18.06: Selje-Sandane 2, 0-4

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Jun 2011

Selje tapte botnoppgjeret mot Sandane2 0-4, etter 0-2 ved pause. Etter ein dårleg 1.omgang, løfta heimelaget seg i 2.omgang og burde scora......

Sandane var best og ville mest i 1.omgang. Selje var tafatte og passive, og spelte ein svak omgang. Av få sjansar som Selje hadde i 1.omgang var innlegg frå Anders Rekdal som gjekk i tverrliggaren etter 15min, og skot like utanfor ved Gaute Otnes etter 32min.

Sandane hadde fleire målsjansar, og gjekk opp til 0-1 etter 19min etter corner. 0-2 kom etter 32min, etter innlegg og skot frå 12-13meter. Seljekeeper Roy Lasse Torheim avverga fleire gonger Sandane-scoring i fyrste omgang.

Selje starta mykje betre i 2.omgang, og kunne scora alt etter 2min spel med skot like utanfor. Runar T. Aarsheim kom inn etter pause og spelte ein god omgang. I det 50min farleg legg frå Gaute Otnes, men keeper rydda opp. I staden for Selje-redusering gjekk Sandane opp til 0-3 etter 58min, på heading. Selje hadde ein stor målsjanse etter 65min, då Gaute kom gjennom og skaut frå litt skrått hald rett på keeper. Joachim Refvik med ny stor Selje-sjanse i det 73min med skot like utanfor. Innbyttar Martin Grøttå, som spelte godt, fekk dobbelsjanse etter 74min med skot i keeper og uti feltet, og skot i krysset og over. Stor målsjanse. Det ville seg ikkje for Selje, og i staden for redusering gjekk Sandane opp til 0-4 etter 75min. På bakgrunn av 2.omgang og målsjansar, var dette litt mot spelets gang. Fleire scoringar vart det ikkje, og dermed nytt tap for heimelaget.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Runar T. Aarsheim

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Vegard Elde, Rikard Rekdal, Martin Hove, Aleksander Beitveit, Joachim L. Træet (Runar T. Aarsheim frå 45min), Henrik Aaland, Joachim Refvik (Alexander Hove frå 85min), Gaute Otnes, Anders Rekdal (Silviu Iacob frå 62min), Espen P. Aahjem (Martin Grøttå frå 62min).


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline