02.04: "Draumen" om nytt kunstgras nærmar seg......

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Apr 2013

"Draumen" om nytt kunstgrasdekke nærmar seg med stormskritt.....  Rehabiliteringa av kunstgrasbana startar på torsdag. På fredag/laurdag/søndag vil Selje IL fjerne det gamle kunstgraset på dugnad. Så no blir det snart grønt på Selje Idrettspark.....Les meir under........ 

På torsdag kjem firmaet som vi har valt, Sport Surface, og startar arbeidet med å ta opp gummi/sand.

På fredag/laurdag/søndag vil Selje IL fjerne det gamle kunstgraset på dugnad. Her trengst mykje dugnadsfolk i helga, og seinare i prosessen. Byggjenemnda vil ta seg av oppsett av dugnadslister. Vi håpar og trur at folk i Selje også denne gongen vil vere med og "løfte i flokk" og stille på dugnad.

Etter planen startar Sport Surface med installering av nytt kunstgras ca. 10.april, i lag med dugnadsfolk frå Selje IL. Det blir fyrst lagt ut 12mm gummipad, før kunstgraset på 40mm vert lagt oppå. Deretter er det påfylling av sand og gummi. Dersom veret blir bra og alt går etter planen, skal bana vere klar for bruk ca. 20.-25.april.

Dette blir eit flott anlegg med topp moderne kunstgras, til glede for alle aktive og andre.

Byggjenemnda planlegg også å legge deler av det gamle kunstgraset over på grusbana. Arbeidet her vart såvidt påbegynt i påska, men måtte utsettast litt pga. at det endå er tele i bana. Dette prosjektet er tenkt utført på dugnad, så her også vil det trengast mange positive dugnadsfolk. Dette blir ei god oppgradering av grusbana, som fyrst og fremst vil komme skulen til gode.

 

Byggjenemnd kunstgras-prosjektet består av:

Atle Solheim, Arne Hjertenes, Ola Hove, Erik Midtgård, Svein-Kåre Aarsheim. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.