29.05: Selje-Florø2, uavgjort 3-3

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Mai 2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje fekk med seg eit heldig poeng i dagens heimekamp mot Florø2. Stillinga ved pause var 0-1. Florø dominerte banespelet, kontrollerte kampen og leia 3-1 med eit kvarter igjen. Men Selje scora to gonger mot slutten, og gleda var stor over å ha vunne eit poeng..... Bildet: Fire sentrale og glade Seljespelarar etter kampslutt.....les meir under....

Det var forventa ein vanskeleg kamp mot Florø 2, og det vart det. Alt etter 4min spel hadde bortelaget sin fyrste sjanse med skot på Roy Lasse Torheim og ut. Etter 12min var ein Florø-spelar åleine gjennom, og skotet strauk utsida av stanga. Selje hadde sin fyrste sjanse etter 20min, då Joachim Refvik kom gjennom på kanten og skaut like utanfor.

Det var svært fortent då Florø etter 33min gjekk opp til 0-1. Etter ein kanonade med tre avslutningar mot Seljemålet, bl.a. redning på strek, sette Henrik Bortneim ballen i mål frå kloss hald. Selje var heldige som kunne gå til pause på 0-1.

Andre omgang fekk ingen heldig start for Selje, då Espen Nøstdal måtte ut med skade alt etter 5minutt. Men mot spelets gang var det Selje som utlikna til 1-1 etter 55min. Joachim Refvik heada i mål etter frispark frå venstresida ved Rikard Rekdal.

Florø2 fortsette å spele og skape sjansar. Ein god Seljekeeper Roy Lasse Torheim redda fleire gonger, og heldt Selje inni kampen utover omgangen. Men etter 65min vart det 1-2 til bortelaget, etter skot under keeper frå 7-8meter ved Erik Selaas. Ny kjemperedning av Roy Lasse etter 75min etter skot frå kort hald. To minutt seinare, etter 77min, fekk Halvor Solheim Olsen stå umarkert på bakerste stolpe og sette inn 1-3. Då verka kampen køyrt, og få trudde på at Selje kunne få med seg poeng.

Men Joachim Refvik ville det annleis. Etter 79min fekk han ballen på kanten av sekstenmeteren, flott vending, dribla inni målfeltet og skaut hardt i lengste hjørnet. Dermed 2-3. Flott prestasjon!

Florø fortsette å styre banespelet, og Selje var berre på sporadiske visittar i angrep. Men etter 87min fekk Selje frispark. Rikard Rekdal løfta ballen inn mot mål, og etter litt klabb og babb raga Martin Hove høgast og fekk stanga ballen i mål frå kort hald. Smått utruleg opphenting og 3-3. Spenninga heldt seg heilt ut, og Florø hadde eit par cornerar heilt mot slutten, men fleire mål vart det ikkje. Glade Seljespelarar jubla for eit vunne poeng!

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Saron Osmundsvåg, Rikard Rekdal, Espen Nøstdal (Håvard Borgund frå 50min), Vegard Elde, Martin Grøttå, Martin Hove, Aleksander Beitveit (Kristian Teigen frå 74min), Joachim L. Træet, Silviu Iacob, Joachim Refvik.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline