03.08: Hornindal - Selje 2-1

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Aug 2012

Hornindal vann 2-1 mot Selje fredag kveld. Selje tok leiinga etter 62 min, og heimelaget scora seiersmålet 4 min på overtid...

Selje tok leiinga etter 62min, scoring av Alexander Hove etter corner. Hornindal utlikna til 1-1 på straffe etter 74min. Fire minutt på overtid scora Hornindal igjen og fekk med seg alle poenga.

Seljetrenar Idar Taklo hadde denne kommentaren etter kampen:

"Vi gjorde ein god bortekamp, eigentleg meir enn godkjent. Sjølvsagt bittert å miste poeng på overtid. Dette var ein kamp som kunne bikka begge vegar. Vi viste mykje bra, og lukkast til tider å spele fotball. Kampen gav oss fleire svar. Vi fekk bekrefta at vi har lagt ned ein svært bra treningsjobb i sommar, så no er det berre å stå på vidare. Ny kamp allereie neste torsdag, på heimebane mot Eid 2".

62min    0-1    Alexander Hove

74min    1-1    straffe

94min    2-1

Seljes lag: Joachim Refvik (keeper), Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Are Berstad, Saron Osmundsvåg, Kristoffer Hove, Espen P. Åhjem, Runar T. Aarsheim, Martin Grøttå.

Benytta reservar: Alexander Hove

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline