23.09: TMFK 2 - Selje 0-5

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Sep 2012

Selje tok sin tredje seier på rad, då TornadoMåløy 2 vart slått 5-0 på Refvika i dag. Stillinga ved pause var 1-0 til Selje. Ny godt gjennomført bortekamp av Selje som befestar 4.plassen på tabellen. Meir om kampen, les under....

Selje sine trenarar Idar Taklo og Ola Hove var godt fornøgde med ein ny borteseier, og godt gjennomført kamp.

Idar Taklo sa dette etter kampen: "Vi spelte ein ok bortekamp. Vi hadde god kontroll bakover i 1.omgang og TornadoMåløy2 kom ikkje til nokon store sjansar. Men vi sleit med å skape sjansar før pause. Heldigvis scora vi 2 min på overtid og kunne gå i garderoben med 1-0 leiing. Vi flytta opp Joachim etter pause og fekk endå meir trykk framover. Frå ca. 55min "vakna vi til liv". Vi skapte mange sjansar, bra spel og hadde både stangskot og tverrliggar i tillegg til fire scoringar.  Etter ein litt treig start på haustsesongen, føler eg no at vi endeleg får betalt for treningsjobben vi har lagt tidlegare i år". 

45+2min    0-1    Kristoffer Hove (assist Are)

53min        0-2    Silviu Iacob (etter fint angrep, assist Joachim R)

67min        0-3    Joachim Refvik (åleine gjennom)

73min        0-4    Saron

90min        0-5    Alexander Hove (assist Joachim R)

Seljes lag: Erling Åbø, Vegard Elde, Martin Hove (Frode Nøstdal frå 45min), Espen Nøstdal, Andreas Teigen, Kristoffer Hove (Aleksander Kvernevik frå 84min), Are Berstad, Joachim Refvik, Martin Grøttå (Jonas Beitveit frå 79min), Saron Osmundsvåg, Silviu Iacob (Alexander Hover frå 85min)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline