiane. Det ligg bok i vardane eller ved merkepostane, der ein kan registrere at ein har vore der. Ut frå registreringa i bøkene blir triminnsatsen rekna ut . Resultatlister blir lagt ut på Selje Idrettslag sine heimesider.

Utdeling av plakettar og premier vil finne stad i løpet av vinteren.

* Vi viser til Friluftskartet over Selje og Vågsøy kommune med mykje nyttig informasjon.

* Selja Forlag ga i 2005 ut boka ”Opptur” med bilder og tekst over fjellturar i fylket.

Mosjonsgruppa ønskjer alle eit fint trimår med mange fine turar og minner . Mosjonsgruppa er interessert og opne for tips, utspel og nye ideer til turar og trim.

Takk til sponsorane våre.

Ta gjerne kontakt med mosjonsgruppa :

Sølvi Årvik, Kjellaug Hove Venøy, Rita Refvik, Arne Seljen, Kåre Rundereim, Håkon Berstad.

 

TRIMPOSTANE 2012

KLIPET– 180 m.o.h. med start t.d. frå ferist mellom "Nova" og vegen til Djupedals- feltet. Kan kombinerast med ein tur i Kvernhusdalen eller mot Djupedalsvatnet til Orren . Gjev 1 poeng pr. besøk .

KVERNHUSDALEN– 167 m.o.h. har posten ved utløpet frå Kvernhusdalsvatna. Rundt vatna har vi ei fin rundløype. Ta også turen bort på Kyrkjehornet for utsikta sin del . Posten gjev 3 poeng .

ORREN– 400 m.o.h. er toppen mellom Djupedalsvatnet og Tarvaldseggja . Kortast vei er stien frå sidevei på Sandvikeidet. Blir ofte brukt som ein post på ruta til/frå Tarvaldseggja. 2 poeng .

TARVALDSEGGJA- 645 m.o.h. er nest høgste fjelltoppen i kommunen, og er best tilgjengeleg frå Sandvikeidet. Merka løyper opp. Gjev 6 poeng.

BERGSHORNET– 340 m.o.h. er ein trimpost med fin utsikt over Bergsbygda og Moldefjorden. Merka sti frå 3. svingen på Sandvikeidet på Selje-sida. 2 poeng.

NAUSANE- 448 m.o.h. kan nåast på merka sti frå Bergshornet mot aust eller på sti frå Sandvikeidet. Ta gjerne omveien om Søreggja med fin utsikt mot Selje. 4 poeng.

RYGGJAJORDA– 20 m.o.h. ligg like utanfor Årdalen. Dei som endå ikkje har gått fjøra frå Skårbø til Årdalen har ei oppleving til gode . Lett å gå , oftast lunt og godt, og heilt spesielt . Gjev 2 poeng . For dei som ynskjer noko større utfordring, vil ein foreslå ein tur ut til Tårnet/ Liberrmannen, ein heilt spesiell steinformasjon nokre hundre meter utanfor Årdalsholmen. Eller ein tur på

LIBERRA- 471 m.o.h. med oppstigning frå Ryggjajorda eller frå Liset/ Skårbø/Årdal. Turen kan også gå frå Dragseidet over Sjåstadvarden som er lettaste veien. Liberra har utruleg fin utsikt, og har ei spesiell utforming. Her får du 8 poeng for eit besøk. Frå Liberra kan turen gå til

GEITAHORNET– 474 m.o.h. ved den gamle kyrkjevegen Liset-Dragseidet er ein litt spesiell topp med utruleg fin utsikt. Besøk på Geitahornet gjev 7 poeng. Tilkomst også frå Skårbø eller Liset .

HØGEGGJA- 414 m.o.h. frå Liset ein liten omvei på stien mot Geitahornet, langs den gamle kyrkjevegen Liset - Dragseidet - 6 poeng .

EIDSHORNET- 530 m.o.h. når ein lettast ved å gå opp frå Mannseidet. Turen hit gjev 3 poeng. Frå Eidshornet er det flott utsikt i alle retningar og ein fin tur mot nordaust til

STEINEGGJA- 501 m.o.h. med utsikt mot Kvamsdalen og Vanylvsfjorden 5 poeng. Ligg nær Krokevatnet som er eit godt fiskevatn . Det er merka sti vestover mot Nausane og Sandvikeidet.

BERSTADHORNET- 578 m.o.h. med kjempefin utsikt i alle retningar . Relativt lett å gå sørover frå Mannseidet , gjev 6 poeng.

TUA ( BERSTAD )– 440 m.o.h. ein mindre avstikkar på stien frå Mannseidet mot Berstadhornet, 2 poeng.

LØYPINGA– 280 m.o.h. i Berstaddalen opp frå Berstad langs den gamle postvegen til Bryggja gjev 6 poeng, medan den høgste fjelltoppen i kommunen

KVAMEFJELLET/ HØGEHORNET- 774 m.o.h. gjev heile 12 poeng. Det er mange stiar som fører opp til høgaste fjellet i kommunen, og varier gjerne . Merka og rydda sti opp frå Berstad, elles er det naturleg å gå opp frå eller helst ned til Løypinga.

Det var lokalt rydda og merka stiar også frå Hatlenes og Langenes.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline