04.10: Selje vann 4 - 0 mot Lærdal

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Okt 2009

Det vart siger i årets siste heimekamp på Selje Idrettspark- Stillinga var 0 - 0 til pause, då etter ein svært skuffande 1.omgang. I 2.omgang viste Selje igjen kva som bur i dette laget, og tok sin tredje trepoengar på rad.

Kenneth Pedersen spelte ein god kamp i dag og toppa det heile med ei strålande scoring.

Foto: ©Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Selje kunne i dag mönstre ein nesten fulltallig tropp, og ville gjerne avslutte på heimebane med ein ny seier. Men det såg det ikkje ut til i ein skuffande svak 1.omgang. I eit ufyseleg ver sleit laget både med ballbehandling og bevegelse, og skapte nesten ikkje ein målsjanse.
Det var eit heilt anna Selje-lag som kom på bana i 2.omgang. Trenar Idar Taklo hadde lagt om på formasjonen, og sett inn Gaute Otnes. Det skulle berre gå tre minutt för heimelaget tok leiinga. Ole Andreas Solheim kom åleine i gjennom, runda keeper og sette ballen i mål i det 48.min. 
Selje fortsette å spele bra fotball og skape sjansar utover omgangen. Men den forlöysande scoringa skulle la vente på seg, heilt til det 85min. Kenneth Pedersen vann ein duell på 35m etter utspel frå Lärdal sin keeper. Han avanserte framover, utfordra ein forsvarar, runda keeper og scora. Flott prestasjon!
Berre to minutt seinare, i det 87min, var det duka for Kupen-show. Endre fekk ballen litt utanfor sekstenmeteren, drog av eit par forsvarar, vippa ballen over ein forsvarar, og klinka den på heil volley med venstrefoten i hjörnet. Igjen flott prestasjon!
Selje var no skikkeleg på gang og gjekk opp til 4-0 eitt minutt seinare. Scoringa i det 88min kom etter kampens finaste angrep. Gaute Otnes förte framover, slo ballen mellom to forsvararar. Kennet Honningsvåg fekk ballen og banka den knallhardt nesten oppe i krysset.
Seljetrenar Idar Taklo var svärt så fornögd med 2.omgangen og tre nye poeng: "Vi var svake i 1.omgang, men vi heva oss kraftig og viste igjen kva som bur i dette laget med ein god 2.omgang. Då skapte vi masse sjansar og viste mykje fin fotball. Lärdal hang bra med i store deler av kampen, men dei kom ikkje til så mange sjansar. Det var veldig kjekt å få ei slik fin avslutning på heimebane. No har greidd å ta fleire poeng enn i vår, og vi har scora fleire mål," seier Taklo.

Dagens heimespelar (kåra av jury): Kenneth Pedersen

Seljes lag: Tom-Öyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Espen Nöstdal, Joachim Refvik, Kenneth Pedersen (Werner Kupen frå 87min), Frode Nöstdal, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim (Gaute Otnes frå 45min).  



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline