21.12: Stadlandet-Selje 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Des 2008

Det vart uavgjort 1-1 i juniorkampen Stadlandet-Selje i dag, etter 1-1 ved pause.......

Regn og periodevis sterk vind på Stadlandet stadion i dag, men fin spelebane.

Stadlandet gjekk opp til 1-0 etter 9 minutt. Eit langt framspel heada Jørgen Honningsvåg vidare over Seljekeeper Alexander Hovdevik og i mål. Endre Kupen utlikna til 1-1 med eit skot innanfor 16meteren i det 27min, etter eit lang krossball frå Joachim L. Træet. Endre Kupen var nær scoring også litt seinare i omgangen, men skotet trilla på utsida av stanga.

I 2.omgang vart det ingen mål, sjølv om begge lag hadde sjansar. Selje hadde mest av banespelet og hadde nokre gode sjansar utover omgangen, bl.a. skot av Ole Andreas Solheim som Stadkeeper Andreas Kvernevik fekk slått til corner, frispark frå Kennet Honningsvåg, og nesten scoring av Magnus Nore. Stadlandet jobba hardt, vann mest duellar og greidde å renske unna. Når Selje ikkje fekk utteljing, kunne Stadlandet scora på slutten av kampen, då Per Arne Teige skaut forbi keeper, og ballen trilla like til side for stolpen. Dermed ebba kampen ut med 1-1 og poengdeling.

Seljes tropp: Alexander Hovdevik, Joachim L. Træet, Runar T. Aarsheim, Dan Robert Warberg, Vidar Hagen, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Aleksander Kvernevik, Christian V. Sneide, Kennet Honningsvåg, Magnus Nore, Endre Kupen, Anders D. Rekdal, Susanne Vatnehol, Glenn-Inge Kvernevik, Saron Osmundsvåg, Alexander Hove.

Selje sin sjette og siste kamp i vinterserien er beramma til søndag 4.januar, Sandane-Selje.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.