12.09: Invitasjon til offisiell åpning av Risnakken-løypa 25.september

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2010

Det vert offisiell åpning av Risnakken-løypa lørdag 25.september. Selje IL inviterer med dette alle til åpninga! Program m.m.... les meir under...

Risnakken-trappa har blitt svært populær, og er utruleg mykje i bruk heile året. Arbeidet med løypa har pågått nærare to år. I desember i fjor var det ei flott markering, då lys i løypa og juletre på toppen vart tent.

Selje IL har bestemt at den offisielle åpninga av Risnakken-løypa blir lørdag
25.september. Det er nesten på dagen 7 år sidan siste store anleggsåpning i Selje, då kunstgrasbane med flomlys, trimløype med lys, rehab. fridrettsanlegg m.m. vart off. åpna.

Alle er hjarteleg velkomne til å ta del på åpninga av Risnakken-løypa. Ein særleg invitasjon til  sponsorar, dugnadsfolk og andre bidragsytarar som har vore med i realiseringa av trappa.
Program:

Oppmøte/registrering ved klubbhuset frå kl.14.00 for alle som skal gå rebusløp, kr.50,- inkl. Risnakken t-skjorta.

 
kl.14.45: Alle går "tog" frå klubbhuset til løypa.

kl.15.00: Off. åpning/samling ved trappefoten

Etterpå: Rebussti/naturløype opp trappa - ned skogen - tilbake til klubbhuset


kl.16.00: Kaffi og kaker i klubbhuset







 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.