Skader

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Des 2006

                                  

 

   Inger skader å rapportere om(pr.30.12.06)

 



Stig Aarsheim

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Des 2006



Web-kontakt

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Des 2006

Har du spørsmål vedr heimesida eller publiserte artiklar, vennligst ta kontakt med

Atle Solheim
Mobil 99 24 76 87
E-post seljeil@online.no 


Trenarar

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Des 2006

  Namn: Idar Taklo(hovudtrenar)

 

 

 

 

 

Namn: Roger Hamre(assistent trenar)

 

 

 

                            

 Namn: Trond Sætren (assistent trenar)



Støtteapparat(under oppdatering)

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Des 2006

Namn: John Helge Andersen(oppmann)

 

 

 

 

 

 Namn:Geir Johnny Rye(ass.oppmann)

 

 

 

 

    

     Bilde mangler    Namn: Geir Johnny Årdal



Selje IL

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Des 2006

 


22.12: Ola Hove fikk "Idrettsprisen 2006"

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Des 2006

Bilde mangler

 

Ola Hove vart onsdagskveld tildelt "Idrettsprisen 2006" av Selje Kommune, for sin flotte innsats gjennom mange år i Selje Idrettslag. 

I begrunnelsen for prisen står det:

"Ola Hove har lagt ned ein stor innsats og har hatt stor sukess. Selje vart kretsmeister i 5.divisjon 2004, rykte opp til 3.divisjon i 2005, og i 2006 trena han Selje i den høgaste divisjonen klubben har vore i sidan 1987. Ola Hove har bidrege sterkt til ei postiv utvikling og sportsleg suksess".

Vi gratulerer så mykje!



01.01: Selje spelar om KM-tittel i junior vinterserien

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Des 2006

Vinnar i Nordfjordavdelinga Selje, møter Sogndal (vinnar Sogn) og Høyang (vinnar Sunnfjord) i sluttspelet om KM-tittelen i junior vinterserien. 

Sogndal-Selje onsdag 3.januar kl.19.00

Selje-Høyang laurdag 6.januar kl.13.00

Høyang-Sogndal onsdag 10.januar kl.18.45.

Selje overraska dei fleste og gjekk til topps i Nordfjordavdelinga etter flott innsats. No ventar tøff motstand i sluttspelet. Sogndal er venteleg klar favoritt i KM-sluttspelet, men overraskingar har skjedd før i fotball.........

Det blir ein pangstart på nyåret for juniorlaget, så då spørst det kven som har teke best vare på formen gjennom jule- og nyttårsfeiringa..........

P.g.a lange reiseavstandar ynskte ikkje Selje å spele midtvekekampar. Sogndal kunne ikkje spele helg. SFFK har betemt at kampen går i Sogndal 3.januar. Selje tok kontakt med Sogndal om få spele kampen på tysdag kveld, før skulane tek til att, då dette hadde blitt lettare for alle våre bortebuande spelarar. Men dette nekta Sogndal, og dermed går kampen i Sognahallen på onsdag kveld.

Høyang-Selje er flytta frå søndag til laurdag. Høyang kjem fredag kveld med laget sitt og overnattar i Selje.

 



16.12: Ribbetrim 2.juledag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Des 2006

Selje IL v/Barne og Ungdomsgruppa arrangerer ribbetrim 2.juledag i "vinterkarusell-løypa" med start Selje skule kl.14.00. Deltaking: familie kr.50,- vaksne kr.20,- barn kr.10,-. Fine deltakarpremiar! Vel møtt til juletrim og sosialt fellesskap! 


14.12: 10000 treff sidan 1.desember!

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Des 2006

I dag passerte Seljefotball.no, 10000 besøkande sidan 1.desember. Det vil seie at vi til no i desember har eit gjennomsnitt på over 700 besøkande kvar dag. Fantastisk!

"Vi er Selje eit fotball lag i medvind.....!"



14.12: Klart for Selje 2 i 6.divisjon 2007

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Des 2006

Støtteapparatet for Selje sitt 2.lag i 6.divisjon 2007 er klart. Trenarane Helge Hamre, Trond Grøttå og Ove Hoddevik har takka ja til ein ny sesong. Det same har Anne-Britt D. Rekdal og Sølvi Årvik som oppmenn.


09.12: Endre Kupen toppskorar i vinterserien

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Des 2006

Endre har spelt 15kampar for Selje i årets 3.divisjon. Her er han avbilda saman med Eid sin Petter Hammer.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Høynes har sendt meg lista over målskorar i vinterserien, den finn du på "les hele saken" saman med meir fakta om Endre Kupen.

17år gamle Endre Kupen har skora jamnt og trutt i gruppespelet i juniorserien. Mange av måla har vert av meget høg klasse. Med 3mål i siste kamp mot Eid, enda Endre til slutt på 10mål på 4kampar, noko som gjer at han saman med Sveinung Frantzen og Leif Arne Iversen(TMFK) enda på delt toppskorar plass i vinterserien, sjølv om han har spelt ein kamp mindre enn dei 2.

I årets sesong har han skora veldig mange mål. I årets 3.divisjon har han skora 2mål. I tillegg har han skora 9mål i 6.divisjon. Kjem tilbake med antall skoringar på guttelaget seinare.

VI ynskjer juniorlaget lykke til vidare med finalerundene mot Sogndal og Høyanger.

 

Målskorar i vinterserien:

10 mål:
Sveinung Frantzen, TMFK
Endre Kupen, Selje
Leif Arne Iversen, TMFK

6 mål:
Edvin Øygard, Sandane

4 mål:
Karl Erik Aarsheim, Selje
Sigmund Andenes, Sandane
Thomas Starheim, Eid

3 mål:
Espen Vadøy, Eid
Kjetil Myklebust, Sandane
Oddbjørn Melheim, Eid
Kristian Kongsvoll, Eid

2 mål:
Bjørnar Strandos, Eid
Jonas Rye Tvendeseter, Eid
Kim Andre Gangeskar, Skavøypoll
Thomas Refvik, TMFK
Per Egil Flataker, Selje

1 mål
Marius Hagen, Eid
Ole Johan Skrede, Sandane
Rune Myhre, TMFK
Simen Gangeskar Solheim, Sandane
Sondre Jensen, TMFK
Steffen Midthjell, Eid
Thomas Jørgensen, Selje
Trond Vegard Ripe, Sandane
Vegard Wergeland Hansen, Sandane
Mads Wie, Sandane
Gisle Myhre, TMFK
Joachim Forthun, TMFK
Ingar Kvalheim, TMFK
Martin Flåten, TMFK
Ole Andreas Solheim, Selje
Runar Aarsheim, Selje
Kim Andre Kupen, Skavøypoll

Det er laga eit sjølvmål i turneringa. Eid laga sjølvmål i bortekampen mot Selje fredag 8. desember



08.12: Selje vart best i Nordfjord i junior vinterserien!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Des 2006

Etter ein imponerande 4-2 siger mot Eid i kveld, er Selje vinnar av Nordfjordavdelinga i junior vinterserien. Stillinga var 3-1 ved pause. Vi gratulerer gutane med ein kjempeprestasjon!

Det var knytta stor spenning til den avsluttande runden i junior vinterserien i kveld. Både Eid, TMFK og Selje kunne gå til topps i Nordfjordavdelinga. TMFK og Sandane spelte uavgjort 2-2 på Eid Idrettspark, og dermed vart det Selje som stakk av med fyrsteplassen etter sigeren over Eid.

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Sindre Jørgensen, Per Egil Flataker, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Håvard Nyheim, Karl Erik Aarsheim. Innbyttarar: Espen Sandviknes, Vidar Hagen, Lasse Marius Honningsvåg, Ole Andreas Årvik, Thomas Jørgensen.

Selje starta forrykande i kveldens kamp og trykte på framover. Berre etter 2 minutts spel var det klart for 1-0 til heimelaget. Ole Andreas Solheim fann Endre Kupen på eit langt framspel, som kjippa ballen sikkert over keeper og i mål. Etter 12 minutt gjekk Selje opp til 2-0. Endre Kupen sende avgårde eit skot, som gjekk innom Eidspelar og sjølvmål. Kampen levde utover omgangen, Eid hadde ballen mest men det var Selje som igjen scora. Endre Kupen fekk ballen på sida av 16 meteren, og finta og tråkla seg inn i feltet, før han sende avgarde ein markkrypar med venstrefoten som small i stolpen og inn etter 30 minutt.. Fantastisk scoring! 

Resten av omgangen var Eid klart best. Dei fekk betre og betre kontroll og spelet glei veldig bra, medan Seljespelarane vart springande i mellom. Etter 34 minutt reduserte Eid til 3-1 etter scoring av Kristian Kongsvoll.

I pausen justerte Selje litt på laget og fekk mykje betre kontroll i starten av omgangen. Eid kunne fått utteljing på sjansar men Seljekeeper Andreas Kvernevik stod ein prikkfri kamp og Seljeforsvaret rydda unna. Men etter 69 minutt får Eid lagt inn frå sida og framfor mål headar Thomas Starheim inn redusering til 3-2. I perioden etterpå lever kampen skikkeleg, og kunne bikka i Eid sin favør. Men igjen er det Selje som får utteljing. Endre Kupen set fart framover inn i 16 meteren til Eid, og blir felt. Kupen tek straffa sjølv og set sikkert inn sitt tredje for dagen etter 75 minutt.. Då er kampen i realiteten avgjort og Selje styrer greitt inn 4-2 sigeren.

Stor stemning etter kampen då sluttresultatet frå TMFK-Sandane vart opplyst av speaker Odd L. Drabløs. Seljeropet runga over stadion. Ein kjempeprestasjon av juniorlaget til Selje. Kven hadde trudd det etter å ha tapt 5-1 mot TMFK i fyrste kamp?

Juniorlaget til Selje er ei flott blanding av spelarar fødd 88/89/90/91. Kjekt er det også at dette har vore eit lag også for spelarar frå Stadlandet og Flatraket, sjølv om dei fleste er Seljespelarar. Vi takkar alle spelarane for flott innsats!!!!

Her er lista på dei 25 spelarane som har delteke på Selje sitt juniorlag i vinterserien med antal kampar  (Berre 4 kampar er spelt, då Selje-Bremanger ikkje vart spelt): 

Karl Erik Aarsheim 3, Rikard Rekdal 4,  Thomas Jørgensen 3, Kjell Omar Åhjem 2, Håvard Nyheim 4, Per Egil Flataker (Flatraket) 4, Jørn Tore Sande (Stadlandet) 1, Sindre Jørgensen 4, Trond Eirik Kupen 4, Tor Are Årvik 3, Martin Hove 4, Endre Kupen 4, Kennet Honningsvåg 4, Vidar Hagen 4, Øystein Austring 1, Alexander Hove 1, Lasse Marius Honningsvåg (Stadlandet) 1, Ole Andreas Solheim 4, Andreas Kvernevik 4, Saron Osmundsvåg 1, Anders D. Rekdal 1, Kai-Sindre Moldestad 2, Espen Sandviknes (Stadlandet) 1, Runar T. Aarsheim (Stadlandet) 1, Ole Andreas Årvik (Stadlandet) 1.



07.12: Romjulscup Nordfjordhallen 30. desember

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Des 2006

Skavøypoll IL arrangerer romjulscup 30.12. Aktiv, open og dame/jenteklasse, alle for spelarar fødd før 1.1.92. Påmeldingsfrist 20. desember. For meir info. sjå: www.romjulscup.com eller Skavøypoll si heimeside.


07.12: Nordeacup i Nordfjordhallen 19.-21. januar

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Des 2006

TMFK arrangerer den årlege Nordeacup for 5-ar lag 19.-21. januar. Alle klasser gutar og jenter frå kos til gutt/jente. Påmeldingsfrist 07.01.07.

For meir info. sjå: www.tmfkfotball.no

 



06.12: Ny rekord på Seljefotball.no

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Des 2006

Besøkstala for dei 6 fyrste dagane i desember er ny rekord. Vi har hatt ca.3300 besøkande i løpet av desse dagane, noko vi er veldig fornøgde med. Besøkstala har vert jamn stigande i heile år, og vi passerte i dag de 70000 treffet sidan januar.


04.12: Kor mykje kan du om Selje IL?

Postet av Selje IL - Fotball den 4. Des 2006

På denne linken kan du teste deg sjølv om dine kunnskapar om Selje Idrettslag. Blir dette populært vil vi prøve å få til fleire quizar i forskjellige vanskegrader og katergoriar.

Kor mykje kan du om Selje IL?

 



02.12: To Seljespelarar med på soneturnering G92 og J92

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2006

To Seljespelarar deltok på sonelaget for Nordfjord, Team TMFK, for spelarar f. -92 på Eid Idrettspark laurdag. Joachim Refvik på gutelaget og Birgitte Flølo på jentelaget. Guttelaget vann soneturneringa. Les meir på: www.haugenfotball.no

 



03.12: Fire Seljespelarar med på soneturnering G91 og J91

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Des 2006

Fire Seljespelarar deltok søndag på soneturneringa for gutar og jenter f.-91 på Eid Idrettspark. På gutar Nordfjord deltok: Andreas Kvernevik, Kai Sindre Moldestad og Ole Andreas Solheim. PÅ jenter Nordfjord deltok: Susanne Vatnehol (Sonja Riksfjord og Janett Kupen hadde meldt forfall til turneringa).

Les meir på: www.haugenfotball.no

 



01.12: Junior vinterserie Skavøypoll-Selje 1-10

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Des 2006

Det vart storsiger til Selje i kveldens juniorkamp mot Skavøypoll. Kampen enda med heile 10-1 til Selje, etter 4-0 leiing ved pause.

Kampen var utsett frå sist fredag pga overflatevatn på Skavøypoll stadion. Heldigvis letta regnveret utover dagen i dag, og den utsette kampen kunne spelast som planlagt i kveld.

Selje mønstra heile 18 spelarar til denne kampen, der samtlege kom innpå og spelte ein halvtime eller meir. Dagens startoppstilling: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Rikard Rekdal, Martin Hove, Sindre Jørgensen, Tor Are Årvik, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Karl Erik Aarsheim, Håvard Nyheim, Runar Aarsheim. Innbyttarar: Per Egil Flataker, Endre Kupen, Vidar Hagen, Øystein Austring, Saron Osmundsvåg, Anders D. Rekdal, Kai Sindre Moldestad. 

Selje kom best i gong og allereie etter 4 minutt låg ballen i nota, etter at Karl Erik Aarsheim hadde sprunge frå Skavøypollforsvaret og scora. Same mann la på til 2-0, to minuttt seinare. Etter ein litt "roleg" periode, fekk Selje dampen opp igjen og "Kalle" Aarsheim sette inn sitt tredje mål og hat-trick etter 24 minutt. Berre to minutt seinare eit flott Seljeangrep, som vart avslutta med eit hardt innlegg frå Ole Andreas Solheim som Runar Aarsheim kontant sette i mål. Resten av omgangen skapte Selje nokre sjansar, men utan utteljing. Eit ungt Skavøypoll-lag hadde svært lite å by på framover i denne omgangen. 

I pausen bytta Selje halve laget. Etter 12 minutt fekk Per Egil Flataker kjempetreff frå ca.20 meter på ein retur og dermed 5-0. Berre to minutt seinare var Endre Kupen frampå og 6-0. Etter 24 minutt fekk Selje frispark frå ca. 25 meter. "Kalle" Aarsheim sikta inn og fekk fulltreff heilt oppe i vinkelen og dermed 7-0.

Utover 2. omgang kom Skavøypoll langt betre med framover og noterte seg blant anna for to stolpeskot og nokre andre store sjansar, men Seljekeeper Andreas Kvernevik varta opp med fleire fine redningar. Men etter 30 minutt lukkast det endeleg for heimelaget, og redusering til 7-1. Berre eit minutt seinare ny Seljescoring ved Endre Kupen og 8-1. To minutt seinare sette Per Egil Flataker inn si andre scoring for dagen og 9-1. Etter 37 minutt fekk Ole Andreas Solheim stjernetreff frå ca.20 meter og 10-1 til Selje.  Det kunne blitt endå fleire mål, men kampen ebba ut med ein solid Seljesiger.

Selje spelte ein bra kamp i kveld, der vi i periodar såg bra spel. Men trass i storsiger, var denne kampen ikkje så gjennomført god som mot Sandane.  

Selje har no for alvor blanda seg inn i tetstriden i juniorserien, og alt ligg an til ei spennande avslutning neste fredag på heimebane mot Eid. Fleire lag har sjansen til å stikke av med avdelingssigeren.  



27.11: Utmerkingar til Selje IL, Fotball i helga

Postet av Selje IL - Fotball den 27. Nov 2006

 

Under Sogn og Fjordane Fotballkrets si miljøhelg i Florø i helga, fekk Selje IL tildelt 1. premien for årets beste kamparrangement og kr.10.000,-. Selje er dermed vinnar for 2.år på rad i denne konkuransen, som er for alle laga i 3. og 4. divisjon. Vi takkar alle gode medhjelparar på heimekampane våre, som deler æra for denne  prisen!

Som om ikkje dette var nok, fekk samarbeidslaget Stadlandet/Selje i gutar 15/16 år tildelt ein sjekk på kr. 1000,- i fair-play konkuransen. Det var tre lag i gute-/jenteklassen som fekk denne prisen, dei einaste laga utan gule/raude kort.    



Smågutar

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Nov 2006

 

 

 

 

Lagleiarar: Frode Nøstdal, John Kvernevik, Johhny Træet

Oppmann: Nina Refvik



23.11: SELJECUP 2007, 15.-17. juni

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Nov 2006

 

 

 

 

 

 

Seljecup vert i 2007 arrangert for 13.gong, helga 15.-17. juni. Seljecup har dei siste åra samla i overkant av 135 lag og 11-1200 spelarar. Seljecup er ein svært populær cup å delta på, og vi er både stolte og glade for dei mange flotte tilbakemeldingane som cupen får. Velkommen til årets fotballfest i Selje!

Sett av datoen alt no..... Følg med på heimesida vår, meir info. kjem etter kvart.....sjå les heile saken for bildegalleri frå fjorårets cup.

Bildegalleri Seljecup 2006

Visst du har spørsmål eller ynskjer å ta kontakt vedr. Seljecup 2007:

e-mail: atles@vestdata.no

eller tlf. 99247687

 



23.11/05.12: Julebord/årsfest Selje IL laurdag 9.desember

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Nov 2006

Selje IL gjentek suksessen frå i fjor, og inviterer spelarar, tillitsvalde og andre som er medlemmer i Selje Idrettlag til årsfest. Sunnivasalen/Selje Hotel laurdag 9.desember kl.18.30. pr.05.12 ER DET NOKRE LEDIGE PLASSAR PÅ JULEBORDET IGJEN, SÅ DET ER FRAMLEIS RÅD Å MELDE SEG PÅ!!!!!!

Meir info., les hele saken... 

 



22.11: Årsfest allidrett og aldersfastlagde klasser onsdag 29.november

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Nov 2006

Selje IL inviterer spelarar, trenarar, oppmenn, dommarar, foreldre og andre til årsfest 2006. Allidrett (2.-5.klasse) kl.17.00-ca.18.30. Aldersfastlagde lag (lillegut, lillejente, smågut, jente og gutar) kl.19.00-ca.20.30.

                                  



20.11: Seljespelarar uttekne til soneturnering på Eid

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2006

6 Seljespelarar er uttekne til sonesamlinga for gutar og jenter f. 1991 på Eid Idrettspark 3.desember: Kai Sindre Moldestad, Andreas Kvernevik, Ole Andreas Solheim, Sonja Riksfjord, Susanne Vatnehol, Janett Kupen.

For meir info. og heile uttaket sjå: www.sffk.no

 



20.11: Leiar 1-kurs vart arrangert i Selje i helga

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Nov 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredag og laurdag arrangerte Selje IL, Fotball leiar 1-kurs. Kurshaldar var Ketil Ølmheim frå Sogn og Fjordane Fotballkrets. 8 tillitsvalde gjennomførte kurset.

Fredag kveld og laurdag vart det gjennomført leiar 1-kurs i Selje. Gjennom førelesingar og gruppearbeid losa kursleiar Ketil Ølmheim gruppa fint gjennom kurset.

Leiar 1-kurs består av 5 modular:  Daglig drift av en fotballklubb-gleden av å sitte i et styre, spilleren i sentrum - laget i fokus - klubben i hjertet, fotballens tilbud til de voksne - som aktiv eller som støttespiller, lov og reglement, klubbøkonomi. 

 Desse deltok: Johnny Træet, Vivian Nygård Sætren, Nina Refvik, Evy Ann Hatlenes, Atle Solheim, Gaute Otnes, Tom-Øyvind Solheim, Helge Hamre.



19.11: Junior vinterserie Selje-Sandane 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Nov 2006

Mykje bra spel og ein strålande kamp av Selje i dag med siger 5-1 over Sandane, etter 2-0 ved pause. Ein skikkeleg lagsiger der alle gjorde ein flott innsats. Endre Kupen scora 4 mål.

Dagens Seljelag: Andreas Kvernevik, Trond Eirik Kupen, Martin Hove, Rikard Rekdal, Per Egil Flataker, Tor Are Årvik, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Håvard Nyheim, Thomas Jørgensen, Sindre Jørgensen, Vidar Hagen, Alexander Hove, Kai Sindre Moldestad, Kjell Omar Åhjem.

Før kampen var det venta at Sandane kom til å trekkje det lengste strået i dagens kamp, etter to klare sigrar så langt i vinterserien. Men Selje ville det annleis på kunstgraset heime i Selje. Heimelaget tok tak i kampen heilt frå avspark og før 10 minutt var spelt, hadde tverrliggjar og stolpe stått i vegen for scoring for heimelaget. Men etter 20 minutt lukkast det. Kennet Honningsvåg spelte flott gjennom Endre Kupen som scora sikkert. Berre to minutt etter fekk Thomas Jørgensen ballen på venstrekanten og frå skrått hald klinka han ballen i mål.

Selje fortsette å storspele utover omgangen og skapte fleire store sjansar. Sandane kom etter kvart betre med og skapte også nokre sjansar, men det var Selje som hadde overtaket.

Selje heldt fram med stor arbeidsinnsats og mykje bra spel også den fyrste delen av 2.omgang. Etter 11 minutt fekk Selje frispark på hjørnet av 16meteren. Endre Kupen la ballen nydeleg i motsett vinkel og dermed 3-0. I det 17 minutt la same mann på til 4-0 og hat-trick. Etter dette miste heimelaget litt av trykket, og Sandane pressa på dei neste 20 minutta. Edvin Øygard reduserte til 4-1 i det 20.minutt. Seljekeeper Andreas Kvernevik rykka ut og redda meisterleg nokre minutt etter, då det glapp i midtforsvaret til Selje og ein Sandanespelar kom åleine mot mål. Sandane hadde ein 100%sjanse til i denne perioden og Selje var heldige at Sandane ikkje kom inn att i kampen. Litt justeringar på Seljelaget gjorde at ein gradvis fekk kontroll igjen på kampen. Og i siste speleminutt la like godt Endre Kupen på til 5-1, etter ein keeperretur på frispark frå Kennet Honningsvåg. 

Ein kjempekamp av heimelaget der samtlege spelarar i troppen spelte og gjorde manns jobb. 



15.11: Odd Helge Losnegård vart Årets spelar

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Nov 2006

 
Årets spelar 2006 (foto: Jan Runar Trandal)

 

I samband med A-lagets sin avslutningsfest i Ålesund i helga, var det klart for å hedre spelerar og støtteapparat på Selje. Årets spelar blant spelarar og støtteapparat vart keeper Odd Helge Losnegård.  

                          

I begrunnelsen for valget av årets spelar står det: Har stått ein god sesong, og prestert stabilt heile sesongen igjennom. Ein typisk "match-vinner". Flink og positiv både i laget og i treningsarbeidet.  

Andre prisar som vart delt ut:

Årets heimespelar: Espen Nøstdal

Årets målkonge: Karl Erik "kalle" Årsheim

Spesielt i år var det at de no blir trenar skifte på A-laget. Difor vart selfølgelig trenar Ola Hove hedra for den kjempe flotte jobben han har gjort for A-laget gjennom mange år. Og ein ønskte Idar Taklo lykke til med den oppgåva han no står ovanfor.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



08.11: Idar Taklo blir ny hovudtrenar for A-laget

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Nov 2006

Idar Taklo passerte i fjor 300 obligatoriske kampar for A-laget til Selje.
 

 

 

 

 

 

 

Idar Taklo blir den nye hovudtrenar til Selje. Ei oppgåve som Idar sjølv gledar seg masse til å ta fatt på.

Fotballgruppa har valt ein trenar som er i miljøet, og som har "Selje i sitt hjerte". Vi er sikre på Idar er rett mann til å vidareføre det gode arbeidet som Ola har gjort gjennom mange år med A-laget. Selje skal vere ein klubb der samhold og godt miljø er merkevare. Vi er sikre på at Idar har dei eigenskapane som skal til både sportsleg og sosialt, og at han kjem til å gjere ein flott jobb med A-laget i 2007. 

Fotballgruppa ynskjer Idar lukke til med ein utfordrande og spennande jobb! 



05.11: Leiar 1-kurs i Selje 17.-18. november

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Nov 2006

Selje IL, Fotball i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, arrangerer leiar 1-kurs i Selje  fre. 17. og lør. 18.november. Gratis deltaking for alle i Selje IL. Vi håpar på mange deltakarar. Velkommen! Påmelding/meir info., les under!


Invitasjon til leiar 1-kurs fotball i Selje

fredag   17.november     ca. kl.17.30-21.00

laurdag 18.november     ca. kl.9.00-14.00 (15.00) (nøyaktig tidspunkt for dagane vert å kome tilbake til)

 

Selje IL arrangerer i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets, leiar 1-kurs i Selje helga 17.-18.november. Kurset er ein del av utdanningsplanen som klubben har, og ei oppfølgjing av klubbkvelden som vi arrangerte i desember 2005.

 

Selje IL, Fotball har dei par siste åra arrangert dei fire delkursa for trenar 1. Turen er no komen for å sette fokus på drifta av klubben, og auke kompetansen i alle ledd.

 

Kurset vil bli praktisk retta og arbeidet vil vere til nytte for den enkelte og klubben. Underteikna kjem til å ha samtalar med kurshaldar, for å styre innhaldet i kurset til å bli mest mogeleg tilpassa og til nytte for arbeidet i vår klubb.

 

Vedlagt følgjer utskrift frå Sogn og Fjordane Fotballkrets si heimeside (www.sffk.no) med generell innformasjon om leiar 1-kurset.

 

 

Kurshaldar:  Ketil Ølmheim, Sogn og Fjordane Fotballkrets

 

Pris for kurset: ca. kr.700-1000,- pr. stk., pris avhengig av antal.

Tillitsvalde/medlemmar Selje IL:   gratis (klubben betaler alle utgifter)

 

Stad: Selje skule

 

 

Påmelding innan onsdag 8.november til:

Selje IL, Fotball           Atle Solheim    tlf. 99247687               atles@vestdata.no

 

                                                          

 

 

Velkommen til kurs!

 

Selje 20.10.06                                                for Selje IL, Fotball                                        

                                                                       Atle Solheim

                                                                       -leiar-

                                                                      

Fotballederkurs 1 (info. henta frå SFFK si heimeside)

 

Målgruppe
Styremedlemmer (nye eller de med forholdsvis liten erfaring), sportslige ledere, daglige ledere, lagledere. For mer erfarne klubbledere anbefales Fotballederkurs 2.

 

Varighet
20 undervisningstimer, enten over fem kvelder eller over en helg.

Fotball skal være moro – for ledere og spillere! La lederrollen i fotball være preget av glede og engasjement! La styret bli en arena hvor det settes fokus på å utvikle klubben og på å komme med nye og gode tilbud til medlemmene! Unn deg Fotballederkurs 1 og skaff deg verdifulle kunnskaper og nyttige tips om hvordan styret kan bruke tid på de riktige sakene.

Gode ledere gir både mer og bedre fotballaktivitet ute i klubb!

Kurset består av fem moduler, som også kan tas enkeltvis. Fotballederkurs 1 består av modulene D1–D5 i vår utdanningsbrosjyre.

  • Daglig drift av en fotballklubb, oppgaver et styre bør arbeide med, hvordan ledere skal skape tillit, trygghet og trivsel i miljøet
  • Hvordan skape god aktivitet for barn og ungdom? Målgruppetenking diskuteres - og hvilke konsekvenser dette får når klubben skal gi ulike tilbud ut fra den enkeltes behov, ønsker, nivå og ambisjoner
  • Idrettslige støttefunksjoner; Trener, Leder, Dommer
    Lover og regler (spesielt viktig for lagledere)
  • Fotballederes forhold til fotballens verdigrunnlag
  • Klubbøkonomi
    Klubbarbeidet står i fokus. Deltakerne vil arbeide med problemstillinger som en kjenner igjen fra hverdagen ute i klubb

Etter å ha fullført kurset vil du:

  • Ha mer utbytte av å jobbe med klubbfotball
  • Drive klubben mer effektivt
  • Klare å se helheten i klubben, og derav bruke mindre tid på å studere budsjetter

 



04.11: Junior vinterserie TMFK - Selje 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Nov 2006

Selje tapte 5-1 mot TMFK på ei blaut grusbane på Skaredammen i dag, etter 2-0 til heimelaget ved pause. Selje hang godt med i det meste av kampen, og sigeren var for stor etter spel og sjansar. Selje sine spelarar spelte med svart sørgeband, til minne om Daniel som skulle ha vore med på laget. Før kampen starta var det 1 minutts stillhet. 

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Tor Are Årvik, Martin Hove, Rikard Rekdal, Per Egil Flataker, Jørn Tore Sande. Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Karl Erik Aarsheim, Håvard Nyheim, Endre Kupen.

Innbyttarar: Kjell Omar Åhjem, Sindre Jørgensen, Trond Eirik Kupen, Vidar Hagen, Lasse Marius Honningsvåg, Thomas Jørgensen.

TMFK opna friskast og scora to kjappe mål i det 10. og 14. minutt. Her hang ikkje Seljeforsvaret heilt med. Etter dette kom Selje stadig betre inn i kampen, hadde ballen mest utover omgangen og pressa på framover utan at det kom til dei heilt klare målsjansane.

Selje måtte føreta fleire bytter i pausen. Keeper Andreas Kvernevik som hadde stått ein solid 1. omgang var skada, og utan fleire keeperar i troppen i dag, måtte Håvard Nyheim gå i mål. Selje var fullt på høgde med heimelaget i starten av omgangen.

Etter 15. minutt i 2. omgang scora Endre Kupen på straffe og dermed 2-1. Då var det ny spenning i kampen, men TMFK kontra inn 3-1 i det 20.min. Så fekk Selje straffe igjen, men keeper redda straffa frå dagens Seljekaptein "Kalle" Aarsheim. I staden for redusering, fekk TMFK to kjappe mål til, det fyrste etter 26 min og det andre på straffe etter 28min.

Etter dette hadde Selje fleire sjansar til redusering, mellom anna skot på utsida av stolpen og i tverrliggaren av Endre Kupen. Men det ville seg ikkje framfor mål i dag, og når ein slepper inn for lettkjøpte mål, blir sluttresultatet deretter.

Alle spelarane i troppen spelte og gjorde ein bra innsats. Selje viste ein del bra spel, og dersom laget blir meir tøffe og besluttsomme i begge endar av bana kan dette bli bra. Det er berre å brette opp ermane til neste kamp i vinterserien, neste fredag mot Bremanger på heimebane.   



21.10: KM-finale Jenter 15/16 år: Selje nesten kretsmester....

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Okt 2006

Selje spelte i dag returkamp i KM-finalen for jenter 15/16 i Sognahallen. Sogndal vann til slutt 4-2, og vart dermed kretsmester på bortemålsregel. Flott innsats av jentene våre. På bildet ser vi laget juble etter å ha vunne Seljecup tidlegare    i år.

I fjor tapte desse jentene KM-finalane på målforskjell i småjenteklassen. I år var det endå nærare, for etter full tid stod det 4-2 til Sogndal. Forrige helg vann Selje 5-3 på heimebane. Dermed hadde begge lag 3 poeng og 7-7 i målforskjell. Sogndal hadde scora eit mål meir enn Selje på bortebane, og kunne dermed juble for kretsmestertittel 7-ar jenter 15/16 år i 2006.

 

 

Seljes lag i dag: Susanne Vatnehol, Birgitte Flølo, Beate Hove, Sofie Flataker, Eirin Hamre Hatlenes, Marthe Hamre Owesen, Sonja Riksfjord, Janett Kupen



15.10 KM-finale jenter, Selje-Sogndal 5-3

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Okt 2006

Selje vann 5-3 mot Sogndal i den fyrste kampen om kretsmeistertittel i 7-ar jenter 15/16 år. Desse jentene spelte også KM-finale i småjente i fjor, og har no skaffa seg eit godt utgangspunkt framfor returkampen i Sogndal neste laurdag.   

 

Seljes lag: Susanne Vatnehol, Janett Kupen, Birgitte Flølo, Sofie Flataker, Eirin Hatlenes, Karoline Hamre, Sonja Riksfjord.

Målscorarar: Susanne Vatnehol 4, Janett Kupen 1



05.10: 3.div. Skavøypoll - Selje laurdag kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Okt 2006

Siste kamp i årets 3.divisjon er det spennande lokaloppgjeret mellom Skavøypoll og Selje. Dersom Selje spelar uavgjort eller vinn, kaprar Selje 10.plassen i 3.div. og håp om fornya kontrakt, dersom Stryn greier opprykk til 2.div. Vi håpar at vårt trufaste og engasjerte publikum vil ta turen til Skavøypoll og støtte laget! Heia Selje!


02.10: 3div. Selje - Sogndal 2 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Okt 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje fekk med seg det eine poenget i kveldens kamp mot Sogndal 2. Selje leia 1-0 ved pause, men Sogndal 2 kom sterkt utover kampen, og heimelaget kan alt i alt seie seg fornøgde med poengdeling. Det betyr at Selje avanserte til 10.plass på tabellen.

Ekstra stilfull innmarsj var det i flomlyset i kveld. "Flaggborg" med 12 kvit/blå seljeflagg mot tribuna var flott! Tusen takk til Anne-Britt D. Rekdal for flagga som ho har laga!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje mangla fleire spelarar til dagens kamp, men satsa friskt. Spelarane jobba iherdig over heile linja. Selje scora på sin fyrste store sjanse i kampen. Karl Erik Aarsheim fekk ballen innanfor 16 meteren og sette den hardt i hjørnet bak ein sjanselaus Sogndalkeeper.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter dette spelte begge lag seg til ein del sjansar i ein jamnspelt fyrsteomgang. Nærast på heimelaget var Ole Andreas Solheim,  som spelte frå start for fyrste gong, nær scoring etter eit skot som strauk over krysset.

I andre omgang tok Sogndal etter kvart over, og pressa Selje bakover på bana. Spesielt Henrik Furebotn og Torgeir Hoås skapte trøbbel for seljeforsvaret. Etter 63 min var det klart for utlikning. Hernrik Furebotn var sist på ballen. Etter dette var Selje heldig som ikkje fekk fleire baklengs. Seljekeeper Odd Helge Losnegård hadde fleire gode redningar i denne perioden. Mot slutten av kampen jamna det seg ut igjen og Selje hadde også store sjansar til å score.

Men kampen ebba ut med 1-1 og poengdeling. Eit poeng som gjer at Selje går forbi Skavøypoll på tabellen på målforskjell. Det betyr at Selje greier seg med uavgjort i årets siste kamp (laurdag kl.15.00) mot Skavøypoll, for å kapre 10.plassen i 3.divisjon.

Imponerande 192 tilskodarar hadde funne vegen til stadion i kveld. Vi takkar vårt trufaste publikum for flott støtte gjennom heile sesongen!

Seljes lag: Odd Helge Losnegård, Anders Eltvik, Gaute Otnes, Ole Refsnes (Andre Kupen frå 63. min), Idar Taklo, Kai Arne Otneim, Jan Runar Trandal, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim (Andreas Teigen frå 90min.), Karl Erik Aarsheim, Endre Kupen.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal

Firdastjerna: Torgeir Hoås, Sogndal 2

Gule kort: Jan Runar Trandal og Andreas Teigen Selje + 2 til Sogndal

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang ass.dommarar: Øyvind Grindheim, Svelgen og Kaj Inge Fløde, Stadl.



30.09: 3.div Selje-Sogndal 2 mandag 2.okt. kl.18.00

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Sep 2006

Siste heimekamp i 3.divisjon i år er på mandag mot Sogndal 2. Selje kjempar for å berge plassen i divisjonen, og må vinne. Vi ynskjer velkommen til vårt trufaste publikum som har støtta laget gjennom heile sesongen. Alle spelarar på våre aldersfastlagde lag som stiller i Selje IL klubbdress eller spelardrakt har gratis inngang på denne kampen. 



28.09: G15/16 Selje/Stadlandet vann alle kampane!

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2006

Guttelaget Selje/Stadlandet vann i kveld 5-0 mot Sandane. Dermed har laget vunne alle dei seks kampane i haust, har 18 poeng og ein imponerande målforskjell på 34-3. Vi gratulerer spelarane med ein strålande sesong.

Sandane kunne med siger i kveldens kamp, og ein kamp mindre spelt,  gå forbi Selje/Stadlandet på målforskjell. I ein ujamn fyrsteomgang der heimelaget hadde det meste av trykket og skapte dei fleste sjansane , sat ikkje spelet skikkeleg. Men etter nokre rokeringar på heimelaget i pausen fekk Endre Kupen nettkjenning 10 min ut i omgangen. Berre tre minutt seinare la same spelar på til 2-0. 

No byrja det for alvor å losne for heimelaget. Pasningane og bevegelsane sat mykje betre, og heimelaget rulla opp angrep etter angrep. Etter 24 minutt scora Endre Kupen hattrick og la på til 3-0. På slutten var det eigentleg berre spørsmål om kor stor sigeren ville bli. Stian R. Ervik var framme på ein retur og la på til 4-0 i det 33 minutt. I det 37 minutt fastsette Ole Johnny Støverstein sluttresultatet til 5-0.

Spelarane kunne dermed juble for avdelingssiger i 2.divisjon avd. 3. Synd er det at samarbeidslaget ikkje får spele om KM-tittel. Laget har gjennomført ein strålande sesong.

Seljes lag i kveld: Espen Sandviknes, Lasse Marius Honningsvåg, Vidar Hagen, Martin Hove, Asbjørn Losnegård, Ole Andreas Solheim, Runar Aarsheim, Ole Andreas Årvik, Endre Kupen, Ole Johnny Støverstein, Anders D. Rekdal, Saron Osmundsvåg, Lars Erik Nilsen, Øystein Austring, Alexander Hove, Andreas Kvernevik, Stian R. Ervik, Vebjørn Ervik.

Kennet Honningsvåg (skada), Kai Sindre Moldestad (sjuk), Marius Kongsvoll (skada)

 



25.09: G13/14: Smågutane vann 8-4 over Bremanger

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Sep 2006

Blide smågutar etter sigeren over Bremanger i kveld.

 
Selje sitt småguttelag vann i kveld 8-4 over Bremanger, etter stillinga 3-0 ved pause.

Det vart målfest i flomlyset i Selje Idrettspark i kveld, der heimelaget scora heile 8 mål, medan gjestane frå Bremanger scora 4. Periodevis fint angrepsspel av heimelaget. Laget leia ei stund i 2.omgang 7-1, men litt ukonsentrert spel gjorde at Bremanger i løpet av kort tid fekk 3 mål. Men alt i alt ein god kamp av småguttelaget.

Målscorarar: Aleksander Kvernevik 5, Joachim L. Træet 2 og Kristoffer Nøstdal 1

Seljes lag på bildet: Frank Robert Åhjem, Aleksander Kvernevik, Runar Årvik, Mette Riksfjord, Kristoffer Nøstdal, Birgitte Flølo, Joachim L. Træet, Lars Johannes Gjerde, Øyvind Amdam, Joachim Refvik, Øyvind Støverstein, Håkon Eltvik, Erling Amdam, Asle Jørgensen, Christian V. Sneide (Andreas V. Liseth ikkje med i dag). Trenar Johnny Træet og oppmann Nina Refvik (dei andre trenarane John Kvernevik og Frode Nøstdal ikkje til stades).

 

Småguttelaget har i haust spelt 6 kampar. Det har resultert 10 poeng (3 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap). Målskildnaden er 18-18. Laget ligg på 2.plass på tabellen bak Skavøypoll. I siste kamp ventar Loen/Olden på bortebane. Eit lag som må slåast om Selje skal behalde 2.plassen.



22.09 3.div: Selje tapte mot Førde

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Sep 2006

Selje tapte 5-0 mot Førde, etter 3-0 ved pause. Selje hang godt med den fyrste halvtimen, men deretter var det Førde som hadde spelet og dei fleste sjansane. Selje var prega av at laget mangla nokre av dei faste spelarane i denne kampen.

Selje opna friskt med god aggresivitet og hard jobbing over heile linja. Førde sleit med å få i gang spelet den fyrste halvtimen. Men etter 31 min lukkast Førde, og Steinar Tenden heada inn 1-0. Selje hadde nokre gode målsjansar i denne omgangen, men det vart for puslete avslutningar. I staden var det Førde som gjekk opp til 2-0 etter 38 min. ved Alexander Hjelmeland Rygg. Når så Tore Evensen la på til 3-0 fem minutt seinare, var vel eigentleg kampen køyrt.

2.omgang starta på verst tenkeleg måte, då Steinar Tenden enkelt set inn sitt andre mål for dagen og 4-0. Men Selje greidde å samle seg bra utover omgangen. 5-0 målet til Tore Evensen vart det siste i kampen.

Selje skal ha ros for vilje og bra jobbing. Men som kjent styrer mål kampar. Eit par-tre av måla til Førde er for enkle, og når spissane ikkje maktar å omsette sjansar til mål, vert resultatet eit klart tap mot laget som ligg på 2.plass på tabellen.

Hendinga som dei fleste snakka om etter kampen var nedsparkinga av Kennet Honningsvåg etter 75 min. Kennet var på veg framover med ballen, langs sidelinja midt på bana, då han brutalt vart klipt ned bakfrå. Det hjelper lite for skaden til den unge og lovande guttespelaren, men dommar Lien burde her ha gitt direkte rødt kort Med store smerter vart Kennet etter ei tid henta med ambulansen og frakta til sjukehus. Det er i kveld meldt at det ikkje er brot, men at sener truleg er avslitne. Dermed mistar Kennet innspurten i 3.div. Vi ynskjer Kennet god betring og ser fram til å få sjå friskusen tilbake på bana. 

Saknet av sentrale spelarar i denne kampen vart merkbart utover kampen. Selje måtte bruke heile innbytterkvoten. Heile fire guttespelarar var på bana i dag (Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Ole Andreas Solheim, Martin Hove), det lovar godt for framtida!  I tillegg kom keeper Tom-Øyvind Solheim innpå som utespelar dei siste 10 minutta. 

Seljes lag: Odd Helge Losnegård, Anders Eltvik, Gaute Otnes, Arne Refsnes (Tom-Øyvind Solheim 85min), Kristoffer Hove, Atle Riksfjord (Ole Refsnes 57min), Kai Arne Otneim, Kennet Honningsvåg (Martin Hove 75min), Karl Erik Aarsheim, Endre Kupen, Trond Hamre (Ole Andreas Solheim 62min).  

 



Historiske bilder

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Sep 2006

Planen er at vi skal lage eit lite historisk bildegalleri frå gamle tider, meir vil komme etterkvart. Har du gamle bilder setter vi stor pris på om vi får låne desse å legge inn på heimesida.

 



21.09: Ny "cupfinale" til helga

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Sep 2006

Dagen er torsdag og veka nærmar seg slutten med stormskritt. Dermed nærmar også det seg ei ny runde i den så frykteleg spennande sluttspurten i 3.divisjon.

Trenar Ola har sagt at kvar ein kamp i haust blir som ein "cupfinale" for oss. Alle kampar må vi kjøre på for fullt og ta flest mogeleg poeng i for å fortsatt ha håp om 3.divisjonspel neste sesong. Spennande og fartsfylte oppgjer har hengt tett på ei snor sidan sommerpausa var over 29.juli.

Selje har tatt mange poeng i haust, kun Stryn og Dale har makta å teke i frå oss alle 3poenga. For ser vi no tilbake, kan vi være stolte av det vi har gjort. Med tæl og enorm innsatsvilje har vi bevist at vi er ingen "kasteball" og at vi er gode nok for 3.divisjon.

Etter forrige helgs snuoperasjon mot Høyanger, fikk vi endeleg oppleve at marginane bikka vår veg også. Det var godt å sjå frisparket til captain Trandal fyke i nota på overtid, og endeleg ta ein 3poenger.

Men denne kampen er no forlengst historie, lørdag er det Førde som ventar på bortebane. Eit av dei dessidert beste laga i 3.divisjon. Ingen enkel oppgåve. Men vi har bevist at ingen ting er umogeleg før. VI skal kjempe det vi er gode for når dommaren bles i gang oppgjeret på Førde Stadion lørdag kl.16.00, poeng i denne kampen er reint bonus for oss.

Om du har muligheten, ser vi deg veldig gjerne på Førde Stadion, ingen ting er meir motiverande enn å sjå og ikkje minst høyre "kjentfolk" på sidelinja.

Til kampen mot Førde manglar vi ein del spelerar, kaptein Jan Runar Trandal, Frode Nøstdal, Kenneth Pedersen, Peter Bergesen, Espen Nøstdal, Ole Refsnes, Arne Refsnes.

HEIA SELJE!

En for alle, alle for en!

Mvh, A-laget, v/Tom-Øyvind Solheim. 

 



16.09: 3.div: Sluttspurt gav Seljesiger 4-3 over Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Sep 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publikum fekk full valuta for inngangsbilletten i dagens kamp. Dei fleste trudde kampen var tapt då Høyang gjekk opp til 3-1 etter 74 min. spel. Men heimelaget ville det annleis. Tre mål det siste kvarteret, gav heimesiger og kjempestemning. 

Dette vart ein skikkeleg publikumsgodbit. Eit trufast og entusiastisk heimepublikum (162 betalande) kunne etter nokre nervepirrande sluttminutt, sleppe jubelen laus. Ei utruleg opphenting av heimelaget, gjer at draumen om 3. divisjonsspel neste sesong framleis er levande.

Selje tok leiinga alt etter 17 minutt. I mølja framfor Høyangmålet nådde Kenneth Pedersen høgast og heada inn 1-0 for heimelaget. Men i det 25 min. utlikna Høyang etter famlande forsvarsspel, Edin Agovic var sist på ballen.  Og berre to minutt etter ny Høyangscoring, også denne av den lettvinte sorten. Innlegg mot bakerste stolpe, og der stod ein umarkert Alexander P. Øen og dermed 1-2. Resten av omgangen skapte Høyang mest og var farlegast framfor mål.

I 2.omgang starta Selje best, og skapte mest sjansar men utan utteljing. Høyang scora på ein av få sjansar i denne omgangen etter 74 min. Ballen vart slått rett gjennom mot mål, Selje klarte ikkje å få ballen vekk, og i mølja framfor mål kunne Alexander P. Øen putte inn sitt andre mål for dagen. Då trudde dei fleste at kampen var køyrt.

Men heimelaget kom sterkt tilbake. Endre Kupen som kom inn etter 61 min. var frisk på venstrekanten. Den flotte scoringa i det 76. min, der Kupen frå skrått hald lobba over keeper og inn i hjørnet, tente heimelaget. Etter at Seljetrenar Ola Hove la om til tre bakerst og sette også inn Trond Hamre, vart det endå meir trykk framover. Ny scoring etter 80 min, etter eit skot av Kristoffer Hove som keeper burde redda. Selje trykte på framover, og etter 89 min fekk heimelaget frispark nærare 30 meter frå mål. Seljekaptein Jan Runar Trandal knalla til. Ballen gjekk som eit prosjektil inn i nota, og 4-3 leiing til heimelaget. Enorm jubel på og utanfor bana etter den utrulege snuoperasjonen.

Høyang fekk eit billeg frispark utanfor hjørnet av 16 meteren på overtid, men Kai Arne Otneim kasta seg fram og blokkerte skotet. Og då dommar Ragnar Åmot bles i fløyta var det ville jubelscener ute på bana. Endeleg avgjorde Selje ein kamp på slutten til sin fordel.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal

Firdastjerna: Jan Runar Trandal

Gule kort: 1 til Høyang + gult til Jan Runar Trandal

Dommar: Ragnar Åmot   Ass.dommarar: Per Olav Erikstad og Rune Haugland

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Peter Bergesen, Anders Eltvik (Trond Hamre 78 min), Kristoffer Hove, Frode Nøstdal (Endre Kupen 61 min), Jan Runar Trandal, Kennet Honningsvåg, Karl Erik Aarsheim, Kai Arne Otneim, Kenneth Pedersen.

Ubenytta reservar: Idar Taklo, Ole Andreas Solheim,  Odd Helge Losnegård, Ole Refsnes, Martin Hove.

 

 



15.09: Selje - Høyanger i morgon på Selje Idrettspark

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Sep 2006

I morgon kl.16.00 er det klart for den nest siste heimekampen for sesongen. Denne gang er det Høyanger som vitjar Selje Idrettspark.

Som alle andre kampar er dette ein "cupfinale" for oss. Vi treng alle poeng vi kan få, for å fortsatt ha håp om å stå i divisjonen. Noko som fortsatt er eit klart mål for oss spelerane, men vi veit meget godt at dette ikkje går av seg sjølv, vi skal kjempe med nebb og klør og ska ikkje selge oss billeg.

VI har reist oss etter skuffelsen forrige helg, der vi fort kunne tatt med oss alle poenga frå Refvikja til tross for at TMFK sette oss under stort press i 1.omg og delar av 2.omg. Vi har teke poeng i alle dei 4siste kampane og har visst at vi har tilvent oss nivået i 3.divisjon, og føler sjølv at det er her vi høyrer heime pr.dags.dato.

Møt opp på Stadion i morgon, DI støtte betyr veldig mykje for oss. Ingen ting er artigare enn at det er stemning på tribuna.

HEIA SELJE!



14.09: G15/16 Selje/Stadlandet - Hornindal/Stryn 5-0

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Sep 2006

I dag kl.19.00 møttest Selje/Stadlandet - Hornindal/Stryn til dyst i Selje Idrettspark. Etter ein rotete og lite velspelt 1.omgang, der heimelaget hadde overtaket, gjekk laga til pause med 0-0. I pausen vart det gjort fleire bytte og rokeringar på heimelaget.

Det gav raskt resultat, og heimelaget spelte ein glimrande 2.omgang. Flott spel og fine kombinasjonar resulterte i mange sjansar, 5 mål og ein sikker siger. Selje/Stadlandet toppar dermed tabellen med 12 poeng på fire kampar, og målskildnad på 25-1.

Mål: Endre Kupen (2), Anders Rekdal, Ole Andreas Solheim og Runar Aarsheim.

Dessverre vart Marius Kongsvoll stygt skada midt i 1.omgang. Det er i kveld konstantert brot i ankelen, og dermed gips i fleire veker for den solide midtstopparen.



12.09: Tap for Selje2/Stadlandet i toppkampen

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2006

Selje2/Stadlandet var i dag på besøk på Skavøypoll Stadion. Møte mellom dei 2topplaga i 6.div enda med 2 - 0 siger til Skavøypoll2. Dermed er årets sesong over for Selje2/Stadlandet som forøvrig har hatt ein fantastisk flott sesong.

Skavøypoll2 sikra seg dermed avdelingsigeren i avd.4 og skal ut i kvalifisering om opprykk til 5.div.

Eid2 vann sin kamp i kveld mot Veten/Hardbagg og avanserte dermed til 2.plass på tabellen. Selje2/Stadtlandet enda på ein flott 3.plass i årets sesong.

All ære til spelerane på Selje2/Stadlandet som har trena godt sesongen igjennom og virkelig har visst både god innsats og entusiasme på trening og i kamp. heile sesongen igjennom.

*Rikard Rekdal var tilbake frå skade og spelte heile kampen for Selje2/Stadlandet.

 



09.09 3.div. TMFK-Selje 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Sep 2006

Selje hadde fortent alle poenga mot TornadoMåløy i lokaloppgjeret på Refvik i ettermiddag. Selje leia 1-0 ved pause i sterk motvind, men TMFK utlikna i 2.omgang og fekk med seg det eine poenget. 

Selje starta forrykande og sette TMFK under press. Berre etter 5 minutt scora Seljekaptein Jan Runar Trandal på frispark, som han sette kontant nede i hjørnet. Dermed ei pangopning og 0-1 til Selje, til stor jubel for dei mange Seljesupporterane på sidelinja. Vi talde ikkje, men nærare halvparten av tilskodarane på kampen støtta bortelaget. Flott med supporterar som stiller opp!

Etter kvart kom TMFK seg av sjokkopninga, og i sterk medvind sette dei Seljelaget under kraftig press resten av omgangen med mange cornerar og dødballar som blei slått inn i feltet. Ein travel omgang for ein god Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, som etter dommaren si meining felte Tore Rylandsholm etter 25 min. spel og dermed straffe til TMFK. Ei svært tvilsam avgjerd frå vår posisjon. TMFK keeper Per Magne Løken sette straffa i tverrliggaren og over, og fortsatt leiing til bortelaget.

Selje hadde også ein del store målsjansar utover 1.omgang på kontringar, men fekk ikkje utteljing. Særleg Endre Kupen var ein trussel mot TMFK forsvaret og var nær scoring.

I 2.omgang var det Selje som hadde medvind. Men det var TMFK som scora. Eit gjennomspel på høgresida med påfølgjande innlegg, vart sett i mål av 15-åringen Sveinung Frantzen. Begge lag spelte seg fram til feite målsjansar utover omgangen men utan resultat. Selje var nærast å ta alle tre poenga mot slutten av kampen, men ballen ville ikkje i mål. Dermed ebba kampen ut med 1-1 og poengdeling. Eit resultat som TMFK har mest grunn å vere fornøgd med. 

Det er veldig små marginar i fotball. Selje har to uavgjorte på rad, begge i kampar som burde ha gitt 3 poeng. Med siger i desse kampane ville Selje for alvor hekta seg på i kampen i botnstriden. Men Seljelaget skal ha ros for heilhjerta jobbing, og viser at dei er på talefot med dei fleste laga i divisjonen.  

Firdastjerna gjekk til: Jan Runar Trandal, Selje

Gule kort: Kristoffer Hove, Jan Runar Trandal + 1 til TMFK

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Peter Bergesen, Anders Eltvik, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Frode Nøstdal, Jan Runar Trandal, Endre Kupen (Trond Hamre frå 76.) , Kenneth Pedersen, Karl Erik Aarsheim 

 



07.09: Spennande lokaloppgjer står for døra

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Sep 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lørdag kl.16.00 er det klart for ein skikkelig godbit i 3.divisjon. Selje reiser til Refvikja der TMFK ventar. Ein spennande kamp, der vi håpar at flest mogeleg stiller opp og heiar oss fram. Som Anders "Rykkjet" Eltvik pressiserte i forrige helgs kampprogram, det er fantastisk kjekt når Selje-publikummet jublar og lagar stemning under kampane.

Forrige helg var vi uheldige og spelte uavgjort i ein kamp vi skulle ha vunne klart etter sjansar og spel. TMFK er ubeseira på heimebane denne sesongen, og dette skal vi gjere noko med. 

HEIA SELJE!



05.09: 6.divisjon, Selje 2/Stadlandet vann 7-0 mot Veten/Hardbagg

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2006

Selje 2/Stadlandet tok ein ny siger på heimebane i kveld mot Veten/Hardbagg i 6.divisjon. Heimelaget vann solide 7-0 til slutt, etter 2-0 ved pause.

Selje 2/Stadlandet mønstra eit sterkt lag til kampen, med fleire spelarar frå 3.divisjonsstallen (Kai Arne, Kristoffer, Tom-Øyvind, Endre, Atle). Når så også dei andre på laget gjer manns jobb, var det eigentleg aldri tvil om kven som ville innkassere poenga. Noko ujamnt spelemessig, men bra flyt i periodar og då kom sjansane. Veten/Hardbagg kom også til ein del store sjansar, men vart stoppa av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim. Endre Kupen teikna seg for 4 nye scoringar i kveld, og har til saman heile 9 scoringar på dei to kampane han har spelt i årets 6.div.

Ein triveleg kamp for eit trufast heimepublikum. 

Målscorarar: Endre Kupen (4), Roger Hamre, Ove Hoddevik og Tommy Silden.

Dette var siste heimekampen, og no står berre bortekamp mot Skavøypoll igjen neste tysdag. Det er berre å gratulere spelarar, trenarar og støtteapparat med ein flott gjennomført sesong i 6.divisjon.

 



02.09: 3.div. Selje mista to poeng mot Kaupanger

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Sep 2006

Selje mista to viktige poeng i botnstriden mot Kaupanger i dag. Denne kampen hadde heimelaget fortent å vinne, men slik gjekk det ikkje. Kaupanger utlikna til 1-1 på straffe 10 min før slutt.

Det vart ein spennande kamp i Selje Idrettspark i dag framfor 161 betalande tilskodarar. Selje spelte ein god fyrsteomgang og skapte mange sjansar. Ein god Vegard Skjeldestad i Kaupangermålet heldt bortelaget inne i kampen. Men etter 39 min. i fyrste omgang fekk Selje endeleg utteljing. Trond Hamre sette inn 1-0 for heimelaget etter assist frå Kenneth Pedersen.

Selje fortsette å skape sjansar utover starten av 2.omgang, men som ofte før når eit lag pressar på utan scoring, nærmar motstandaren seg. Ei litt unødvendig straffe i det 80.minutt, sette Jørn Skjeldestad sikkert i mål og 1-1. Begge laga pressa på mot slutten av kampen for å avgjere, men det ebba ut med 1-1 og poengdeling. Eit resultat som Kaupanger hadde mest grunn til å juble for. Sjansestatistikken 9-3 til heimelaget stadfestar det.

PS!  Mot slutten av kampen kom Roger Hamre (45) inn for ein annan Seljeveteran Frode Nøstdal (44). (Desse to karane toppar adelskalenderen, og har til saman tett på 700 obligatoriske kampar for Selje). Når så guttespelaren Ole Andreas "Oen" Solheim (15) kom inn og fekk sin debut på A-laget, avslutta Selje med den eldste og den yngste spelaren i årets 3.divisjon!

Repr. for Sogn og Fjordane Fotballkrets, Rune Sunde, var til stades under kampen for å vurdere kamparrangementet. I følgje Sunde sine kommentarar etter kampen var dette svært bra, og nok til å sende Selje til topps i konkuransen mellom klubbane i 3. og 4. divisjon.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal og Peter Bergesen delte denne.

Firdastjerna gjekk til: Jan Runar Trandal, Selje

Gule kort: Gaute Otnes, Selje + to til Kaupanger

Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad                                                                       Ass.dommarar: Kjell Alme, Sandane og Tom Erik Sandal, Jølster



30.08: Neste heimekamp 3.div. laurdag kl.16.00, Selje-Kaupanger

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Aug 2006

Ny spennande heimekamp på laurdag kl.16.00, når Selje tek i mot Kaupanger. Etter to strake sigrar mot Eid og Sandane, møter vi no Kaupanger som vi tapte 4-0 for i vår. Velkommen til stadion for å hjelpe heimelaget til nye poeng. Heia Selje!



26.08: 3.div. Selje avgjorde i sluttminutta mot Sandane

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2006

Selje tok 3 nye poeng i dag etter 2-1 siger over Sandane på bortebane. Det såg ut til å gå mot 1-0 tap, men to raske scoringar mot slutten snudde kampen.

Kampen starta på verst tenkjeleg vis for Selje. Etter å ha teke avspark og spelt ballen tilbake på bana, snappa ein Sandanespelar ballen etter ein gedigen forsvarstabbe og trilla ballen forbi Seljekeeper Losnegård før 1 minutt var spelt.

Dette vart ein dårleg fotballkamp, der prestasjonane ute på bana var langt under pari, sjølv om Selje etter kvart pressa på for utlikning. Det var berre 5 minutt igjen av ordinær tid og det såg ut til å gå mot eit forsmedeleg 1-0 tap, og fyrste Sandanesiger i år. Då fekk Selje straffe, som Frode Nøstdal sette sikkert i mål. Og berre minuttet etter var Werner Kupen frampå igjen og sette inn 2-1. Werner Kupen som vart skada i forrige kamp, kom likevel inn mot slutten av kampen og var eit friskt pust på ein grå dag der berre poenga gleda. Dessverre var denne kampen den siste for Werner i  år, då han no skal operere skuldra der han vart skada i vinter.

 1-0 1min. Bjarte Skaaden

1-1  85min Frode Nøstdal (straffe)

1-2  86min  Werner Kupen

Firdastjerna gjekk til: Frode Nøstdal

Gule kort Selje: Kristoffer Hove og Kai Arne Otneim. Må sone neste kamp.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

    



Jan "Banan" Trandal

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Aug 2006

Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no



24.08: Ny spennande kamp i vente

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Aug 2006

Lørdag er det igjen klart for ny kamp i 3.divisjon. Denne gang er det Sandane som ventar på bortebane. Ingen enkel kamp og her må vi kjempe med både nepp og klør for å kapre med oss viktige poeng heim til Selje.

Vi gledar oss, og håpar at DU tek turen for å heia oss fram til nye poeng. Det gledar oss stort å høyre heiarop frå eigne supporterar på tribuna.

HEIA SELJE!



23.08: 6.div: Siger i lokalderbyet!

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Aug 2006

I går kveld var det klart for ein skikkelig godbit i Selje Idrettspark. Flatraket kom på besøk for å måle krefter med Selje2/Stadlandet.

Duellen kom Selje2/Stadlandet sigrande ut i. Og til slutt stod det 4-2 i favør heimelaget når dommer Ronny Stian Hopland satte sluttsignalet.

Måla til Selje2/Stadlandet vart skora av: Tommy Silden, Arild Myklebust, Ole Refsnes og Thomas Jørgensen.

VI gratulerer guttane, som no står med 18poeng etter denne kampen!

Neste kamp reiser Selje2/Stadlandet inn til Heia for å måle krefter.

PS! "Veterankeeper" Kjell Inge Kvamme var igjen å finne mellom stengene til 2.laget.

 



21.08: Svært velukka helg!

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Aug 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I helga vart årets Tine Fotballskule arrangert. 110barn og unge var samla for å ha det kjekt i lag, men samtidig lære nye og nyttige ting. Flinke instruktørar gjorde at utbytte av helga for dei unge vart stor.

Været var stortsett bra, med untak av eit par regnbyger. Det såg ut som at deltakarane kosa seg og fotballskulen vart avslutta med turnering. Der spelerane vart delt opp i jente og gutelag etter alder. Frankrike England, Tyskland var blant laga som spelte kampar.

Under her finner du linken til bildegalleriet frå helga, kanskje er du heldig å finner deg sjølv på nokre av bilda:

Bilde galleri frå Tine Fotballskule 2006



19.08 Flott fyrstedag på Tine Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Aug 2006

I dag har fyrste dag av årets Tine Fotballskule gått av stabelen, i strålande ver i Selje Idrettspark. Rundt 110 barn og unge har delteke. Intruktørar var a-lagsspelarar og trenarar i Selje IL. Deltakarane fekk både ei økt med teknisk trening, og ei økt med spel, der alle vart delt inn på forskjellige lag med namn etter ei rekkje toppklubbar i Europa. Deltakarane fekk også servert ein velsmakande lunch. I tillegg gjekk det unna med is og brus i kiosken.

I morgon er det andre dag,vel møtt!

 



19.09: Rensing av kunstgras bana

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Aug 2006

Etter kampen mot Eid i går, inntok kunstgrasleverandør Syntec, Selje Idrettspark. I løpet av natta har bana blitt rensa og gummien lausgjort og er no i toppstand.


19.08: 3.div. Selje - Eid 3 - 1

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Aug 2006

Stor stemning då Selje slo Eid i kveld. 

 

   Endre Kupen har nettopp ført Selje opp i 3 - 0 ledelse over Eid.

Endeleg vart det Seljesiger igjen! Etter mange kampar utan siger smakte trepoengaren himmelsk, etter heroisk innsats av heimelaget. "Vi e Selje......"

Keeper Odd Helge Losnegård vart kåra til dagens Seljespelar.    

 Klikk her for, bildegalleri frå Selje - Eid(alle foto: Stig Høynes)

Kampfakta:

18.08, kl.19.00

Selje Idrettpark

Selje - Eid 3-1 (2-0)

Tilskodarar: ca.170

Målskorarar:

1-0 Kristoffer Hove(12), 2-0 Trond Hamre(27), 3-0 Endre Kupen(75), 3-1 Sjølvmål (77)

For meir info om kampen sjå:

Fjordenes Tidende og Fjordabladet, mandag.

www.haugenfotball.no, www.fjordabladet.no, www.fjt.no, www.firda.no



3.div: Selje - Eid fredag 18. august kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Aug 2006

Ny spennande kamp i 3.div. på heimebane,  når Selje møter Eid, fredag kveld kl.19.00.  Vi møtast på stadion! Heia Selje!

 



Ola Hove(trenar)

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Aug 2006

Alder: 45

Yrke: Lærar

Yrke: Kroppsøvingslærar v/MVS

Dine forventningar til årets Selje lag: Bli eit betre lalag, stå i 3.div

Beste fotballminne: Opprykk til 3.div

Kva er det beste med å være trenar i Selje: Ein fantastisk gjeng, som det er kjekt å være i lag med.

Noko du ellers vil seie til Selje Online sine lesarar:

Støtt laget sjølv om resultatet ikkje alltid blir som ein hadde håpa!



10.08; 3div: Stryn - Selje fredag kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Aug 2006

Ei ny treningsveke er forbi, og no nærmar det seg igjen helg. Dermed ventar også ny kamp...

 

Denne helga er det Stryn vi skal kjempe mot. Kampen blir spelt på Stryn Stadion kl.19.00 i morgon.

Stryn har som kjent vist seg å være ein heit opprykkskandidat til 2.divisjon. Dei ligg på 1.plass i 3.div med 32poeng, 3poeng framfor neste mann på tabellen som er Førde.

Forrige møte i vår var av den spennande sorten. Det enda med knapp 3 - 2 siger til Strynerane.

I morgon blir det tøft, men vi er godt rusta og "gleder oss stort" til møtet med Stryn.

Håper flest mogeleg tek turen til Stryn for å følgje oss, det varmar stort.

* Frå forrige helg`s kamp mot Dale, er guttespelerane Endre Kupen, Martin Hove og Ole Andreas Solheim klare. Kenneth Honningsvåg er på ferie.

* Peter Bergesen er tilbake frå skade, medan Kristoffer Hove er usikker p.g.a. smerter i ryggen.

VI gleder oss!

HEIA SELJE!

For A-laget

Tom-Øyvind Solheim

Andre kampar i denne runden:

Runde 14
09.08.2006 Høyang 3 - 1 Dale (Sletta krøllgras)
11.08.2006 Eid - Fjøra (Eid stadion)
                 Sandane - Skavøypoll (Idrettsplassen)
                 Stryn - Selje (Stryn stadion)
13.08.2006 Tornado Måløy - Førde (Refvik stadion)
14.08.2006 Kaupanger - Sogndal 2 (Kaupanger stadion)

 



08.08: Endre Kupen show, scora 5 mål mot Eid 2!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2006

 

Selje2/Stadlandet låg under 5-2 etter 63 min av 6.div.kampen mot Eid 2 i kveld. Alle trudde kampen var tapt, men då var det duka for Endre Kupen show! Fantastiske 5 mål i løpet av dei siste 25 minutta av 16-åringen, og heimesiger 7-5!

 

Selje2/Stadlandet var godt med i fyrste halvdel av 1.omgang og scora det fyrste målet. Deretter styrte Eid 2 kampen heilt og skapte masse sjansar utover kampen. Fleire gode redningar av  Tom-Øyvind Solheim i heimemålet hindra fleire baklengs i denne perioden. Då Eid gjekk opp til 5-2 leiing etter 63 minutt, rekna alle med at kampen var avgjort.

Men siste års guttespelar, Endre Kupen som også hadde ei flott turnering til liks med laget sitt på Norwaycup, ville det annleis. Smått fantastiske 3 mål i løpet av 4 minutt snudde kampen, og deretter kom det to til. "Svimle" Eid 2 spelarar vart snurra rundt og avdribla så det var ei fryd, og alle fem måla var skikkelege perler.

Eit klart heimetap var dermed snudd til heimesiger 7-5.

 

1-0 (12 min) Jørn Tore Sande, 1-1 Anders Midthjell (35min), 1-2 (38min) Arne Morten Nydal, 1-3 (40min) Kim Svarstad, 1-4 (49min) Anders Midthjell, 2-4 (58 min) Arne Refsnes på straffe, 2-5 (63 min) Aksel Myklebust, 3-5 (65 min) Endre Kupen, 4-5 (67min) Endre Kupen, 5-5 (68 min) Endre Kupen,  6-5 (78min) Endre Kupen, 7-5 (90min) Endre Kupen.

Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll

Gult kort: Henrik Aarsheim, Selje + 1 til Eid

Rødt kort: Thomas Jørgensen, Selje 



04.08: 3 - 0 tap mot Dale

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Aug 2006

Selje reiste tomhendte heim frå Dale fredags kveld.

 

Etter ein veldig god start, burde vi minst ha skora 2mål før 10minutt var godt. Vi brente i starten 3stk 100% sjansar. Blant anna var Trond Hamre aleine med keeper, som måtte gje retur på skuddet frå Trond, på den etterfølgjande sjansen skaut Kenneth Pedersen over mål.

Dei fyrste 20minutta av kampen styrte vi, men etter kvart kom Dale meir og meir med. Dale er veldig gode på dødballar, spesielt dei lange innkasta som skapte mange farlege situasjonar inne i vår egen 16-meter.

Etter 43.min skorte Dales, Gaute Lundeland. Rett etter på var Mads Ludvig Kapstad frampå og auka Dale si leiing til 2-0.

I pausen var vi fullt bestemte på at det var mogeleg å komme inn i kampen igjen. Desverre var ikkje dette dagen vår. Og det byrjar å knipe seg til i botnen av tabellen.

Rett før trenar Ola Hove skulle til å bytte inn Roger Hamre og Arne Refsnes skora Dale igjen ved Are Gunnar Korsvoll, og dermed var kampen punktert.

Vi heng ikkje med haude av denne grunn, det er berre å sjå framover og trene godt.

Humøret og trua er viktig å halde på, og vi skal no trene godt utover veka og forbrede oss best mogeleg til fredagens kamp mot Stryn.

Kampfakta:

Dale - Selje 3-0 (2-0)

Dingemoen stadion, 190 tilskodarar

Mål:

1-0 43 min. Gaute Lundeland

2-0 45 min. Mads Ludvig Kapstad

3-0 70 min. Are Gunnar Korsvoll

Innbytte på Selje:

Werner Kupen, Arne Refsnes og Roger Hamre.



03.08: Dale - Selje i morgon kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Aug 2006

I morgon er det klart for ein tøff kamp for Selje. Vi møter Dale på Dingemoen Stadion.

Sjå les hele saken for meir tekst og info, pluss bilder frå forrige helgs oppgjer mot Fjøra.

Dette er som alle andre kamper selfølgelig ein veldig viktig kamp. "Ein 6poenger kamp"

Forrige møte med Dale i vår vann vi 3 - 2 i Selje Idrettspark, men det var då. No er det altså ein ny kamp og her får ein ingen ting gratis. Det får heller ikkje Dale med oss, vi skal kjempe med nebb og klør og håpar å få ein etterlengta 3poenger, ettersom vi var uheldige og tapte 2poeng på overtid forrige helg mot Fjøra.

Dale ser ut som dei har forbredt seg godt til haustsesongen i sommar, og har blant anna vert på treningsleir i det danske land. Forrige helg vart det tap 7 - 1 på Refvikja mot TMFK.

Sjølv føler vi at vi har fått utnytta denne veka maksimalt. Gode treningar, med høg intensitet og stor entusiasme. Vi er på gang og håpar å få ut alt i morgon.

Vi manglar ein del spelarar til morgon dagens kamp, den yngste garde Kenneth H, Endre Kupen, Martin Hove og Ole Andreas Solheim er på Norway Cup. I tillegg er Kai Arne Otneim på ferie i sydlegare strøk. I tillegg har no i kveld Peter Bergesen gidd beskjed om at han har fått konstatert betenelse i hælen og er også dermed uaktuell til i morgon.

Spelerane som tek turen til Dale i morgon er:

Odd Helge Losnegård, Tom-Øyvind Solheim, Espen Nøstdal, Anders Eltvik, Gaute Otnes, Kristoffer Hove, Kenneth Pedersen, Trond Hamre, Karl Erik Årsheim, Arne Refsnes, Jan Runar Trandal, Jon Aage Riksfjord, Frode Nøstdal.

Sjølv om det er langt til Dale, håper vi at nokon kjem til å ta turen inn for å følgje oss. Dette verdsetter vi høgt, og gjer oss ekstra entusiasme.

HEIA SELJE!

BILDEGALLERI MOT FJØRA



Bildegalleri Selje - Fjøra

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Aug 2006

Her er eit bildegalleri frå heimekampen mot Fjøra, alle bilder er tekne av

©Stig Høynes, www.haugenfotball.no.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

'

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



02.08: Selje ute av Norway Cup

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Aug 2006

Selje møtte i dag tidleg kl.09.30 Odd Grenland til 64-delsfinale på Rustad. Der vart det desverre 5 - 2 tap for guttane våre.

Selje var bra på høgde med Odd, og stillinga til pause var 2 - 2, etter at Selje lenge leda 2-1. Etter pause fekk Odd ei ny skoring, og der i frå var det Odd som styrte.

Selje har utover turneringa fått ein del skader. Og i går var det keeper Andreas Kvernevik som var uheldig. På ei klaring frå 16-meteren vart han truffet av knottane til ein motspelar. Dette enda med ei brot i eine leggbeinet og gips.

I dag måtte sjef på midtbana Kenneth Honningsvåg gje seg allereie etter 20min av kampen.

Tiltross for tap har gutane gjort ei kjempe god turnering, vi har gått til A-sluttspel og var godt med i kampen i dag og, det var tross alt 248lag med i denne gutteklassa og dermed er nivået veldig høgt, seier Atle Solheim.  Skadane svekka oss, det var heilt klart, seier Solheim vidare.

Måla til Selje vart skora av Endre Kupen og Runar Aarsheim.

I kveld er gutane samla på Champions League kamp på Ullevål, der Vålerenga møter det tsjekkiske laget Mladà Boleslav.

Fredag ventar heimreise, så i morgon skal gutane nyte dagen med evt.shopping og andre ting.



01.08: Selje klare for A-sluttspel i Norway Cup

Postet av Selje IL - Fotball den 1. Aug 2006

Selje slo i dag Nord 2 - 0 på Ekebergsletta og er dermed klare for A-sluttspelet.

Selje spelte ein kanonkamp og innsatsen var meget god.

For Selje skora: Endre Kupen og Kenneth Honningsvåg(straffe)

for meir om Norway Cup(trykk her)

 



31.07: Selje utklassa Klemetsrud

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Jul 2006

I kveld var det duka for ny kamp for Selje/Stadlandet i Norway Cup.

 

Kampen blei spelt på Ekebergsletta.

Kvar hen sigeren ville gå var det aldri nokon tvil om. Selje/Stadlandet domminerte stort og burde ha med litt større effektivitet set inn mange fleire mål. Når dommaren satte sluttsignalet sto det heile 5-0 til Selje/Stadlandet.

Målskorar for Selje var:

1-0: Martin Hove, 2-0 Endre Kupen, 3-0 Runar Aarsheim, 4-0 Kenneth Honningsvåg(straffe), 5-0 Ole Johnny Støverstein.

Eit stort skår i gleden var at Anders Rekdal pådrog seg ein kraftig hjernerystelse i ein duell. Og ligger i kveld inne på observasjon på Ullevål Sjukehus, og skal seinare i kveld på seteundersøkelse.

VI kryssar fingrane og håpar alt går bra med Anders, og ønskjer han god bedring. Vi vil komme tilbake med meir om dette i løpet av morgondagen.

Neste kamp er i morgon kl.17.00 på Voldsløkka mot Nord. Men før det ventar noko stort for guttespelerane. Anne Britt Rekdal har hatt kontakt med Kjetil Rekdal og i morgon skal spelerane på Vålerenga trening på Valle Hovin og møte alle spelerane i VIF. Ein skikkelig godbit.

Med siger vil Selje vere vidare til A-sluttspel, medan dei med tap vil mest sannsynlegvis gå vidare til B-sluttspelet, sidan Klemetsrud sannsynlegvis er ute av turneringa.

 



30.07: Tap for Selje/Stadlandet i fyrstekampen i Norwaycup

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Jul 2006

I dag vart verdens største fotballturnering blåst i gang. 30000spelarar, 1500lag frå heile 42nasjonar skal delta i ei lang og innhaldsrik veke.

Selje/Stadlandet sitt guttelag deltek og spelte sin fyrste kamp i dag på Ekebergsletta. Aafk1 var motstandar. Selje spelte ein god kamp, men Aafk putta sitt fyrste rett før pause.

Tilslutt stod det 3 - 0 til Aafk. Ein litt skuffa gjeng som spelte ein god kamp, skal i kveld på åpningskonsert på Ekeberg med mange av Noregs fremste artistar.

Turneringa er no i gang, og mulighetane er fortsatt mange tross tap i dag.



29.07: Live overføring på Selje - Fjøra

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Jul 2006

Kampen Selje - Fjøra blir sendt live i dag frå kl.14.00 på www.fjora.no


29.07: Selje - Fjøra 1 - 1

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Jul 2006

Laurdag møtte Selje, Fjøra i strålande vær i Selje Idrettspark. Nok ein  gang holdt det ikkje heilt inn for oss guttane. Fjøra fekk med seg eit poeng innatt.

 

Selje var veldig tente foran oppgjeret, og med Jan Runar Trandal tilbake på laget etter sitt låneopphald i bergensklubben Baune bidro det til at ein fekk ein enda større innsats og engasjemang blant spelarane. Kommunikasjonen kom og laget hang veldig godt saman.

Etter 39min kjem øybelikket då Selje skorar 1-0 målet. Ei perfekt langpasning i bakrommet bak forsvaret til Fjøra, frå Espen Nøstdal blir plukka fint ned av Kenneth Pedersen, som plasserar ballen sjanselaust bak Fjøra-keeper Bjarte Hovland. Hovland spelte forøvrig ein god kamp i målet til Fjøra.

Vi hang spelemessig bra med, og hadde fin balanse i laget. Og Selje gikk til pause med 1-0 leiinga, i ein omgang der vi hadde hatt mange store sjansar, blant anna eit skot frå Trond Hamre som sneik seg like utanfor stolpen.

2.omgang vart litt meir periodevis, spelarane vart tydeleg sletne av det varme været. Selje var det beste laget fram til det gjenstod 10-15.min, då kom det ein skikkelig sluttspurt frå Fjøra.

Fjøra er gode på dødballar, dette visste vi på forhånd. Og sjølv om vi klarte å rydde unna kom Fjøra 2.min på overtid.

Eit corner vart slått inn på bakerste stolpe og der stod Torbjørn Ylvisåker og heada ballen kontant i mål.

Litt typisk at vi fekk dette målet i mot på slutten og at vi ikkje sett sjansane våre. Etter mi meining burde vi ha avgjort lenge før. Men slik gikk det ikkje i dag.

Ein god kamp av Selje, og i dag løfta vi oss mange mange hakk i forhald til forrige kamp mot Skavøypoll.

Kjekt å møte Fjøra, eit kjekt lag å møte, med mange gode spelarar og gode haldningar.

VI håpar å møte dykk også neste år.

No ventar ei god treningsveke før vi på fredag tek turen til Dale. Ein knall tøff kamp, som vi skal gjere alt for å ta poeng i.

*Kenneth Pedersen spelte ein strålande kamp og vart kåra dagens heimespelar av ein lokal jury, i tillegg fekk Pedersen, Firda-stjerna.

*Werner Kupen spelte dei siste 15.minutta. Noko som var svært kjekt å sjå. Vanskelig å sjå at Werner har vert ute sida februar. Men desverre for Selje, var sannsynlegvis dette den einaste kampen Werner fikk for Selje i år, då han snart skal opererast for ein avreven brystmuskel.

HEIA SELJE!



29.07: Selje - Fjøra kl.1400 i Selje Idrettspark

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Jul 2006

Lørdag er det klart for fyrste kampen etter ferien, då er det Fjøra som står på motsatt banehalvdel i Selje Idrettspark. No tek ein lang, men fryktelig spennande haustsesong til.
Vi gledar oss stort til denne kampen og føler vi har fått trent bra i sommar. Selje har spelt ein treningskamp i sommar mot Lerwick Spurs, der vi vann 3-0.

 

   Fjøra melder på si heimeside www.fjora.no, at det sannsynligvis blir "Live-overføring"  

                                                         på kampen der.

Vi stiller med eit slagkraftig i morgon. Ekstra gledelig er det att "kongen" Jan Runar Trandal igjen drar på seg Selje drakta i morgon, etter å ha spelt haustsesongen for bergensklubben Baune.

Fjøra melder at dei reiser ut til kysten med eit bra lag, men har slite litt med skader på slutten av våren.

Etter at ein del av kampane våre på vårsesongen bikka "feil vei" for oss, håpar vi no att det blir meir poeng i haust.

Vi ynskjer alle supporterar og publikum velkommen til Selje Idrettspark i morgon kl.14.00.

PS! Vi sett også stor pris på om du brukar stemma di til å lage stemning på stadion!

Troppen i morgon:

Odd Helge Losnegaard, Tom-Øyvind Solheim, Epsen Nøstdal, Anders Eltvik, Peter Bergesen, Gaute Otnes, Jan Runar Trandal, Kai Otneim, Karl Erik Aarsheim, Kristoffer Hove, Kenneth Pedersen, Trond Hamre, Werner Kupen, Ken Olav Kupen, Ole Refsnes, Arne Refsnes, Atle Riksfjord.

HEIA SELJE!

Mvh A-laget v/Tom-Øyvind Solheim. 



Ferie på Selje Online

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Jul 2006

No reiser web-redaktørane på ferie til syden. Difor vil det i denne perioda vere lav aktivitet på heimesida vår.

God Sommer til alle våre lesarar!:)



17.08: Selje Tine-Fotballskule laurdag 19.august kl.13-17 og søndag 20.august kl.13-17

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Jul 2006

107 SPELARAR, 42 JENTER OG 65 GUTAR, ER PR. NO PÅMELDT TIL TINE FOTBALLSKULE. 

MERK AT BEGGE DAGAR SÅ VERT FOTBALLSKULEN FRÅ

KL. 13.00-17.00

Instruktørar (seniorspelarar og trenarar Selje) møter seinast kl. 12.30 for info. og fordeling av oppgåver!!!!

Invitasjon til å melde seg på til Tine-fotballskule, les heile saka.

Påmeldingsfrist søndag 13.august! Begrensa antal plassar, "fyrst til mølla gjeld....."

   

Bilde frå Tine-fotballskule i Selje 2005, miniklasser

 

                                          
TINE-fotballskule vert i år arrangert for 9.gong rundt om i Norge, med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerte fotballskule for fyrste gong i fjor. Det vart ein suksess og var veldig populært med 100 deltakarar. Selje IL har også i år gleda av å ynskje velkommen til

 

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

laurdag 19.august og søndag 20.august

ca. kl. 13.00-17.00

 

Alder: 7 år (2.klasse) – 15 år

Pris: kr. 150,- pr. spelar som inkluderer flotte premiar (Tine-ryggsekk, t-skjorte, diplom) og 1 måltid/lunch kvar dag.

 

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Fotballskulen vert avslutta med turnering.

 

Åpen kiosk. Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna.

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.n3sport.no/fotball/selje eller www.seljefotball.no

                                               For Selje IL, Fotball

                                               Atle Solheim

                                               -leiar-

 

Påmelding:

I år har vi plass til ca. 150 spelarar, og vi har gleda av å også invitere spelarar frå Stadlandet og Flatraket IL til fotballskulen.

Påmeldingsfrist er 10.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og tlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på keepergruppa.

Påmelding kan gjerast:

pr. brev til Selje IL, Fotball, 6740 Selje

eller e-mail: atles@vestdata.no

eller telefon/SMS:  99 02 80 48 (Evy Ann Hatlenes) eller 47 86 18 92 (Nina Refvik)



24.06; Selje-Skavøypoll 2-3

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Jun 2006

Nytt eittmålstap for Selje, etter 2-3 mot Skavøypoll. Stillinga ved pause var 0-2.

Skavøypoll tok leiinga allerede etter 5min spel ved Jon Martin Gil. Skavøypoll styrte omgangen og var fleire hakk betre enn Selje i 1.omg. "Gutsen" og innsatsen var desverre langt under pari.

Etter 36.min peikte dommar Kjell Heltne på straffemerket etter ein duell inn i feltet. Straffa sette Jon Martin Gil kontant i mål.

Minuttet før pause vart keeper Tom-Øyvind Solheim skada etter ein duell i feltet med Peter Orry Larsen og vart erstatta av Odd Helge Losnegård. Laga gjekk til pause i ein omgang der Selje ikkje skapte nokon store målsjansar.

Rett etter at 2.omg var i gang, utnytta Skavøypoll og Peter Orry Larsen ein misforståelse mellom forsvar og keeper og dermed var plutselig stillinga 0 - 3.

Selje reiste seg etter det og pressa Skavøypoll dei siste 30minutta av kampen. Og etter 64.min spel scora kaptein Kai Arne Otneim eit flott mål etter innlegg av Kenneth Pedersen.

Etter dette pressa Selje enda meirpå mot tydeleg sletne Skavøypoll spelarar. I det 87.min dukka Anders "Rykkjet" Eltvik og klinka ballen i mål.

Dermed var det eit håp for Selje. Fleire store sjansar, blant anna eit frispark av Karl Erik Aarsheim gjekk ikkje inn, og dermed tok Skavøypoll med seg alle poenga med i bagasjen.

Vi må berre sjå framover, og har eit stort håp om fleire poeng i haustsesongen.

Kenneth Pedersen vart kåra til heimelagets beste spelar.

Stig Tunheim Aarsheim fekk også sin debut for Selje i dag, då han starta som indreløpar på midtbana til Selje.

No tek vi sommarpause og skal trene godt. Vi gledar oss til ein spennande haustsesong.

HEIA SELJE!

Les meir om kampen på

www.firda.no

 

 

 



23.06: Selje - Skavøypoll, laurdag kl.16.00

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jun 2006

I morgon er det klart for eit nytt spennande lokaloppgjer. Denne gong er det Skavøypoll som vitjar Selje Idrettspark.

Dette er siste kampen før sommarferien, og vi håpar DU møtar opp og heiar oss fram til poeng!

                    



Bildegalleriet frå Seljecup 2006 er klar

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Jun 2006

No er endelig eit fyldig bildegalleri frå Seljecup2006 ferdig.

Bildegalleri for Seljecup

Bildegalleri for Seljecup MINI-turnering

Bildene kan du lagre ved å høgre klikke "lagre som", ber om at klubbane som ynskjer å publisere bildene på si heimeside gjer beskjed til ansvarleg om dette.© Tom-Øyvind Solheim

Håpar klubbane respekterer dette.



Jan "banan" Runar Trandal

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Jun 2006



Nye oppdateringar på heimesida er klare

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Jun 2006

No kan du sjekke været i Selje, sjå spelarportrett og mykje info om 3.div laget vårt i venstre menyen. Fleire nye ting kjem til å komme utover.

VI håpar og få klart bildegalleri og video frå Seljecup 2006 utover veka.

 

 



Trond "skilpadda" Hamre

Postet av Selje IL - Fotball den 20. Jun 2006

 

Født: 29.01.1984

                       

Posisjon: Spiss

 

Vekt/Høgd: 75/Høg som eit fly

 

Status: Hmm…

 

Yrke: Rørleggjer

 

Kva plass havner Selje på i årets 3.div: På tabellen?

 

Kven vinner 3.div 2006: Breimsbygda

 

Favorittspelar: John Helge Andersen

 

Favorittklubb: Vanlig klubb

 

Beste fotballminne: Skora 17mål mot Bremanger

 

Verste fotballminne: Mista såpa i dusjen ein gang

 

Kva er der beste med å spele for Selje: Tidenes gjeng!

 

Er de noko anna du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

Voi Voi!



Seljecup 2006; SLUTTSPEL OG TABELLAR

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Jun 2006

Sluttspel og tabellar for klasse: G13, J13, G14, J14, G15/16 og J15/16

 



Seljecup 2006; RESULTATLISTER ALLE KAMPAR

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Jun 2006

Resultatliste alle kampar fredag 16.juni

Resultatliste alle kampar laurdag 17.juni

Resultatliste alle kampar søndag 18.juni

Resultatliste alle kampar MINIKLASSER søndag 18.juni



Ny kjempesuksess for Seljecup!

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Jun 2006

Kapteinen for Herd G13 tek i mot vinnarpokalen til storjubel for sine lagkameratar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljecup 2006 vart svært vellukka. Alt har gått etter programmet, og her har berre vore blide ansikt å sjå. Veret har ikkje vore det beste, men det har ikkje skapt nokon vanskar for gjennomføringa.

Selje IL takkar dei over 200 dugnadsfolka som har stått på for å få dette kjempearrangementet vel i hamn! Fantastisk innsats!

Ny scoringsrekord for Seljecup: 2010 mål!!!!!!!

Mykje om cupen, resultat og tabellar, stort bildegalleri, cupvideo og etc. kjem utover veka..................



16.06: Sogndal2 - Selje 3 - 1

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Jun 2006

Selje tapte fredag 3 - 1 mot Sogndal2. Selje tok leiinga i kampen allerede etter 5.min på straffe ved Frode Nøstdal, etter at Karl Erik Aarsheim vart felt inne i 16.meteren. Selje var det førande laget i store delar av kampen. Men det rakna desverre dei siste 18minutta av kampen og Sogndal kunne dermed glede seg over 3 - 1 siger og 3nye poeng. 



Kai Arne "Kølla" Otneim

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

 

 

Født: 25.07.1978

 

Posisjon: Midtbane

 

Vekt/Høgd: 75/178

 

Status: Samboer

 

Yrke: Elektrikar

 

Kva plass havner Selje på i årets 3.div: 8.plass

 

Kven vinner 3.div 2006: Stryn

 

Favorittspelar: Geir Johnny Rye

 

Favorittklubb: Liverpool

 

Beste fotballminne: Opprykket til 3.div

 

Verste fotballminne: Straffebom mot TMFKL

 

Kva er der beste med å spele for Selje: Godt miljø

 

Er de noko anna du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

KOM PÅ KAMP!!!!

 

 

 



Anders ”Rykkjet/strekken” Eltvik

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

 

Født: 01.01.1984

 

Posisjon: Spiss(forsvar/midtbane) ”A potato”

 

Vekt/Høgd: 86/189

 

Status: Tidl. visekaptein

 

Yrke: Ja

 

Kva plass havner Selje på i årets 3.div: På trygg grunn

 

Kven vinner 3.div 2006: Brann

 

Favorittspelar: Peter Bergesen

 

Favorittklubb: Selje/RBK/Liverpool

 

Beste fotballminne: Eit par opprykk

 

Verste fotballminne: Då eg måtte være assisterande assistent oppmann

 

Kva er der beste med å spele for Selje: Godt miljø og frilynde folk

 

Er de noko anna du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

KOM PÅ KAMP!

 

 



Idar "Tue" Taklo

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

 

 

Født: 11.09.1973

 

Posisjon: Forsvar

 

Vekt/Høgd: 87/180

 

Status: Sann ca.samboer

 

Yrke: Saga Boat

 

Kva plass havner Selje på i årets 3.div: Havna til slutt på sikker grunn

 

Kven vinner 3.div 2006: Stryn

 

Favorittspelar: ”The King” Cantona

 

Favorittklubb: Man Utd

 

Beste fotballminne: Alle opprykka

 

Verste fotballminne: Alle nedrykka

 

Kva er der beste med å spele for Selje: Det utrulege miljøet

 

Er de noko anna du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

KEEP UP THE GOOD WORK!

 

 



Arne ”d`gåll” Bentsen Refsnes

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

 

 

Født: 05.01.1979

 

Posisjon: Spiss/midtstoppar

 

Vekt/Høgd: 90/183

 

Status: Singel

 

Yrke: Lærar

 

Kva plass havner Selje på i årets 3.div: På øvre halvdel

 

Kven vinner 3.div 2006: Stryn

 

Favorittspelar: Robbie Fowler/Tommen i dusjen

 

Favorittklubb: Liverpool

 

Beste fotballminne: Brassespark i krysset mot TMFK

 

Verste fotballminne: Raudt kort i semien i Østersundcup

 

Kva er der beste med å spele for Selje: Fantastisk gjeng(aldri trudd det om seljeværinga)

 

Er de noko anna du vil sei til Selje Online sine lesarar:

 

We aim to please

 

 

 

 

 

 



Kenneth Pedersen

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

 


Atle "Superrix" Riksfjord

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006



Lagbilde

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

f.v.Endre Kupen, Kenneth Pedersen, Espen Nøstdal, Tom-Øyvind Solheim, Kai Otneim, Odd Helge Losnegaard, Frode Nøstdal, Karl Erik Aarsheim, Gaute Otnes b.v.Ola Hove(trenar), Peter Bergesen, Trond Hamre, Arne Refsnes, Anders Eltvik, Kristoffer Hove, Atle Riksfjord, Kenneth Pedersen, Geir Johhny Rye(oppmann), John Helge Andersen(oppmann) Ikkje tilstades: Ole Refsnes, Martin Hove, Ole Andreas Solheim, Patrik Nybakk, Werner Kupen


Trenarar 6.div

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Jun 2006

f.v. Trond Grøtta, Helge Hamre, Ove Hoddevik


13.juni: Stor tap i toppkampen mot Skavøypoll2

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Jun 2006

Kvelden vart ikkje heilt som forventa for Selje2/Stadlandet i toppkampen i 6.divisjon mot Skavøypoll2 i går. Skavøypoll tok fort leiinga i kampen og leda heile 6-0 når dommar Ronny Hopland blåste til pause.

I 2.omg reiste guttane seg og fekk demma opp for målhungrige Skavøypoll angriparar. 10.min ut i 2.omg satte Arild Myklebust inn eit fantastisk trøstemål på frispark frå omlag 30meter. John Marius Granheim putta for Polljen når halvtimen var spelt. Dermed vart stillinga tilslutt 7-1 til Skavøypoll.

Alt i alt har Selje2/Stadlandet hatt ein kjempe flott vårsesong, og tek ferie med 12poeng.



Programhefte Seljecup 2006

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Jun 2006

Her finn du tider for måltid overnattande lag, program og tider for ting som skjer i løpet av helga osv.

Programhefte Seljecup 2006



Dramatikk i sluttminutta då Selje tapte mot Førde

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Jun 2006

Det vart ei svært dramatisk avslutning på 3.div kampen mellom Selje og Førde. Det såg ut til å gå mot bortesiger, då innbyttar og "evig unge" Roger Hamre kjempa inn utlikning til 2-2 i det 89. minutt.  Tett på 200 tilskodarar jubla og såg sjansen til poeng mot eit av topplaga. Men gleda varte i berre eitt minutt, då Førde noko lettvint gjekk opp til leiing 3-2 igjen. Selje gjekk i angrep, Førde kontra og på overtid scora dei sitt fjerde mål for dagen, slik at kampen enda 2-4. 

Den andre målscoraren for Selje var Frode Nøstdal, på straffe etter 49 min., som også vart kåra til dagens heimespelar. Som speaker sa det: "Kven andre lag i 3.divisjon har to målscorarar som til saman er 90 år!"

 

 

 



Heimesida vår er under utbygging

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2006

Heimesida vår er under utbygging difor kan det til tider være ting som ikkje fungerer innpå her.


Ny spennande kamp 10.juni kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Jun 2006

Laurdag er det duka for eit spennande oppgjer på Selje Idrettspark. Tabelltrear Førde kjem på besøk til Selje Idrettspark. Kampen skulle opprinneleg gå kl.16.00, men vart framskynda til 15.00.

Selje har tilgjengeleg samme troppen som mot Høyanger, med untak av Gaute Otnes. 

Vi håpar på ein flott kamp, med mykje publikum.

Møt opp og HEI oss fram til poeng i morgon! DI STØTTE er utruleg viktig for oss, kanskje er det akkurat du som får fram det ytterste i oss.

HEIA SELJE!!!!



6.divisjon: Veten/Hardbagg - Selje 2/Stadlandet 2-4

Postet av Selje IL - Fotball den 6. Jun 2006

Ny seier i kveld for Selje 2/Stadlandet på bortebane. Sluttresultatet vart 2-4 (ved pause 0-3) etter scoringar av Thomas Jørgensen (2), Henrik Aaland og Roger Hamre. Glenn Lunde gjorde eit flott comeback i mål, då ingen av keeparane var tilgjengelege til kampen.


Seljecup 2006; kampprogram er utsendt

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Jun 2006

Kampprogram og info. er no utsendt til alle lag/klubbar pr. mail. Dei som vi ikkje har mailadresse på, sender vi pr. post. Du kan også laste opp alt her frå vår heimeside.

GÅ TIL SELJECUP 2006 , her vil du finne kampprogram m.m.

Evt. spørsmål, ta kontakt: Atle Solheim tlf. 99247687 e-mail: seljecup@zet.no

 



Seljecup 2006; kampprogram utsendt

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Jun 2006

Kampprogram og info. er no utsendt til alle lag/klubbar pr. mail. Dei som vi ikkje har mailadresse på, sender vi pr. post. Du kan også laste opp alt her frå vår heimeside.

Her finn du kampprogram og info:    

Informasjon kampprogram

Kampprogram fredag

Kampprogram laurdag

Kampprogram søndag

MINI-KLASSER Kampprogram 2006

Påmelde lag og puljeoppsett

Deltakarliste

Trafikktrygge fotballklubbar

Fair Play

Evt. spørsmål, ta kontakt: Atle Solheim tlf. 99247687 e-mail: seljecup@zet.no

 



Høyang - Selje 5 - 0

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Jun 2006

Kvelden vart ikkje heilt som vi hadde håpt på i går. Med engasjamang og trua på topp frå start av var stillinga 0-0 når dommar Almenning satte pausesignalet, etter ein 1.omg der vi hadde brukbar kontroll på Høyanger. Etter pause "sovna" vi desverre heilt vekk i starten og slapp inn 4 kjappe mål. Høyanger putta eit mål til i sluttminutta og dermed vart stillinga til slutt 5 - 0.

Kampfakta www.firda.no



2.juni kl.19.00: Høyanger - Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Jun 2006

I dag ventar ein ny vanskeleg bortekamp for Selje. Turen går til Høyanger. Dette blir ein kamp der vi må krige frå fyrste sekund og fram til dommaren set sluttsignalet skal vi klare å ta med oss poeng. Høyang har 11poeng til no i årets sesong, med ein mindre kamp spelt enn Selje.

Trua vår og tenninga er på topp! Og vi skal gjere alt vi kan for å ta med oss poeng heime igjen.

Frå forrige kamp mot TMFK er Kenneth Pedersen og Ken Olav Kupen reist ut i oljen igjen, medan inn er komt Frode Nøstdal og Ole Refsnes som er spenn klare til å ta eit tak for Selje.

HEIA SELJE!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

For oppdaterte sportnyheiter frå fotballfylket www.haugenfotball.no www.firda.no  



6.divisjon: Selje 2/Stadlandet-Heia 5-3

Postet av Selje IL - Fotball den 30. Mai 2006

Selje 2/Stadlandet tok sin tredje siger for sesongen med 5-3 over Heia, etter 2-0 ved pause. Målscorarar for heimelaget var "superveteran" Roger Hamre (3), Tommy Silden og Thomas Jørgensen.  Laget reiste seg dermed etter tapet forrige veke mot Flatraket. Med 9 poeng på fire kampar har laget fått ein flott start på sesongen.


Dramatisk lokaloppgjer: Selje - Tornado Måløy 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Mai 2006

I ein spennande kamp framfor heile 291 tilskodarar, vart det poengdeling i lokaloppgjeret i 3.div. mellom Selje og Tornado Måløy i kveld. Selje var millimeter frå å få ein knallstart på kampen etter frisparket frå Karl Erik Aarsheim som small i innsida av stolpen. Deretter tok TMFK gradvis over og scora etter 30 min. spel. Etter pause var det Selje som kom på offensiven og gjennomførte ein sterk 2. omgang. Scoringa til "Kalle" Aarsheim med mottak, vending og eit velplassert skot var det klasse over. Selje trykte på for scoring og TMFK var heldige som fekk med seg eit poeng slik kampen utvikla seg. Keeper Per Magne Løken redda straffa frå Kai Arne Otneim,  og banas beste spelar Espen Nøstdal smelte ballen rett utanfor etter eit flott angrep. Les meir: www.haugenfotball.no           Kampfakta: www.firda.no

Kalle har nettopp sett inn si fantastiske skoring

    

 



27.mai kl.19.00: Selje-Tornado/Måløy

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Mai 2006

Det blir ein hektisk laurdag for mange, då det er konfirmasjon i Selje denne dagen. Beklagelegvis fekk vi ikkje lov å spele denne kampen på ein annan dag, sjølv om både trenarar, leiarar og mange spelarar er opptekne med konfirmasjon.  Vi lyt berre gjere det beste ut av det, og håpar på mykje publikum i lokaloppgjeret i 3.divisjon mellom Selje og Tornado/Måløy.  


134 lag til Seljecup 2006, 16.-18. juni

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Mai 2006

Det har også i år vore stor påmelding til Seljecup. Pr. 20.mai er 134 lag registrert. Nokre lag står framleis på venteliste for å delta.

Det er sendt ut bekreftelse til alle lag som har fått plass på Seljecup. Dersom du ikkje har motteke slik bekreftelse eller noko er feil i registreringa som er gjort, ta kontakt snarast (tlf. 99247687 eller e-mail: seljecup@zet.no).



20.mai: Kaupanger - Selje 4-0

Postet av Selje IL - Fotball den 19. Mai 2006

Selje låg under heile 4-0 ved pause i bortekampen mot Kaupanger, noko som også vart sluttresultatet. Kaupanger var det beste laget i denne kampen og vann fortent. Men Selje hadde også sine målsjansar, bl.a var Trond Hamre åleine med keeper på stillinga 1-0. I 2. omgang tetta Selje betre igjen bakover og hindra fleire baklengs.

 Kampfakta: www.firda.no

 

 



16.mai: Selje-Sandane 3-1

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Mai 2006

Selje tok 3 nye poeng etter 3-1 siger over Sandane, etter 2-0 ved pause. 1-0 var sjølvmål, 2-0 ved Kristoffer Hove og 3-0 ved Kenneth Pedersen. Selje var best og vann fortent, medan Sandane fekk eit trøstemål i sluttminutta. Heile 271 tilskodarar såg kampen og fekk ei fin opptakt til 17.mai. Espen Nøstdal vart kåra til dagens Seljespelar.

Les meir: www.firda.no 



Eid - Selje: 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Mai 2006

Selje tapte 2-0 mot Eid i kveld, etter 2-0 ved pause. Selje fekk ein dårleg start på kampen med scoring i mot etter berre 2 min. spel på Eid Idrettspark. Eit stolpeskot av Karl Erik Aarsheim, som rulla langs mållinja og ut, kunne kanskje ha løfta Seljelaget om det hadde gått inn. Men det var Eid som skapte flest målsjansar utover i kampen, og som burde hatt  fleire mål enn dei to i fyrste omgang. Selje spelte ingen god kamp, men glimta periodevis til med nokre bra angrep, som førte til eit par sjansar mot slutten. 3 guttespelarar avslutta kampen for Selje: Kennet Honningsvåg, Endre Kupen og debutant Martin Hove.   

Les meir: www.firda.no og www.haugenfotball.no

 

  



Ny 3.div.kamp fredag 12.mai!

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Mai 2006

I morgon er Selje klare til ny dyst. Denne gangen er det Eid vi skal måle krefter med. Kampen blir spelt på kunstgraset på Eid med kampstart kl.19.00.

Flott om publikum tek turen til Eid for å følgje oss. DI støtte er veldig viktig for laget og den setter vi stor pris på.

HEIA SELJE!!!

Forhåpentlegvis meir Selje jubel i morgon.



6.divisjon: Selje 2/Stadlandet - Haugen 3-1

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Mai 2006

Selje2/Stadlandet tok i kveld sin andre siger på rad i 6.div. etter å ha slått Haugen fortent 3-1. Stillinga ved pause var 2-0 til heimelaget. Målscorarar for heimelaget var Kenneth Pedersen (2) og Bjørn Erik Drabløs.

Les meir på: www.haugenfotball.no

 



Selje-Stryn 2-3

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2006

Selje tapte i kveld 2-3 mot Stryn, etter 1-1 ved pause. Målscorarar for Selje var Trond Hamre og Kai Arne Otneim (straffe). Stryn hadde flest sjansar i kampen, men Selje hadde ein kjempesjanse til å utlikne til 2-2 midt i 2.omgang, og kunne plukka med seg poeng.  I staden gjekk Stryn rett i angrep, fekk straffe og Mats Solheim sette inn sitt tredje mål for dagen. Mats Solheim vart forøvrig skada i nakken rett før kampslutt. Etter rapportane så langt ser det heldigvis ut til å gå bra. Selje IL ønsker god bedring!

God innsats av heimelaget mot ein av favorittane i årets 3.divisjon. Tett på 200 tilskodarar såg kampen i flott sommarver. Espen Nøstdal vart kåra til dagens Seljespelar.

Les meir om kampen: www.firda.no eller www.haugenfotball.no

 



3.div: Selje-Stryn fredag 5. mai, kl.19.00

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Mai 2006

Vi har fått løyve til å flytte kampen til fredag kveld, p.g.a at oppsett kamp kolliderte med gudstenesta i kyrkja på laurdag ettermiddag.

Vi håpar på mykje publikum og god stemning også mot Stryn. Vel møtt på stadion! Heia Selje!



Selje 2/Stadlandet vann over Eid 2

Postet av Selje IL - Fotball den 2. Mai 2006

I 6.divisjon fekk Selje 2/Stadlandet ein flott start på sesongen i kveld, etter 4-3 siger over Eid 2 på bortebane. Stillinga ved pause var 2-2. Målscorarar for Selje 2/Stadlandet var Arne Refsnes, Ole Refsnes (2) og Tommy Silden. Les meir på: www.haugenfotball.no



Selje - Dale 3-2

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Apr 2006

Jubel då Selje vann fortent 3-2 over Dale i dag, etter 2-0 ved pause.  Fint ver, flott ramme rundt kampen og nærare 200 tilskodarar som fekk ein festleg dag på stadion. Målscorarar for Selje var Anders Eltvik og Karl Erik Aarsheim (2), som også vart kåra til dagens Seljespelar. 



Selje-Dale, 3.divisjon laurdag kl.15.00

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Apr 2006

Då er det klart for årets fyrste heimekamp. Det er gått 19 år sidan sist Selje var i denne divisjonen. Alle gler seg til kampen. Vi håpar på mykje publikum som kan hjelpe laget til poeng. Vi kan love eit topp kamparrangement med underhaldning m.m. Velkommen!


Tap i årets fyrste kamp!

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Apr 2006

Selje i sine nye drakter

 

 

Selje tapte 4-1 mot Fjøra i Sognahallen lørdag. Etter ein veldig bra fyrste omgang, der vi hadde fleire store sjansar, gjekk laga til pause med 0-0. I 2.omg tok Fjøra over banespelet og i det 57.min skora dei dagens fyrste, Selje løfta seg etter dette og holdt Fjøra til det 79.min. Etter dette skora dei 3kjappe mål.

Trond Hamre skora for Selje med eit kanon mål i det 90.min, og pynta dermed litt på resultatet.

Fjøra var ikkje 3mål betre enn oss i denne kampen, og vi meiner vi fortjent eit poeng.

Tross tap var det mykje postivt å ta med seg videre til neste kamp, det er i Selje Idrettspark 29.april kl.15.00, då møter vi Dale, som også tapte sin fyrste kamp mot TMFK.

Vi gleder oss til Lørdag og skal bruke veka best mogeleg til å forberede oss og "reise kjerringa" mot Dale.

MØT OPP og hei oss fram til siger i årets fyrste heimekamp. HEIA SELJE!!!! 

For meir kampfakta:

www.fjora.no

www.firda.no

www.sognavis.no

 



Seriestart: Fjøra - Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Apr 2006

I dag går endeleg startskotet for årets sesong. Selje reiser til Sogndal, for å møte Fjøra, eit lag som er godt etablerte i 3.divisjon.

Etter ein lang og hard treningsvinter skal det no bli godt å komme i gang. Optimismen er stor foran debuten i 3.div, og trua er på topp. Vi skal ikkje selge oss lett. Vi skal kjempe det vi kan for å "stjele" med oss poeng heim fra Sogn.  

Vårt kjære publikum som ikkje tek turen til Sognahallen, kan følgje kampen live på Fjøra si heimeside, frå 14.00: WWW.FJORA.NO

HEIA SELJE!!!!

Kampfakta og spelarstall finn du på "les hele saken"

Kampfakta:

Bane: Sognahallen

Tid: 14.00

Fjøra - Selje

Hovuddommar: Sven Erik Midthjell

Linjedommarar: Marius Slinde og Jarle Andersen

Startoppstilling:

Odd Helge Losnegaard

Gaute Otnes    

Espen Nøstdal

Peter Bergesen

Kristoffer Hove

Kennet Honningsvåg

Kai Arne Otneim

Frode Nøstdal

Anders "Rykkjet" Eltvik

Kenneth Pedersen

Karl Erik Aarsheim

 



Selje IL ynskjer alle ei riktig God Påske!

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Apr 2006



Uheldig Selje tap mot Rollon!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Apr 2006

Selje tapte i ettermiddag 4 - 1 for 3.div laget Rollon i Selje Idrettspark.

Vi gjekk fyrst opp i leiinga etter skoring av Kenneth Pedersen. Rett etter kjem det 2 uheldige mål i mot og Rollon går til pause med leiinga. 1.omg er begge lag på det jamne.

I 2.omg styrer vi kampen fullstendig, og jaktar utlikning, med fleire store sjansar til å putte ballen i nota. Nok ein gang er vi uheldige og får i mot oss to svært ufortjente mål rundt 40.min av 2.omg. Vi tar med oss det postive frå kampen i dag, for resultatet gjennspeilar ikkje kampen i det heile tatt.

På onsdag er det "general prøve" mot Loen i Selje Idrettspark.  

For startoppstilling, kampfakta gå til les hele saken

Selje - Rollon 1 - 4 (1 - 2)

Kampstart.16.00

Selje Idrettspark

Startoppstilling:

                                   Tom-Øyvind Solheim

Kristoffer Hove, Peter Bergesen, Ole Refsnes, Gaute Otnes

Trond Hamre, Kenneth Honningsvåg, Kai Otnheim, Frode Nøstdal, Karl Erik Aarsheim

                                     Kenneth Pedersen

 

Innbyttarar:

Odd Helge Losnegard

Arne Refsnes

Idar Taklo

Endre Kupen

Dommar: Kai Inge Fløde

Linjedommar: Ronny Hopland og Steven Aaland

Tilskodarar: ca.60

 



Selje - Rollon lørdag.7.april kl.16.00

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Apr 2006

I morgon ettermiddag skal Selje ut i treningskamp mot 3.div laget Rollon, som er på treningshelg i Selje. Etter 3 tap i Eikefjord Cup forrige helg, skal vi virkelig reise kjerringa mot Rollon i morgon.

Møt opp på stadion og hei guttane fram til siger!

Heia Selje!!!!!!!

Fredagskveld spelte eit forsterka Selje2/Stadlandet mot Rollon2 i Selje Idrettspark. Der vart det 2-1 tap, etter 2 sure mål i mot i 2.omg. Anders Eltvik skora for Selje2/Stadtlandet.

 

 

 



Invitasjon til Seljecup 2006

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Mar 2006

 Invitasjonsbrosjyre til Seljecup 2006 klikk her:       

Invitasjons brosjyre 2006

Får å kunne åpne brosjyra treng du Adobe Reader .  Du kan laste det ned gratis på denne linken:

http://www.adobe.no/products/acrobat/readstep2.html

Påmeldingsskjema Seljecup 2006 klikk her:

Påmeldingsskjema Seljecup 2006

Giro betaling påmeldingsavgift klikk her:              

giro påmeldingsavgift Seljecup 2006 

Vi ventar som tidlegare år stor pågang, så ikkje vent med påmeldinga, "først til mølla.....".

Påmeldingsfristen nærmar seg, 25. april....................

Velkommen til Seljecup!

Med helsing for Seljecup 2006

Atle Solheim (tlf. 99247687)

 

 



Selje - Loen 5 - 2

Postet av Selje IL - Fotball den 11. Mar 2006

A-laget vann i dag 5-2 ein treningskamp mot Loen. Kampen blei spelt på Eid Idrettspark, sidan bana i Selje er dekt av snø.

Målskorar for Selje var: Kai Arne Otnheim, Arne Refsnes, Karl Erik Aarsheim(2) og Kenneth Pedersen.

Detaljert kampfakta og bilder frå kampen finn du på Haugen si feiande flotte heimeside:

www.haugenfotball.no 



Tre Seljespelarar til kretslagsturnering i Bergen

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mar 2006

17.-18. mars spelar tre av kretslaga til Sogn og Fjordane kampar mot Hordaland og Rogaland i Vestlandshallen.

Desse Seljespelarane er uttekne: klasse J91 Susanne Vatnehol, klasse G91 Ole Andreas Solheim og i klasse G90 Kennet Honningsvåg.

Vi gratulerer spelarane og ynskjer dei lukke til i Bergen!

Les meir på SFFK si heimeside: www.sffk.no

 

 



Levert av IdrettenOnline