02.08: Stortap for Selje i Firdaligaen

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Aug 2008

Selje gjekk på eit stortap i fyrste haustkampen i Firdaligaen. Fjøra vann heile 10-0, etter 5-0 ved pause, og påførte Selje det største tapet på årtier....

Selje møtte eit lag som var klare for haustsesongen og som var lystne på revansje for tapet i vårsesongen. Fjøra var veldig effektive og gode i dag. Selje vart hardt straffa for personlege feil ved fleire av måla. Selje skapte nokre gode målsjansar i kampen, men fekk ikkje utteljing.

Selje stilte med eit bra lag, sjølv om ein del av dei faste mangla i dag.   

Å tape 10-0 er sjeldan kost, og Selje må berre gløyme denne kampen fortast mogeleg og brette opp ermane til dei komande kampane skal det vere håp om å overleve 3.div.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Espen Nøstdal, Peter Bergesen, Joachim Refvik, Atle Riksfjord, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Martin Nygård, Werner Kupen, Trond Hamre.

Benytta reservar: Alexander Wik (for Espen Nøstdal etter 45min), Andre Kupen (for Peter Bergesen 80min), Aleksander Kvernevik (for Joachim Refvik etter 81min).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.