18.10: Selje til KM-finale

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Okt 2008

Småjentelaget til Selje vann i dag 2 - 3 mot Kaupanger i dagens KM-sluttspel på kunstgraset i Kaupanger.

Stor jubel når dommaren satte sluttsignalet for kampen.

Selje la ned ein stor innsats og viste god lagmoral i det som vart ein veldig underhaldande kamp på Kaupangerskogen i dag. Det vart spenning heilt til dommaren blåste av kampen, noko som førte til særs nervøse tilstandar på sidelinja i sluttminutta.

Det var eit godt fornøgd støtteapparat etter kampen: "Dette var ein veldig spennande kamp, syns vi var best igjennom kampen totalt sett. Vi har mange målsjansar, blant anna 3 sjansar som gjekk i stanga. Kaupanger var farlege på kontringar, men vi var kompakte bakover.

Selje kom godt i gang i dagens kamp og tok ein fortjent leiing tidleg i kampen ved Elise Sætren. I denne perioden skapte Selje mange målsjansar. Vi fekk sjå god jobbing defensivt og mange flotte angrep i løpet av kampen i dag.

Småjentene er dermed klare for KM-finale, der dei møter Gaular. Kampdato og tidspunkt kjem i neste veke.

Kampfakta:

18.10.2008 kl.14.00

Kaupanger - Selje 2 - 3

Kaupanger Kunstgras

0 - 1 Elise Sætren

1 - 2 Susanne Aarsheim

2 - 3 Hanne Bortne


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.