02.11: 3 gutar greidde gullmerke

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Nov 2011

Det vart i år teke 30 teknikkmerke i Selje IL: 10 blå, 8 rød, 6 bronse, 3 sølv, 3 gull. Spesielt gullmerket "heng høgt" og krev mykje og målbevisst trening. Dei 3 gutane på bildet tok gullmerket: Johannes Osmundsvåg, Magnus Rye og Are Berstad. Dei har øva time etter time på skot/avslutningar, før dei endeleg nådde målet.....Les meir under....Vi gratulerer alle som har greidd merke!

Selje IL har i mange år hatt fokus på dugleiksmerke (minimerke og teknikkmerke). Det har vore stor deltaking på dei felles merkekveldane vi har hatt også i år, og 76 merke er vi godt fornøgde med. I løpet av dei siste 10 åra har spelarar i klubben til saman teke nærare 600 merke. Gjennom treningar og felles merkedagar får spelarane kvart år prøve seg på å ta dugleiksmerke. Dugleiksmerka vert utdelt på den årlege årsfesten i slutten av november.

Ekstra kjekt i år er at 3 gutar greidde gullmerket. Nokre av øvingane gjekk relativt greitt å klare med litt øving, medan eit par øvingar krevde svært mykje innsats og trening. Særleg i oktober, mot slutten av sesongen, har teknikkmerke vore i fokus. Gutane har trena time etter time på skot/avslutningar for å greie krava, før dei endeleg nådde målet…..

Dugleiksmerketakinga har lang tradisjon i fotball-Norge. Dei same diplomane og merka har vore der i fleire ti-år, sjølv om nokre av krava har endra seg litt. Dei øverste gradene av teknikkmerka ”heng høgt”, og nokre av dei krev målbevisst jobbing for å klare dei ulike øvingane. Dugleiksmerka er meint som ein stimulans for å utvikle tekniske ferdigheiter. Dei er ikkje nødvendigvis eit mål på kor god ein spelar er, då dette også er avhengig av mange andre faktorar. Men merka fortel noko om kva tekniske basisferdigheiter ein har klart å tileigne seg.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline