18.09: Stadlandet-Selje 3-2

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2011

Selje leia 1-0 ved pause, og 2-0 til det var igjen ca. 20min av kampen. Men Stadlandet scora tre kjappe og fekk med seg alle poenga...

I ein jamnspelt 1.omgang gjekk Selje til pause med 1-0 leiing, etter at Espen P. Aahjem scora på straffe i det 34min. Joachim Refvik auka til 0-2 etter 52min. Selje hadde rimeleg bra kontroll defensivt i denne perioden, og heimelaget spelte seg ikkje til dei heilt store sjansane.

Med knappe 20 minutt igjen av ordinær tid scora Stadlandet to gonger etter corner. Scoringane var identiske med innlegg på bakerste stolpe. Kai Arne Otneim i det 72min og Arne Refsnes etter 74min scora. 3min seinare vart Asbjørn Losnegard spelt fri og scora. Dermed var kampen snudd på 5minutt.

Stadlandet hadde ein stor sjanse på slutten, men headinga vart flott redda av Seljekeeper Isak Gangeskar. Joachim Refvik sende avgarde ein susar frå 20meter på overtid, men Stadlandetkeeper Odd Helge Losnegard fekk så vidt slått til corner. Jamn og spennande kamp der Selje kunne ha fått med seg poeng. 

Seljes lag: Isak Gangeskar, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Jon-Aage Riksfjord, Jan Vidar Smenes, Martin Hove (Joachim L. Træet...), Joachim Refvik, Espen P. Aahjem (Silviu Iacob...), Jan Kristian Apelseth.  


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline