07.12: Lysløype og julegran Risnakken

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2009

På lørdag ettermiddag vart det lys i julegrana på Risnakken. Det var stort frammøte av folk utanfor Selje Hotel som var med på seremonien. Korpsmusikk og gløgg m.m. var med å sette folk i skikkeleg førjulsstemning.......Til og med NRK Sogn og Fjordane var til stades......Les meir og fleire bilder, sjå under....  

Det vart ei fin markering av at lysløypa og juletreet på Risnakken er tent. Det var stint av folk som samla seg utanfor Selje Hotel, med utsikt rett mot lysløypa og juletreet på Risnakken.

Stor takk til alle som bidrog og gjorde dette til ei kjekk stund: skulekorpset og drillen, Coop Prix og Selje Hotel som sytte for gløgg og brus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei stor takk går også til dei to "dugnadsbasane" i prosjektgruppa: Harald Myklebust og Gunnar Silden. Dei to fekk Selje IL-tursekk som takk for innsatsen så langt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter orientering om prosjektet ved den tredje i prosjektgruppa, Atle Solheim, talde alle i kor ned til 0 og julegrana vart tent til stor applaus frå alle frammøtte. Risnakk-løypa er med og gjev aktivitet og trivsel, og har hatt utruleg mange besøkande sidan stien begynte å ta form.

 

    




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline