06.09: Selje vann 3-0 mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Sep 2009

Selje vann 3-0 mot Skavøypoll, etter 1-0 ved pause. Kampen var jamn, men Selje scora og dermed 2.plass på tabellen..........

Som i forrige kamp mot Eid2, kunne Selje mønstre nesten fulltallig tropp i denne kampen. Selje opna friskast, og hadde eit lite overtak dei fyrste 10-15minutta. Men det vart ein jamnspelt fyrste omgang, med berre halvsjansar til begge laga. Selje kunne likevel gå i garderoben med 1-0 leiing. I det 44min fekk Ole Andreas Solheim ballen ca. 40meter frå mål. Han såg at Skavøypollkeeper Yngve Furnes stod langt ute, og sende i veg ein perfekt lobb rett i mål. Flott scoring! 

Publikum fekk eit gledeleg gjensyn med Kennet Honningsvåg, som kom inn etter pause. Kennet som har vore borte frå fotballen sidan den stygge ankelskaden i januar, gjorde eit godt comeback i Seljetrøya.

Andre omgang vart også jamn. Men det var Selje som scora etter 58min. Eit langt oppspel som Kenneth Pedersen heada bakover, nådde Endre Kupen på 20 meter, som klarte å få kontroll og tre ballen igjennom fleire Skavøypoll-forsvarar, før han avslutta med skot rett i mål. Flott scoring igjen!

Men kampen var på ingen måte avgjort. Skavøypoll kom i løpet av dei neste minutta til 3-4 store sjansar. Fyrst kjempesjanse og skot rett utanfor stanga frå skrått hald etter 62min. Eit minutt seinare er Skavøypoll heilt gjennom og skyt frå 6-7 meter. Men Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, som var solid og sikker som banken i dag, redda med ei strålande fotparade og ut til corner. Nokre minutt etter ny stor Skavøypollsjanse og skot rett utanfor stanga. Selje var heldige i denne perioden som ikkje fekk mål i mot, for då kunne utfallet av kampen fort blitt annleis. 

Selje måtte ta ut to av sine beste spelarar pga skade etter 70. og 74min, Ole Andreas Solheim og Endre Kupen. Men innbyttarane gjorde jobben og Selje greidde å halde unna. Kenneth Pedersen hadde eit flott dribleraid inni sekstenmeteren, og kom nesten til avslutning etter 77min.

Selje punkterte kampen etter corner i det 78.min. Corneren kom ut i målfeltet, Kristoffer Nøstdal knalla til på heil volley, men Yngve Furnes varta opp med ei kjemperedning og fekk slått ballen ut i feltet igjen. Men der stod Andre Kupen, som spelte ein god kamp i midtforsvaret i dag, og heada ballen i mål. 3-0 til stor jubel frå heimepublikummet.

Etter 95min spel bles dommar Per Olav Erikstad av kampen, og Selje kunne juble for 3-0, tre nye poeng og 2.plass på 4.div.tabellen. Kampen var jamnspelt i dag, og resultatet kunne fort blitt annleis, men det var Selje som greidde å score.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim

Publikumstal: 157

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim (Kristoffer Nøstdal frå 70.min), Runar T. Aarsheim (Kennet Honningsvåg frå 45.min) , Kenneth Pedersen (Alexander Hove frå 90.min), Werner Kupen, Endre Kupen (Joachim Refvik frå 75.min).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.