Invitasjon og påmelding til Seljecup 2020, 12.-14.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Mar 2020

KORONA: Vi inviterer til Seljecup og åpnar for påmelding, sjølv om situasjonen er svært usikker på kva som vil skje frå mai og utover våren. Invitasjon/påmelding er under føresetnad av at det vil vere råd å arrangere Seljecup 12-14.juni. Dersom Seljecup må avlysast på eit seinare tidspunkt pga. koronatiltak, så vil vi refundere alle innbetalingar av lagsavgift og deltakaravgift.

SELJECUP 2020: Selje IL har igjen gleda av å ynskje velkommen til vår populære og tradisjonsrike cup. Helga 12.-14.juni håpar vi på ein ny flott fotballfest i Selje! I fjor vart det sett ny deltakarrekord med nesten 160 lag, meir enn 1200 spelarar frå over 30 klubbar.  Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.

Vi ynskjer alle velkommen til å melde seg på til Seljecup 2020!

Sjå invitasjon og info: seljecup-invitasjon20-lav.pdf

Påmelding trykk på linken under:  

https://www.profixio.com/reg/seljecup-2020



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline