23.07: Småjentelaget til Norwaycup

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jul 2008

 

Selje sitt småjentelag deltek på årets Norwaycup. Laget er påmeldt med 7-ar lag i jenter 14-klassen. Laget leiar si avdeling i serien, og har gjort det godt på cupar som dei har delteke på......Les meir under...

Selje sine småjenter har full pott i serien så langt, og har gjort det skarpt på cupane i år. Siste seier til laget kom i Seljecup i klasse J14 i juni, der bildet ovanfor var teke.

Ellers har laget jobba mykje dugnad i løpet av året, som har gjeve gode inntekter. Flott innsats!

Desse spelarane er med: Laila Cathrin Hoddevik, Hanne Bortne, Elise Sætren, Live Åhjem, Susanne Aarsheim, Vilde Træet, Sandra Rye, Sofie Hove, Tone Helen Røyset, Anna Stevenson, Karoline Liseth.    

Leiarar som er med: Nina Refvik, Johnny Træet, Merethe K. Aarsheim, Vivian N. Sætren. 

Vi ynskjer laget god tur, og lukke til på Norwaycup!   

Innleiande kampar:

Søndag 27.juli kl. 11.30 Selje-Målselv

Mandag 28.juli kl.11.30 Selje-Frigg/Oslo

Tysdag 29.juli kl.17.30 Selje-Torvastad


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.