20.12: Håkon Berstad tildelt kulturprisen 2011

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Des 2011

Håkon Berstad fekk i går tildelt Selje kommune sin kulturpris for 2011. Selje IL takkar Håkon for flott innsats i over 35 år. Vi gratulerer ein svært verdig vinnar av årets kulturpris. Selje IL si grunngjevinga for årets kulturpris, sjå under.... (Foto: privat)

Grunngjeving:

Håkon Berstad har vore engasjert og aktiv i Selje Idrettslag i 37 år, frå ca.1975 og fram til d.d.

Friidrett og løp har vore av hovudaktivitetane. Han har hatt svært mange ulike verv og oppdrag innanfor idrettslaget sin organisasjon, og gjort ein imponerande innsats gjennom ”ein mannsalder”.

Vi tek med følgjande av verv/oppdrag gjennom denne perioden for Selje IL:

- ”primus motor” for Seljestafetten på -70 og -80 talet

- tillitsvald/medlem i Hovudstyret i ei årrekkjee

- kasserar/rekneskapsførar (ca. 10 år)

- trenar fridrett

- trenar allidrett og fotball

- oppmann for aldersfastlagde lag

- trenar for ”gubbetrimmen”

- arrangør av ”Vinterkarusellen” (frå 1995-2003)

- i arrangørstaben for Seljecup heilt sidan starten (frå 1995-2011)

- medlem Mosjonsgruppa

- vedlikehald/grasslåing i Selje Idrettspark

- dugnadsarbeid

- inntektsbringande tiltak m.m.

- div. arrangement

Håkon er positiv og stiller alltid opp når han blir spurt, anten det er dugnad eller andre oppdrag. Han har gjort ein vedvarande og stor innsats for Selje IL, til beste for oppvekstmiljø og bygda. Det er slike personar som Håkon som trengst, for å ha god drift og kontinuitet i eit idrettslag.

(Etter det vi kjenner til har Håkon også bidrege på andre felt: som t.d. medlem/mangeårig rekneskapsførar i Selje sokneråd, og sikkert andre område innanfor kulturlivet i bygda som vi ikkje har oversikt på).

Med bakgrunn i Selje kommune sine kriterier for prisen, m.a. pkt.4 det utvida kulturomgrepet, meiner vi at kandidaten verkeleg fortener kulturprisen.

Håkon Berstad er etter vårt syn ein svært verdig kandidat til Kulturpris for Selje kommune, etter ein livslang innsats for idretten og lokalmiljøet i Selje.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline