01.07: Selje vann 5-1 mot Førde 2

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Jul 2009

Selje avslutta ein god vårsesong med 5-1 seier mot Førde 2 i kveld, etter å ha leia 1-0 ved pause........  

I fint sommarver var Selje klar for å vise seg fram frå ei betre side enn forrige onsdag, då laget skuffa stort i 2-2 kampen mot Saga. Starten av 1.omgang var jamnspelt. Førde 2 hadde ein god sjanse etter 6min med skot like utanfor. Werner Kupen skaut hardt på keeper etter 10 min, og Aleksander Kvernevik skaut i stolpen og ut etter 15 min. Selje hadde no festa eit bra grep om kampen og skapte mange sjansar som kunne gitt utteljing. Ole Andreas Solheim lada kanona etter 20 min, men skotet gjekk like utanfor.

Etter 28min spel lukkast det endeleg. Ole Andreas "Oen" Solheim drog seg fri på kanten av sekstenmeteren og skaut hardt med venstrefoten i hjørnet. 1-0 til heimelaget. I det 35min sende same spelar avgarde eit knallhardt frispark som keeper så vidt fekk slått til corner. Ny stor sjanse etter 40 min. Igjen etter frispark frå Oen, Joachim Refvik var like ved å sette returen i mål. Dermed gjekk laga til pause med 1-0 leiing til Selje. Selje burde leia meir etter spel og sjansar. Førde hadde berre sporadisk vore på farlege visittar framfor Seljemålet.

Etter 10min spel i 2.omgang vart Aleksander Kvernevik dytta i ryggen innanfor 16meteren, og dermed straffe.  Den sette Gaute Otnes i mål via stolpen, og 2-0 til Selje. No losna det skikkeleg for heimelaget, som pøsa på framover. Berre tre minutt seinare drog Ole Andreas Solheim seg igjen fri ved sekstenmeteren, og skaut hardt i motsett hjørne. Dermed 3-0 til Selje. I det 59min vart Gaute Otnes spelt gjennom midtforsvaret. Han sette ballen ved sida av keeper frå 10-11 meters hald. 4-0 til Selje.

Eit minutt seinare "søv" Seljeforsvaret, og Førde 2 kom gjennom og scora åleine med Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim etter 60min. Selje kom no inn i ein rufsete periode, og Førde 2 heldt nesten på å score etter ein forsvarstabbe i det 32 min. Men Tom-Øyvind Solheim rykka ut og fekk avverga til corner. Selje fekk justert laget og omrokkerte litt, og fekk etter kvart igjen kontroll over kampen. Dei siste minuttane pressa Selje på, og fekk løn for strevet etter 89min spel. Alexander Hove fekk lagt inn framfor mål, Aleksander Kvernevik tok ned ballen og skaut kontrollert i mål. Dermed kunne Selje innkassere ein velfortent og klar 5-1 seier i siste kamp før ferien.

Heile laget løfta seg i denne kampen og viste vilje til å vinne. Eit ekstra pluss til Ole Andreas Solheim, Gaute Otnes og Tom-Øyvind Solheim. Denne kampen var fyrste haustkampen, og Selje tek no sommarferie med 3.plass på tabellen.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas "Oen" Solheim

Tilskodartal: 88

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik, Martin Hove, Andre Kupen, Jon-Aage Riksfjord (Alexander Hove frå 79min), Gaute Otnes, Runar T. Aarsheim, Kristoffer Nøstdal (Anders D. Rekdal frå 67min), Aleksander Kvernevik, Werner Kupen (Øystein Austring frå 85min), Ole Andreas Solheim. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.