31.05: Selje-Florø 0-1

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jun 2008

Florø hadde mest av banespelet, særleg i 1.omgang. Men sjansane var likeleg fordelt, og kampen kunne bikka begge vegar. Selje tapte igjen knepent på heimebane, og står framleis med 5 poeng.......

Selje fekk som forventa ein vanskeleg kamp mot formlaget Florø, som i dei to siste kampane hadde sigra over Førde og Sogndal 2. Selje hadde fått tilbake fleire av dei som mangla forrige kamp, og stilte sterkare enn sist helg.

Florø kom best i gang og hadde eit overtak i banespel heile omgangen. Dei var meir nøyaktige i pasningsspelet enn Selje, og var kjappe i angrep. Men trass i eit overtak i banespel, resulterte det i få målsjansar. Nærast var Florø mot slutten av omgangen med eit par store sjansar, m.a. heading like over på nesten blankt mål.

Den største Selje-sjansen kom etter 39 min, då Endre Kupen sende avgarde eit frispark frå 25 meter som gjekk i keeper, stanga og ut. 

Selje avslutta omgangen med 10 mann, etter at Andre Kupen og Ole Andreas Solheim stanga saman i ein hovudduell. Det såg stygt ut og begge vart liggjande, men etter behandling av Selje Røde Kors kom begge seg på beina igjen. Andre Kupen måtte ut og sy eit kutt, og fullførte kampen med bandasje.  

Selje kom mykje betre med i 2.omgang, og Florø dominerte langt mindre i banespel. Selje hadde flest store sjansar i denne omgangen, men utan å få nettkjenning. Etter berre 3 minutt hadde Werner Kupen ei god avslutning frå innsida av 16 meteren, som strauk på utsida av stanga. Etter 25 min eit kjempeskot av Endre Kupen som keeper redda meisterleg. 

På ein av få store Florø-sjansar i 2.omgang får Torstein Grytten fulltreff frå 16meteren etter 78min spel. Ballen susa inn nesten oppe i vinkelen, utan sjanse for ein ellers god Tom-Øyvind Solheim i Seljemålet. Dermed 1-0 leiing til Florø, som akkurat då toppa Firdaligan etter at Førde låg under mot Tornado Måløy.

Men trass i kalddusjen, gav Selje ikkje opp og trykte på for utlikning. M.a. hadde Ole Andreas Solheim eit raid på venstrekanten og avslutta hardt frå skrå vinkel, men keeper redda. Aller nærast scoring var Werner Kupen etter 87 min, som kom åleine gjennom mot ein utrusande Florøkeeper Bjørnar Johannesen. Dessverre for Selje gjekk skotet på keeper.

Selje greidde ikkje å score, og dermed kunne Florø juble for 3 nye poeng. Igjen eit knepent og noko bittert Seljetap på heimebane. I 2.omgang stod kampen lenge og bikka, og sigeren kunne gått begge vegar. Selje hadde ut frå sjansane i 2.omgang fortent å få med seg poeng. Men Florø hadde marginane med seg, slik topplag ofte har, og vann.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Espen Nøstdal, Peter Bergesen, Kristoffer Hove, Runar Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim, Andre Kupen, Endre Kupen.

Benytta reservar: Werner Kupen for Peter Bergesen etter 45min., Joachim Refvik for Espen Nøstdal etter 79min.

Andre reservar: Atle Riksfjord, Aleksander Kvernevik, Rikard Rekdal, Kristoffer Nøstdal, Anders D. Rekdal.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim

Gule kort: Andre Kupen, Endre Kupen

Dommar: Robert Endestad, Tempo FK. Ass.dommarar: Per Olav Erikstad, Jølster IL og Andreas Grøneng, Eikefjord IL

Tilskodarar: 195

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.