28.05: Seljeleiar heidra før kampen

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2012

I forkant av kampen Selje-Stryn 2 vart Selje sin leiar i Fotballgruppa, heidra av eigen klubb med gode ord og blomster, i samband med UEFA-kåringa. Les under kva speaker Odd L. Drabløs sa ved markeringa.....

Atle Solheim var Norges representant i UEFA si kåring av ”The best grasrootleader of the year”. Atle fekk sølvmedalje og er dermed kåra til den nest beste fotballeiaren i Europa. Dette er ei svært høg utmerking og Atle får den for eit liv i fotballen si teneste.

Han spelte aldersfastlagd fotball i Selje før Barmøy-ferja var på plass. Dermed var det familie og lagkameratar som måtte skysse han sjøvegen til og frå kamp.

A-lagskarrieren til Atle inneheld klubbar som Selje, Sandane, Bryn og Leksvik. Atle er to gonger norgesmeister for studentlag, då han gjekk lærarskulen i Volda.

Hausten 1983 kom Atle heim til Selje. Fram til sesongslutt i 1992 spelte han 186 seriekampar for Selje og er med det nr.13 på klubben sin adelskalender.

Men det er for innsatsen etter den aktive karrieren Atle Solheim får heider og ære frå UEFA. På CV-en står mellom anna 23år som medlem i fotballgruppa. Dei 19 siste som leiar. 3 år som spelande trenar for A-laget. Trenar for aldersfastlagde lag i 22 år. Seljecupgeneral for 18.året på rad – om nokre veker.

Under Atle si leiing er Selje blitt ein breiddeklubb der FairPlay står i sentrum. FairPlay handlar om respekt og er det nokon som fortener akkurat det er det Atle Solheim. Respekt og takksemd for den enorme jobben han har lagt og legg ned for born og unge i Seljebygda.

Ein liten klubb i ei lita bygd er sett på Europakartet av ein stor leiar.

Tusen, tusen takk Atle.

Ta imot ein liten bukett i klubbfargane frå nestleiaren i fotballgruppa, Anne-Britt Drabløs Rekdal.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.