07.09: Selje-Eikefjord 3-1

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Sep 2012

Selje vann noko overraskande 3-1 mot Eikefjord i kveld, etter stillinga 1-1 ved pause. Begge lag mangla nokre av sine "faste" spelarar i dag, men det vart heimelaget som kunne juble for seier etter ein flott kamp. Og at det var to lag/klubbar som har fokus på FairPlay, det merkast både på og utanfor bana. Flott gest av Eikefjord som hadde samla inn pengar til "Barn hjelper barn", sjå anna sak. Meir om kampen, les under.......Alt om kampen på www.haugenfotball.no Foto: Stig Høines

Det var ein svært glad Seljetrenar, Ola Hove, etter kampen: "I dag gjorde gutane ein formidabel kamp. Dette var ein lagseier, og det vart lagt ned ein fantastisk innsats frå samtlege. Eikefjord har berre tapt ein kamp før i år, så dette var sterkt. I dag hadde vi den gnisten og gutsen som vi må ha for å lukkast. Dette trengde vi verkeleg etter ein litt laber haustsesong. Dei unge spelarane våre stod fram, Martin og Are på midtbana sprang til "krampa tok dei". Ellers var det fullklaff med Joachim sentralt på midten, og Martin rydda opp i midtforsvaret i stor stil. Dette var veldig kjekt!"  

1-0    15min    Magnus Rye

1-1    19min    Håvard Mjølkeråen (straffe)

2-1    50min    Silviu Iacob

3-1    80min    Martin Grøttå

Seljes lag: Erling Åbø, Vegard Elde, Martin Hove, Andreas Teigen, Espen P. Åhjem, Joachim Refvik, Are Berstad, Martin Grøttå, Joachim L. Træet, Magnus Rye, Silviu Iacob

Benytta reservar: Alexander Hove, Jonas Beitveit

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Martin Hove

Dommar: Kjell Alme, Sandane T&IL

Ass.dommarar: Stein Otto Førde, Breimsbygda IL og Muhammet Barlla, Eid IL




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline