Invitasjon til Selje Tine-Fotballskule 2.-3.september

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Aug 2016


Fellesbilde, tinefotballskule2015nr2, beskjært.jpg

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald. Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 12.år på rad.

Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 2.september kl. 17.30-20.30

lørdag 3.september kl. 12.00-16.00

Alder: Gutar og jenter frå 6 år (1.klasse, f.2010) til og med 15 år (10.klasse, f.2001)

Pris: kr. 400,- pr. deltakar (søskenmoderasjon pr. stk. 300,- for nr.2 eller fleire)

som inkluderer: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk Umbro-fotball + mat


Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!


Påmelding: Påmeldingsfrist seinast innan mandag 29.august!

Bindande påmelding, ”først til mølla….” Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

Påmelding: ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms til: tlf. 47 86 18 92

Namn

Fødselsår

Klubb

Spelar- eller keepergruppe

Mobiltlf.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.