17.08: Invitasjon Selje Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Aug 2010

Selje IL arrangerer Tine-Fotballskule for 6.gong i år. Dato for årets fotballskule er fredag 3. og lørdag 4.september. Påmeldingsfrist fredag 27.august. Sjå info. og påmelding under.....

 

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 75.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 6.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 3. september kl. 17.30-20.30

lørdag 4. september kl. 11.00-15.00 <!--[if !vml]--><!--[endif]-->

 

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2003) til og med 15 år (10.klasse, f.1995)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Umbro-fotball + mat begge dagar.

Innhald:Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

I tillegg til våre eigne instruktørar, har vi gjennom vår hovudsponsor Sparebanken Vest også fått med Freddie Butler (spelarutviklar) og spelarar frå Sogndal Fotball.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Påmeldingsfrist innan fredag 27.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til: e-mail: ninarefvik@hotmail.com

eller tlf./SMS til: 47 86 18 92

 

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………..

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2010

Påmeldingsfrist: fredag 27.august! 

Namn

 

Fødselsår

 

Klubb

 

Spelar- eller keepergruppe

 

Mobiltlf.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.