04.04: Selje vann på overtid mot Åram/Vankam

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Apr 2009

Selje innleia påska med treningskamp på heimebane mot Åram/Vankam. Selje låg under 0-1 ved pause, men kom sterkt tilbake mot slutten av kampen og vann 3-2... 

Selje fekk ein vanskeleg start på kampen, då keeper Tom-Øyvind Solheim måtte ut med skade berre etter nokre minutt. Utespelar Joachim Refvik tok over keeperdrakta, og gjorde ein god jobb resten av kampen.

Åram/Vankam var det beste laget i fyrste omgang, sjølv om Selje mot sluttten av omgangen også hadde sine sjansar. Ved pause stod det 0-1. Selje kom stadig sterkare utover 2.omgang, og var nær utteljing ved fleire høve. Men det vart Åram/Vankam som gjekk opp til 0-2 i staden.

Aleksander Kvernevik reduserte til 1-2. Dette gav Selje endå meir trykk, og innbyttar Gaute Otnes kom stadig rundt på venstrekanten og fekk lagt inn. Werner Kupen utlikna til 2-2. Selje pressa på mot slutten av omgangen og fekk straffe på ein hands i feltet. Men Gaute Otnes sette straffa utanfor, og det såg ut til å gå mot uavgjort.  På overtid vart ballen igjen slått inn framfor mål, og i mølja innanfor 5-meteren fekk Aleksander Kvernevik ein fot på ballen og sette inn sitt andre for dagen.

Dermed Selje-siger i den fyrste av påskekampane. Neste kamp vert på onsdag, på Refvik stadion mot TMFK 2.

  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.