20.10: Verdig og flott jubileumsmiddag, Selje IL 75år

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Okt 2012

Fredag kveld var inviterte gjester og medlemmar samla til festmiddag på klubbhuset. Det vart ei verdig og flott markering av Selje IL sitt 75-års jubileum. Koldtbord, taler og gåver, programinnslag, kakebord, bildekavalkade og utstilling av Selje IL stod på menyen...... Bildet: Selje kommune v/ordførar Ottar Nygård overrekte flott gåve i rustfritt stål (laga av BFG på Flatraket).....Bilder m.m. sjå under....  

Kveldens toastmaster var leiar i Selje IL, Adrian Mortensen.

Ein bildekavalkade på ca. 200 bilder, frå Selje IL historia, vart vist under festen. Det var også laga til utstilling av drakter, pokalar, diplomar, lagbilder, gamle lagsprotokollar, Selje IL-effektar osv.

Til jubileet har Selje IL fått laga ei 75-års jubileumskrus, som alle deltakarane fekk med seg.

Eit innbydande koldtbord laga av Svein og Anne-Britt.

 

Festkaker var på plass.....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tre av "gamlekarane" var til stades under festen: Halfdan Hamre, Per Hamre, Bjørn Solheim. Halfdan vart intervjua av Atle Solheim. Halfdan (f.1925), fortalde med innleving og engasjement ting han hugsa frå 1937 og utover, til stor glede for alle som var til stades. Det var også opplesing frå lagsboka "Frispark", med stykke frå 50-åra. 

Maj Britt Aam Hamre las opp den levande forteljinga som Aksel Berge skreiv i 1945, frå ein fotballkamp mellom Selje og Syltefjorden.

Ordførar Ottar Nygård rosa idrettslaget for alt arbeidet som blir gjort og overrekte ei spesiallaga gåve til 75-års jubileet frå Selje Kommune.

   

Stadlandet IL v/Tone Drage helsa jubilanten med blomster og gode ord.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Flatraket IL v/Terje Ødegård helsa jubilanten med blomster og gode ord.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hovudsponsor Sparebanken Vest v/Arild Hove overrekte gåvesjekk (hos Bick-Foto) og takka for det framifrå samarbeidet mellom banken og idrettslaget.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sogn og Fjordane Idrettskrets v/Arve Heimdal helsa jubilanten med gåvesjekk og rosande ord.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sogn og Fjordane Fotballkrets v/Jon Georg Rutledal helsa jubilanten med krystallvase og rosande ord.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Atle og Anne-Helen vart heidra av Selje IL med blomster og gåvesjekk.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline