01.05: Selje-Bremanger 1-5

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Mai 2011

Selje tapte 1-5 i seriestarten mot Bremanger, etter 1-1 ved pause. Selje starta best og var i føringa alt etter 2minutt, men bortelaget tok etter kvart over og vann ein fullt fortent seier....

Heile 18 spelarar var i troppen til Selje i dagens kamp. Veldig bra, med tanke på at det i vinter lenge var usikkert om Selje i det heile kom til å klare å stille lag...... Av dei 30 spelarane som stod registrert med kamp for i Selje i 2010, er nesten halvparten ute før årets sesong. Det betyr fleire nye ansikti Seljedrakta. I dagens tropp var det 8 spelarar som ikkje var med i fjor. Spesielt velkommen til keeper Roy Lasse Torheim som er på utlån frå Eid i vårsesongen.  

I flott sommarver og med godt over 100 tilskodarar låg alt til rette for ein fin kamp. Selje starta best, og gjekk opp til 1-0 alt etter 2minutt. Joachim Refvik fekk ballen inne i straffefeltet, og la ut til Joachim L. Træet som plasserte ballen flott i hjørnet frå 16-17meter. Selje hadde overtaket dei fyrste minutta, men etter kvart kom Bremanger meir og meir inni kampen. Det var difor ikkje ufortent då utlikninga kom etter 21min. Eit gjennomspel i midten gjorde at Runar Leirgulen kom åleine gjennom, og sette ballen sikkert forbi keeper og i hjørnet.

Bremanger hadde to store sjansar etter 30 og 34 min, men scoring uteblei. Selje slokna meir og meir, og Bremanger tok over. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

Selje hadde ein bra sjanse etter 10min i 2.omgang etter frispark frå Joachim Refvik og påfølgjande retur. Etter 65min vart det 1-2, etter at Runar Leirgulen vann duellen i tackling med keeper, og ballen gjekk over streken. Bremanger gjekk oppi 1-3 etter 71min. Igjen eit gjennomspel, der Ole Langeland skar inn frå kant og sette ballen i mål åleine med keeper Roy Lasse Torheim.

Då bortelaget scora igjen 4min seinare, var i alle fall tapet klart. Martin Hammersland sette ballen i mål på bakerste stolpe. Selje hadde ein kjempesjanse til å redusere etter 87min. Dagens debutant, innbyttar Martin Grøttå, heada frå kort hald over keeper men ballen strauk utsida av stolpen. Forøvrig tidenes yngste som har debutert på A-laget, 14 1/2 år gammal.

Bremanger gjekk opp til 1-5 i det 90min, etter dribleraid frå midtbana, og Tom Hem som sette ballen i mål. Igjen åleine mot keeper, som heller ikkje i denne situasjonen kan lastast for scoringa. Roy Lasse Torheim hadde ein god debut for Selje. 

Dermed vart det stortap i serieopninga for Selje på heimebane. Bremanger ville mest og jobba hardast, og vann ein fullt fortent seier, om enn kanskje litt stor etter spel og sjansar.  

Seljes lag: Roy-Lasse Torheim, Saron Osmundsvåg, Martin Hove (Henrik Aaland frå 59min), Espen Nøstdal, Joachim Refvik, Rikard Rekdal, Severin Rokne (Øystein Austring frå 77min), Joachim L. Træet (Martin Grøttå frå 71min), Kristoffer Nøstdal, Anders D. Rekdal, Vegard Elde (Bjørn-Erik Drabløs frå 86min).

Ubenytta reservar: Tor-Are Årvik, Silviu Iacob, Håvard Borgund .

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.