Blå diplom til Nina og Geir Johnny
Postet av Selje IL - Fotball den 20. Des 2008
På Selje IL julebord/årsfest sist helg, fekk Nina Refvik og Geir-Johnny Rye tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrets sin blå diplom for langvarig innsats......
Begge har 10-11 års teneste for klubben, som trenar, oppmann, medlem Fotballgruppa og div. anna og er verdige vinnarar av kretsens blå diplom. Nina har også vore leiar i Barne- og Ungdomsgruppa i mange år. Selje IL er glad for å kunne heidre personar som legg ned ein stor frivilleg innsats for idrettslaget. Gratulerer og takk for innsatsen så langt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.