Invitasjon: Selje Tine Fotballskule 2020, 11.-12.september

Postet av Atle Steinar Solheim den 29. Aug 2020

Invitasjon Tine Fotballskule 2020.doc

Selje IL arrangerer Tine Fotballskule for 16.gong på rad. I år fredag 11.september kl.17.30-20.30 (NB! dei yngste årsklassane avsluttar ca. kl.19.30) og lørdag 12.september kl.12.00-16.00. 

Påmeldingsfrist mandag 7.september. Sjå informasjon og invitasjon, trykk på linken over: Invitasjon Tine Fotballskule 2020.

Selje IL vil gjennomføre fotballskulen iht. retningslinjer frå Tine Fotballskule og Fotballen sine koronavettreglar. Nokre endringar i høve tidlegare år er blant anna: 

- Vi prøver så langt råd å unngå kontantar. Innbetaling av deltakaravgift til Selje IL-konto 3845.07.10374 innan 09.09. Merk innbetalinga med namn. 

- Vi serverer Tine-drikke + frukt begge dagar (men ikkje baguett), deltakarane tek med nistepakke sjølve og gjerne drikkeflaske.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkommen til fotballskulen vår!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.