03.09: Tine-fotballskule suksess!

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Sep 2011

For 7.gong arrangerte Selje IL denne helga Tine-fotballskule. På fredag kveld og lørdag var det full rulle på idrettsparken, der 122 spelarar frå Selje kommune deltok på årets fotballskule. Alt gjekk som planlagt og fotballskulen vart nok ein gong ein stor suksess. Trass i dårlege verutsikter, så var ein heldig, då regnet fyrst kom mot slutten av fotballskulen. Stor takk til dei over 30 instruktørane (deriblant Michael Sjøquist og spelarar på Eid som deltok fredag), Barne-/ungdomsgruppa som tok seg av matservering, kiosk m.m. og alle andre medhjelparar!  

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline