10.05: 3 x Kupen berga bortepoeng for Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mai 2009

Mot slutten av kampen greidde Selje å hente opp Sandane si 3-1 leiing, og "vann" eit poeng på bortebane med scoringar av brødrene Kupen....

Fyrste del av kampen var jamnspelt, men det var Selje som fekk fyrste målet. Werner Kupen vart spelt igjennom i midten etter 14min,  og scora sikkert åleine med keeper. Men utover omgangen vart det meir og meir Sandane, som fekk god flyt i spelet og skapte mange sjansar. Sandane scora tre mål og kunne gå til pause med 3-1 leiing. Sjølv om eit par av måla kom etter feil i Seljelaget, var det ei fortent leiing.

Sandane fortsette å styre spelet i starten av 2.omgang. Men Selje hadde endra formasjon i pausen, og mellom anna flytta opp Andre Kupen.  Etter kvart kom Selje seg høgare opp på bana og begynte å skape litt framover. Eit innlegg frå høgresida tok Endre Kupen ned på bakerste stolpe, og trilla ballen uti feltet til Andre Kupen som knalla den oppi vinkelen etter 68min spel. 

Scoringa gav Selje trua på poeng og Selje pressa på framover.  I det 82min fekk Endre Kupen ballen på straffemerket. Han snurra rundt og løfta ballen elegant over Sandane sin keeper. Dermed hadde Selje henta opp Sandane si leiing. Sandane trykte på mot slutten for å få seiersmålet, men lukkast ikkje. Dermed eit sterkt bortepoeng for Selje, som hadde mest grunn til å juble over det.

Trenar Idar Taklo var veldig fornøgd med å greie eit bortepoeng. "Gutane viste  ein imponerande moral og laginnsats i dag. Å komme tilbake mot eit sterkt lag som Sandane, etter å ha lege under 3-1 kjennest nesten som ein seier. Vi spelte ikkje nokon stor kamp, men det smakte godt med eit poeng", seier Idar Taklo.   

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen (Joachim L. Træet frå 80min), Martin Hove, Andre Kupen, Joachim Refvik, Ole Andreas Solheim, Runar Nøstdal, Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik (Anders D. Rekdal frå 70 min), Endre Kupen, Werner Kupen.  

Andre reservar: Alexander Hove


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.