Blå diplom til Frode

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2017

Frode Nøstdal vart tildelt kretsen sin "Blå diplom" under kretstinget i Førde 25.-26.11. Frode fekk utmerkinga på bakgrunn av sin innsats i Selje IL gjennom "ein mannsalder". 

Frode var aktiv spelar i Selje IL på A-lagsnivå ca. 30 år, i perioden 1979-2010. Han var etter det vi kjenner til, den nest eldste spelaren som spelte 3.divisjon i Norge i 2008. Frode har spelt 372 obligatoriske kampar for Selje sitt A-lag, og er med det nr. 2 på adelskalenderen gjennom tidene. Han spelte også i ein periode for Stryn T&IL i tidlegare 2.divisjon.

Frode har vore trenar for aldersfastlagde lag i Selje IL i ca. 10 år i perioden 2003-2017. Han var også trenar for A-laget i 1997. Han fekk Selje kommune sin idrettspris i 2010.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline