20.06: Uavgjort 0-0 mot Gaular

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Jun 2010

Det vart poengdeling 0-0 mellom Selje og Gaular i botnkampen i 4.divisjon.....

Dei to laga som ligg sist på tabellen delte poenga i dagens kamp, noko heimelaget hadde mest grunn til å vere fornøgde med slik kampen utvikla seg. Godt keeperspel av Tom-Øyvind Solheim redda Selje frå å ligge under ved pause.

Gaular hadde eit lite spelemessig overtak i 1.omgang og skapte dei fleste sjansane, medan Selje hadde vanskar med å komme seg opp i bana. Selje hadde ein kjempesjanse då Severin Rokne sende avgarde eit kanonskot frå 30m som small i stolpen og ut i feltet. Joachim Refvik skaut returen i ein forsvarsspelar på strek og ut til corner.  Gaular hadde ein stor sjanse i det 20min etter corner, men Tom-Øyvind Solheim blokkerte skotet frå kort hald. I det 26min kom Gaular åleine igjennom etter ein forsvarsglipp, men igjen var Tom-Øyvind ute i feltet og fekk avverga.

2.omgangen vart litt betre av Selje, men utan at det førte til dei store målsjansane. Største sjansen kom etter 71min då Aleksander Kvernevik skaut over frå skrått hald. Gaular hadde også i denne omgangen dei største sjansane, men lukkast ikkje i å få nettkjenning. Dermed poengdeling 0-0. Ein av banas beste aktørarar i dag var dommar Jarle Andersen.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Alexander Corneliussen, Espen Nøstdal (Joachim L. Træet frå 40min), Martin Hove, Trond Grøttå (Svein Kåre Aarsheim frå 60min), Joachim Refvik, Aleksander Kvernevik (Alexander Hove frå 77min), Snorre Kvalheim, Kristoffer Nøstdal, Idar Taklo (Phillip Hamman frå 88min), Severin Rokne.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Tom-Øyvind Solheim

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.