11.10: Selje vann 3-2 mot Saga

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Okt 2009

Selje leia 2-0 ved pause, Saga utlikna, men Ole Andreas Solheim scora på overtid og sikra 3-2 seier. Selje gjorde jobben, men Sandane banka Syril med 9-1 og rykkar opp. Selje har gjennomført ein flott sesong og kom på 3.plass, eit poeng bak Sandane. Vi gratulerer Sandane med eit velfortent opprykk til Firdaligaen!

Selje kom bra i gong, og viste mykje bra fotball i 1.omgang. 1-0 kom etter 28min ved Kristoffer Hove. Målet kom etter eit bra angrep, skot frå Endre Kupen og retur der Kristoffer curla over keeper frå 12-13m hald.

Endre Kupen la på til 2-0 etter 44min, då han avslutta frå skrått hald i lengste hjørnet. Selje leia fortent til pause.

Selje begynte best også i 2.omgang, men det vart Saga som scora etter 59min spel. Saga kom i angrep, linjedommar vinka for offside, Seljespelarane stoppa litt opp, men dommaren stoppa ikkje spelet. Tom-Øyvind Solheim rykka ut og felte Sagaspelaren, og dermed straffe og scoring for heimelaget. Saga utlikna til 2-2 etter 65min. Selje laga eit litt unødvendig frispark midt på eigen halvdel. Frisparket vart slått inni feltet og heada i mål. I denne perioden av kampen var Selje rufsete.

Selje gjorde eit par rokkeringar på laget, og det gav etter kvart resultat. Selje tok meir tak i midtbana, og begynte etter kvart å ta litt over igjen. I det 90min hadde Kenneth Pedersen ein stor sjanse, men fekk ikkje skikkeleg treff etter at han dempa ballen på brystet og avslutta.

Men kampen var ikkje slutt, heile 5minutt vart lagt til. Med eit halvt minutt igjen av kampen sende Tom-Øyvind Solheim avgarde eit langt oppspel, Kenneth Pedersen skrensa ballen vidare på hovudet, og Ole Andreas Solheim kom på løp bakfrå og kippa ballen over keeper og i mål. 3-2 til Selje og ellevill jubel.

Seljetrenar Idar Taklo var svært så fornøgd med seier i siste kamp: "No sette vi eit verdig punktum for ein flott sesong. Kampen sett under eitt synest eg vi var det beste laget, og vann fortent. Det er kjekt å sjå gleda som gutane viser når vi scorar og vinn igjen. Alle er storfornøgde med gjennomføringa av sesongen. Vi gledar oss over ein solid tredjeplass til slutt. Vi gjorde jobben, men Sandane vann som forventa, og vi gratulerer dei med opprykk til Firdaligaen."  

Selje hadde berre 12 spelarar disponible til dagens kamp. Trenar Idar Taklo synest det var mange som gjorde ein solid jobb, men framhevar Espen Nøstdal som gjorde ein god kamp.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Andre Kupen, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Frode Nøstdal, Kennet Honningsvåg, Kristoffer Nøstdal (Aleksander Kvernevik frå 80min), Kenneth Pedersen, Endre Kupen, Ole Andreas Solheim.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline