01.12: FairPlay-vinnarar 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Des 2011

På årsfesten for aldersfastlagde lag sist veke, vart det kåra "Årets FairPlay-spelar" på kvart lag: Amalie Bakkebø, Aurora Austring, Jeanette Taklo, Mathias Skår, Håvard Berge, Ole Johnny Hoddevik, Aleksander Beitveit (ikkje til stades på bildet).Vi gratulerer! Les meir under....

Selje IL, Fotball har i mange år hatt mykje fokus på FairPlay. I 2011 er fokuset auka endå meir, ved bl.a. å lage ein handlingsplan i 10 punkt for FairPlay-tiltak  i klubben. Tiltaka har blitt gjennomførte i løpet av sesongen som t.d. innføring av haldningskontrakter, profilering med skilt og flagg på stadion, kåring av årets FairPlay-spelarar, FairPlay på Seljecup og Tine-fotballskule osv.

Årets FairPlay-spelarar (kåra av laga sjølve) som fekk utdelt statuett på årsfesten:

J 11/12: Amalie Bakkebø

G 11: Mathias Skår

G 12: Håvard Berge

J 13/14: Aurora Austring

G 13/14: Ole Johnny Hoddevik

J 15/16: Jeanette R. Taklo

G 15/16: Aleksander Beitveit


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline