04.05: Flott innsats på 1.mai-løpet

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Mai 2011

Det tradisjonsrike 1.mai-løpet på Åheim, samla også i år mange deltakarar. Frå Selje IL deltok denne blide gjengen, med svært bra resultat....les meir under....  (foto: Bente Berstad)

 

 

Det var litt færre deltakarar på 1.mailøpet i år (konfirmasjon/søndag), men Selje fekk skryt av speaker for stor delegasjon – spesielt i klasse for gutar 14 år.

Selje IL hadde med: Einar Tobias Hoddevik (3.klasse), Mikal Osmundsvåg (4.klasse), Emil Giljanovic og Ingo da Silva (7.klasse), samt 6 gutar frå 8.klasse; Ole Johnny Hoddevik, Andreas Olav Hoddevik, Kristoffer Aam Hamre, Sondre Pileberg Aahjem, Johannes Osmundsvåg og Are Berstad, samt Jan Petter Venøy i menn senior.

Flott innsats av Selje-gutane; 2.plass i gutar 9 år (3.klasse), 1.plass i gutar 10 år (4.klasse, 1. og 2.plass i gutar 13 år (7.klasse) og 1. og 2.plass i gutar 14 år.

I løpet til gutar 14 år var det ein spennande spurt mellom Ole Johnny og Are, og dei sprang inn til dei beste tidene som har vore i den klassa på mange år (eller i det heile tatt?), 02.16min. var vinnartida til Are.

Linken til resultatlista på 1.mai-løpet er: http://www.folkeweb.net/aaheim2#cid=1

Det vil bli lagt inn bilder frå 1.mai-løpet etter kvart på heimesida til Åheim IL: www.aaheim.no – leit under ”Friidrett” og ”1.mailøpet”.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline