Senior

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Feb 2015

FAIR PLAY HALDNINGSKONTRAKT 2017

Senior (frå 17 år)



Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre både på og utanfor bana.



Selje IL vil vere ein FairPlay-klubb og det forpliktar oss på alle nivå. Vi er stolte av at klubben vår er blitt nominert kvart år, og kåra til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane både i 2012, 2013 og 2015. FairPlay-arbeidet tek utgangspunkt i klubbens gjeldande handlingsplan. Ein del av denne planen er forpliktande haldningskontrakter for spelar og trenar/leiar.




Underteikna lovar å følgje klubbens reglar for FairPlay.




_________________________

Stad/dato




_______________________ _____________________

Spelar Foreldre/føresett

(til spelar under 18 år)


______________________ _____________________ ____________________

Trenar/lagleiar Trenar/lagleiar Trenar/lagleiar






Klubben vår SELJE vil arbeide for:

* å skape gode haldningar som forpliktar spelarar, trenarar, leiarar og foreldre/føresette.



* å skape eit godt miljø der fotball og sosialt fellesskap bidreg til å skape tryggleik og trivsel for den einskilde.



* å vere ein sentral aktør i nærmiljøet, for å skape gode oppvekstvilkår for barn og ungdom.



* at alle skal ha ei positiv åtferd og delta positivt i miljøet, slik at alle kan trivast.



* at fotball er for alle – og alle er like verdifulle.



* å skape respekt og forståing for den einskilde sitt behov for å bli akseptert, få ros og føle at ein høyrer til



* 0-toleranse mot mobbing, rasisme eller uønska åtferd.



* at Fair Play-kontrakten vert følgd opp som m.a. betyr: seie frå til meg dersom eg bryt punkt i haldingskontrakten - hjelpe/støtte meg når eg treng – evt. komme med høvelege reaksjonar overfor meg ved regelbrot




Eg vil:

* representere Selje IL på ein god måte både på og utanfor bana



* lojalt følgje opp klubbens vedtak og retningslinjer, og bidra med dugnad når det vert krevd



* vise respekt for trenar, lagleiar, dommar, motspelar og spelereglane



* vise ansvar og respekt for laget og lagkameratane mine, og bidra til at alle trivast og har det gøy med fotballen



* møte presis til trening og kamp, med rett utstyr



* rydde etter meg og bruke bosskassene til bosset både heime og borte



* ta godt vare på klubben sitt utstyr



* ha 0-toleranse og ikkje vere med på mobbing, rasisme eller anna dårleg åtferd



* ha MOT til å seie i frå om nokon vert urettvist handsama



* gje medspelarar positive tilbakemeldingar



* ikkje skrive negativt om klubben, med-/motspelarar, trenar/leiar, dommar eller andre på noko nettstad



* gjere mitt beste for at SELJE skal vere ein god klubb å vere i, og komme på besøk til




”Det handlar om respekt, ikkje sant?”






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline