30.04: Selje-Hornindal 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Apr 2012

Selje vann 2-0 mot Hornindal i kveld, etter å ha leia 2-0 ved pause. Dermed tre poeng til heimelaget og ein god start på årets sesong. Før kampstart hadde alle dei 9 aldersfastlagde laga til Selje "kick-off" med innmarsj, så kom dommartrio og dei to laga. Flott opptakt til kampen....Meir om kampen og fleire bilder, sjå under..... Les om kampen også på www.haugenfotball.no

Før kampen starta hadde Selje sine 9 aldersfastlagde lag "kick-off" med innmarsj, før dommartrio, maskotar og dei to laga entra bana. Flott opptakt til kampen! Selje satsar også i år mykje på FairPlay, og det visest på stadion!    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje fekk to lettkjøpte scoringar heilt i starten av kampen, og spelte ein god 1.omgang. Hornindal kom etter kvart betre med og kampen vart jamnspelt, med nokre sjansar til begge lag. Selje spelte ein dårlegare 2.omgang, og kampen var ikkje avgjort før dommaren bles i fløyta for full tid.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med fyrste omgangen og at alle tre poenga gjekk til heimelaget. "Det er kjekt å få ein god start på sesongen med seier", sa ein glad trenar etter kampen.

Kampfakta:

1-0    1min    Saron Osmundsvåg

2-0    5min    Jan Vidar Smenes

Seljes lag: Erling Åbø, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde (Are Berstad frå 65min), Saron Osmundsvåg, Kristoffer Hove, Martin Hove, Jan Vidar Smenes, Joachim Refvik, Espen P. Åhjem (Aleksander Kvernevik frå 65min).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Erling Åbø 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilskodartal: 131 

Dommartrio: "Historisk" kamp på Selje Idrettspark i dag. Etter det vi kjenner til med den yngste dommartrioen som har dømt seniorkamp på dette nivået her i fylket nokon gong. Dei tre unge dommarane (på til saman 49 år!) gjorde ein god jobb.

Dommar: Vebjørn Nord Haugland  

Ass.dommarar: Andreas Sandal og Runar Bjørhovde Heggedal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.