28.08: Framleis nokon ledige plassar på Tine-Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Aug 2011

Påmeldingsfristen for årets Tine-fotballskule gjekk ut 26.08. Info. og invitasjon til fotballskulen kan du sjå under.... Etter oppteljing av påmelde deltakarar ser vi at det framleis er ca.10-15 ledige plassar. Vi utvidar difor fristen til tysdag 30.august. Har du ikkje meldt deg på endå og vil delta, ver rask....her gjeld "fyrst til mølla".....   

Info./påmelding pr.28.08.11

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 7.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 2. september kl. 17.30-20.30

lørdag 3. september kl. 11.00-15.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2004) til og med 15 år (10.klasse, f.1996)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Adidas fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Utvida påmeldingsfrist innan tysdag 30.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:

e-mail ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms: tlf. 47 86 18 92

e-mail  seljeil@online.no            eller tlf/sms: tlf.99247687

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2011

Utvida påmeldingsfrist til: tysdag 30.august!!!!!!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.



 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.