07.04: Barnefotballkveld i Selje tysdag 13.april

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Apr 2010

I samarbeid med SFFK arrangerer Selje IL barnefotballkveld tysdag 13.april, kl.18.00-20.00. Alle trenarar/leiarar vert inviterte. Instruktør er Johann Sigurdsson....les meir under....

Barnefotballkveld Selje tysdag 13. april

I samarbeid med SFFK og NFF arrangerar Selje IL- Fotball:

Barnefotballkveld tysdag 13.april, kl.18.00-20.00

 

Invitasjonen går til alle trenarar/lagleiarar i klubben, men spesielt fokus på klassane 6 - 12 år. Flatraket IL og Stadlandet IL vert også inviterte.

SFFK og NFF skal gjennomføre eit ”løft” for barnefotballen i 2010. I den samanheng vil Sogn og Fjordane Fotballkrets ut i alle kommunar i fylket og gjennomføre ein barnefotballkveld der m.a.: organisering, innhald, treningsmengde i barnefotballen står i fokus.

SFFK legg opp til eit opplegg med over 20 barnefotballkveldar rundt om i kretsen. Det vil seie at alle klubbar skal få høve til å delta på dette opplegget.

Det vert ein kveld med både teori og praksis. Ein startar med teoridelen før ein går på bana og køyrer ei praksisøkt med lille-gut/jente spelarar som objekt. SFFK stiller med instruktørar og arrangørklubbane stiller med teorirom og bane til praksisen.

Program:

Teori: kl 18.00-18.15

Trening/praksis: kl 18.15-19.30

Oppsummering/avslutning: kl 19.30-20.00

Instruktør: Johann Sigurdsson, Stryn T&IL

Påmelding til seljeil@online.noeller tlf. 99247687 innan 11. april

Hjarteleg velkommen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.