29.08: Selje vann 3-2 mot Eid 2

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Aug 2009

Eid 2 leia fortent 2-1 ved pause, men Selje løfta seg i 2.omgang og vann 3-2. Selje klatra dermed til 2.plass på tabellen.............

Selje som har måtta stille med eit noko redusert lag hittil i haust, kunne i dagens kamp mønstre bortimot fullt mannskap. Men Selje sleit med samhandling, aggresivitet og presisjon i fyrste omgang. Eid 2 scora etter 23. og 28.min spel. Det fyrste på skot i hjørnet av Andreas Bjørhovde Heggedal frå ca. 25m. Det andre ved Geir Moldestad som vart spelt åleine gjennom. Selje hadde få klare sjansar fram til pause. Endre Kupen hadde ei bra avslutning etter 20min, og Runar Aarsheim eit godt skot etter 40min. Men Selje fekk ei vitamininnsprøyting med scoring rett før pause. Endre Kupen dempa ballen på straffemerket og knalla inn redusering til 2-1, etter eit fint angrep og innlegg frå Werner Kupen. 

Det var eit heilt anna Selje-lag som kom på bana etter pause. Gaute Otnes hadde komme inn på høgrebacken, og bidrog sterkt til Selje sin snuoperasjon med glimrande offensivt backspel. Gong etter gong var han med framover og delaktig i ei rekkje flotte Seljeangrep, utan tvil banas beste spelar i 2.omgang. Alt etter 3 min spel utlikna Selje til 2-2. Gaute Otnes starta på back, spelte fram Werner Kupen, som la inn til Kenneth Pedersen (gledeleg comeback i Seljedrakta, etter å ha kome på utlån frå Flatraket denne veka) som scora sikkert.

Eit minutt seinare hadde Kenneth Pedersen ein ny bra sjanse, etter innlegg frå Endre Kupen, men skotet gjekk over. Etter 56min la Gaute Otnes ein perfekt innsvingar på baksida av Eid-forsvaret. Kenneth Pedersen sitt skot gjekk rett utanfor stanga. Ny stor Selje-sjanse i det 62min då Werner Kupen vart spelt åleine gjennom på kant. I det 63min vart Kenneth Pedersen halden i trøya, og dommaren peika korrekt på straffemerket. Frode Nøstdal scora sikkert og Selje hadde snudd til 3-2 leiing.

Selje hadde dominert etter pause, men etter scoringa slepte dei Eid 2 meir inn igjen i kampen. Selje burde nok ha punktert kampen på fleire gode sjansar, men når så ikkje skjedde vart det spennande heilt inn. Gaute Otnes hadde m.a. eit fantastisk dribleraid etter 80min, og avslutta med skot via keeper i stolpen og ut. Endre Kupen burde scora etter 85min åleine mot keeper, men avslutta for tidleg og keeper redda. Etter 91 min skaut fyrst Andre Kupen rett på keeper, Endre fekk returen og igjen rett på keeper. Eid 2 var også med på notane i andre halvdel av 2.omgang, men det var Selje som kunne juble for 3 nye poeng.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik (Gaute Otnes frår 46.min), Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Frode Nøstdal, Runar T.Aarsheim (Andre Kupen frå 72.min), Endre Kupen, Kenneth Pedersen, Werner Kupen.   




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline