Suksess for Selje Tine Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Sep 2019

Selje Tine Fotballskule vart i år arrangert for 15.gong på rad, fre-søn. 6.-8.september. Fint vær på laurdag og søndag, stor aktivitet og flott innsats av alle. 54 deltakarar i alderen 6-15år, likt fordelt på jenter og gutar. Barne-/Ungdomsgruppa serverte sunn idrettsmat med baguett, frukt og Litago-drikke. Deltakarane fekk Umbro-fotball og utstyr frå Tine (ryggsekk, t-skjorte, diplom). Svært vellukka og godt gjennomført fotballskule. 15-20 spelarar frå A-lag, damelag og trenarar var instruktørar kvar av dagane.

Selje IL, Fotball takkar alle som har vore med gjort fotballskulen til ein ny suksess! 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.