27.09: Selje vann 3-2 mot Årdal2

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Sep 2009

Selje tok ein ny heimeseier i dag med 3-2 over Årdal2, og held dermed tredje plassen på tabellen bak Sandane. Alle scoringane kom i 1.omgang.....

Selje har stilt med ein god tropp dei siste kampane. Men i dag mangla fleire spelarar pga. skade, jobb, skuletur..., og det måtte gjerast ei rekkje endringar frå sist helg. Årdal på si side kom til Selje med berre 12 mann.

Selje scora på sin fyrste sjanse i kampen alt etter 4min spel. Eit innlegg hamna i beina på Werner Kupen som skaut via ein forsvarar, i tverrliggar og ut i feltet. Der stod Aleksander Kvernevik og fekk pirka ballen over streken frå kort hald. Dermed 1-0 til heimelaget. 3 minutt seinare var det Årdal2 sin tur, på sin fyrste sjanse i kampen. Steffen Roald Jacobsen kom fri litt skrått til venstre innanfor 16meteren, og skaut inni det lengste hjørnet. 1-1.

Selje fekk etter kvart bra flyt i spelet og spelte bra fotball den neste halvtimen. Etter 18min mølje i målfeltet til Årdal, og Kristoffer Nøstdal fekk kjempa inn 2-1 leiing. I det 25min sende Endre Kupen avgarde eit hardt frispark frå 25meter, keeper redda og Aleksander Kvernevik fekk nesten foten på returen på kloss hald. Selje hadde ballen mest, men Årdal var på nokre visittar som var farlege nok. Etter 28min vart det 2-2, etter at Johnny Aspesæter kom åleine mot Tom-Øyvind Solheim og avslutta frå 8-9meter.

I det 40.min. fekk Selje frispark heilt ute på sidelinja, midt på Årdal sin banehalvdel. Endre Kupen sende frisparket mot bakerste stolpe. Keeper feilberekna og ballen går over keeper, i stolpen og inn. Dermed kunne Selje gå til pause med 3-2 leiing. 

Fyrste halvdel av 2.omgang var ganske jamnspelt, men det kom sjeldan til meir enn halvsjansar. Etter 68min god Seljesjanse, då Werner Kupen skaut hardt rett på keeper. To minutt seinare ny kjempesjanse: Endre Kupen la inn frå sida og Aleksander Kvernevik heada i stolpen og ut. Årdal hadde ei farleg kontring etter 82min. Eitt minutt seinare fint Seljeangrep, der Anders Rekdal la hardt inn frå venstre og Aleksander Kvernevik avslutta frå 5-6 meter, men rett på keeper.

Selje var i føringa og burde ha punktert kampen utover 2.omgang med ei ny scoring. Etter 85min eit fantastisk dribleraid av Endre Kupen, då han gjekk forbi 5-6 Årdalspelarar, før han avslutta rett utanfor stolpen. Når Selje ikkje scora, gjekk det som det brukar å gå.....motstandaren får sjansen.... Årdal2 fekk ein kjempesjanse etter 89min, med skot frå kort hald som gjekk like utanfor. Eitt minutt seinare nådde ein Årdalspelar høgast på eit langt framspel, men headinga gjekk utanfor. Dermed ebba kampen ut med 3-2 og ny heimeseier for Selje.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med ein ny 3-poengar: "Vi gjekk på bana for å vinne, og det gjer vi. Vi viser igjen at vi er eit godt heimelag. Vi stilte med ein redusert tropp i dag. I tillegg var det usikkert heilt til kampstart om Werner og Frode greidde å spele, men begge fullførte trass i at dei slit med skade. No håpar vi at vi har fleire spelarar disponible neste helg, og satsar på å vinne også den siste heimekampen", seier Taklo.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Endre Kupen

Tilskodartal: 86

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Espen Nøstdal, Joachim Refvik, Frode Nøstdal, Aleksander Kvernevik, Kristoffer Nøstdal, Kristoffer Hove (Anders D. Rekdal frå 77min), Endre Kupen, Werner Kupen (Alexander Hove frå 90min).




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline